Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Hudavdelinga

Hudavdelinga på Haukeland universitetssjukehus er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Hovudoppgåva våre er å diagnostisere og behandle hudsjukdomar og seksuelt overførte infeksjonar. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande.

Hudavdelinga tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Avdelinga driv undervising og forsking innan hud- og veneriske sjukdommar.
Avdelinga er regionsjukehus for Vestland og Rogaland og universitetsklinikk i hud- og seksuelt overførte sjukdomar. Samstundes har avdelinga lokalsjukehusfunksjon for Bergen og tilstøytande kommunar. 
 

Ein-til-ein samtalar

  • Eksemsamtale
  • Psoriasissamtale
  • Handeksemsamtale
  • Startsamtale ved lysterapiavdelinga
  • Opplæringssamtale ved start av biologiske medisinar
  • Innkomstsamtale ved infusjonsbehandling – biologiske medisinar
  • Informasjonssamtalar til «drop-in» pasientar ved klinikk for SOI–avdeling for seksuelt overførbare infeksjonar
  • Informasjonssamtalar til dagpasientar/hotellpasientar
  • Pasient som møter på hudpoliklinikk til kontroll eller oppstart av behandling
  • Pasientinformasjon hudbehandlingar, fotodynamisk terapi og laserbehandling
  • Pasientopplæring ved behandling av kroniske sår

Grupper

  • Eksemkurs
  • Hudsjukdom – «Å leve med hudsjukdom»

Planlagt rettleiings– og opplæringstilbod

Eksemsamtale: Ein–til–ein samtale med foreldre som har barn med AD (atopisk dermatitt). Barnet er med til samtalen. Foreldre/barn har vore hos hudlege ved Hudavdelinga veker før og fått ordinert eit behandlingsregime.


Psoriasissamtale: Ein–til–ein samtale med unge/vaksne som har psoriasis. Pasienten har tidlegare vore til hudlege ved Hudavdelinga eller hos annan hudlege.


Handeksemsamtale: Ein–til–ein samtale med unge/vaksne med handeksem. Pasienten har tidlegare vore hos hudlege ved Hudavdelinga eller hos annan hudlege.


Startsamtale ved lysterapiavdelinga: Ein–til–ein samtale. Tilbodet er til pasientar som skal starte med lysbehandling.


Informasjonssamtaler med dagpasientar/hotellpasientar: Pasientar som bur heime eller på hotell i behandlingsperioden. Kjem dagleg til Hudavdelinga for behandling. Vanlegvis 3 vekers behandlingsforløp.


Opplæring i førebygging og eigen behandling av nye sjukdomsutbrot: Målsettinga er at pasienten får auka kunnskap til å praktisere eigen behandling for å utsetje eller unngå sjukehusopphald.


Opplæringssamtale ved start av biologisk medisin: Ein–til–ein samtale. Tilbodet er til pasientar som skal starte med ny medisin og skal administrere injeksjonen sjølv.


Innkomstsamtale før infusjon av biologiske medisinar: Ein–til-ein samtale hos sjukepleiar like før planlagt infusjon. Går gjennom standardisert sjekkliste for å utelate infeksjonar eller andre forhold som utelater infusjon.


Informasjonssamtale til «drop-in pasientar» ved klinikk for SOI–avdeling for seksuelt overførte infeksjonar: Ein–til–ein samtale der sjukepleiar informerer om behandlingsregime, korleis førebygge og unngå nye infeksjonar. Gjer smittesporing.


Pasientinformasjon til spesifikke hudbehandlingar:

  • Fotodynamisk terapi
  • Laserbehandling
  • Sårbehandling
  • Skabbehandling
Innhald i ein «Ein–til–ein samtale»:
Innhald blir bestemt ut ifrå pasienten sitt aktuelle behov der og då. Det kan vere gjennomgang av behandlingsregime, oppklaring av informasjon etc.

Avdelingsdirektør Alf Henrik Andreassen
Seksjonsoverlege Ingeborg Bachmann
Seksjonsoverlege Dag Sollesnes Holsen
Seksjonsleiar Camilla Syvertsen
Seksjonsleiar Kristina Maria Borge
Seksjonsleiar kontor Else Karin Fossøy Synnevåg

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus
Hudavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73

Kurs og møter

  • Eksemkurs for pårørande til barn med eksem
    Kurset gir kunnskap og informasjon om sjukdommen for å meistre livet med diagnosen betre. Du får også moglegheit til å utveksle erfaringar med andre i same situasjon.
    Eksemkurs for pårørande til barn med eksem
    10.
    april
    2025
    Fleire datoar
  • Hudsjukdom
    Digitalt kurs for pasientar som har ein hudsjukdom og deira pårørande.
    Hudsjukdom
    Dato kjem

Informasjon om tredje dose koronavaksine

Folkehelseinstituttet har besluttet at enkelte personer med svekket immunforsvar skal tilbys en 3. dose med covid-19-vaksine.
Se hvem det gjelder
.

Sårbehandling

Her kan du sjå filmar om sårbehandling og sårstell. Filmane er meint som informasjon til helsepersonell.
Sjå filmane
En blå skjorte på en seng

Skabb

Skabb er ein midd som gir svært sterk kløe. Den smittar ved direkte hudkontakt, seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar. Her kan du lese om korleis skabb skal behandlast.
Les meir
Kvinne klør

Brosjyrer og informasjonsskriv

Sjå våre brosjyre om hudsjukdommar.
Sjå alle brosjyrane våre