Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Gruppebilde to smilende menn og en kvinne, kledd i hvite uniformer i sykehus. Foto

Hud og revmatologisk sengepost

Hud og revmatologisk sengepost diagnostiserer og behandlar pasientar som treng å vere innlagt i sjukehus grunna dårleg funksjon, alvorleg sjukdom eller behov for høgspesialisert behandling. Her foregår lengre medisinsk utgreiing og behandling av dei sjukaste pasientane. Vår sengepost er moderne og har 15 sengeplassar fordelt på enkelt-, dobbelt- og trippeltrom. Alle rom har eige bad/toalett. Vi har også utgreiing og behandling av dagpasientar med revmatisk sjukdom.

I tillegg til legar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar og postsekretær er det tverrfaglege teamet i avdelinga samansett av ergoterapeutar, fysioterapeutar, sosionom og farmasøyt. I tillegg har vi samarbeid med ernæringsfysiolog.

Ved innlegging får du ein pasientansvarleg lege og sjukepleiar. Desse har ansvar for behandling og pleie, og følgjer deg opp under heile opphaldet. Andre legar og sjukepleiarar vil også delta i behandling og pleie, men vi prøver å sikre mest mogleg kontinuitet.

Informasjon til deg som skal innleggast

  • Når du kjem til avdelinga blir du motteken av sjukepleiar og lege. På innleggingsdagen kan det bli noko ventetid.  Du vil få nærmare beskjed om tid for oppmøte.Undersøkingar kan vere bestilt på førehand og starte same dag
  • Lengda på opphaldet kan variere frå få dagar til fleire veker
  • Du får fire måltid dagleg. Frukost kl. 08.00-09.00, lunsj kl. 12.00-13.00, middag 16.00-17.00 og kvelds 19.00-20.00.

 

Til innlegginga må du ta med deg:

  • Liste over alle medisinar som du brukar
  • Oversikt over undersøkingar du ev. har gjennomgått på andre avdelingar (t.d. røntgen dei siste par åra)
  • Namn på fastlege
  • Minst mogleg verdisaker og kontantar. Sjukehuset kan ikkje ta ansvar for verdiar
  • Toalettsakar, tøy osv.

Seksjonsleiar: Nina Helen Alsaker Bergsvik

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

 3. etasje i Hudbygget, Jonas Lies vei 73