Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eksteriør bygg Region Nordhordland Helsehus. Foto

Hudpoliklinikk Knarvik

Vi har tilbod om konsultasjon hos hudspesialist og lysbehandling (UV-behandling) for kronisk hudsjukdom, t.d. psoriasis og eksem.

Opningstid Hudpoliklinikken i Knarvik  

Måndag–fredag kl. 08.00–15.00. (Stengt mellom 11.15 og 12.00)

  • Fastlegen din må tilvise deg til hudlege for at du skal få time.
  • Det er hudlege som ordinerer lysbehandling. 
  • Du må avtale time for kvar lysbehandling.

Vi tilbyr følgande behandlingar i Knarvik

TL01 helkropp, kombilys UVA/UVB helkropp, TL01 hender og føtter, UVB lyskam, PUVAsamt poliklinisk Goeckermannsbehandling.  Vi tilbyr også eksem- og psoriasissamtale.

Personar med lufvegssymptom, eller som er i karantene, kan ikkje få behandling.  Les meir om timeavtale og besøk 

Telefon

  • Hud poliklinikk i Knarvik, telefon  55 97 08 17, måndag–fredag kl. 08.00-15.00 (Stengt mellom kl. 11.15 -12.00).
  • Hud poliklinikk ved Haukeland, telefon  55 97 39 50, måndag-fredag kl. 08.00– 15.30

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Hudavdelinga, Hudpoliklinikk Knarvik Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hudpoliklinikken i Knarvik finn du i 2. etasje i Region Nordhordland Helsehus. 



Eksteriør Region Nordhordland helsehus. Foto

Region Nordhordland helsehus, Knarvik

Kvassnesvegen 40

5914 Isdalstø

Praktisk informasjon

For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.

Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:

  • lysbehandling
  • sårskift
  • grensestrålebehandling
  • iontoforese
  • smøre- og badebehandling (inkl. behandling av hovudbotn)
  • eksem-skule / handeksem-skule

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velge å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/uten ekstra kostnader for deg.

Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).

Les meir om eigendelar og betaling på sjukehus og poliklinikk på helsenorge.no

Fleire og fleire avdelingar på sjukehuset får nå ny digital løysing for korleis du som pasient registrerer deg og betalar. Denne avdelinga har nå tatt i bruk denne nye løysinga. 

Du registrerer at du er komen til sjukehuset enten via tekstmeldinga du får frå oss eller ved å vende deg til resepsjonen i Hudpoliklinikken. Om du skal ta blodprøve kan du også registrere dette sjølv i dei avdelingane kor det er utplassert automater. Du kan framleis få hjelp i resepsjonen om du ønskjer det.

Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velje å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/utan ekstra kostnader for deg. 

Les meir om innsjekk og betaling

Skabb

Skabb er ein midd som gir svært sterk kløe. Den smittar ved direkte hudkontakt, seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar. Her kan du lese om korleis skabb skal behandlast.
Les meir
Kvinne klør