Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Lysterapiavsnittet

Ved Lysterapiavsnittet har vi tilbod om fleire ulike behandlingar. Pasientar må ha tilvising til Hudavdelinga frå fastlegen for å kunne starte behandling hos oss.

Det er hudlegen som avgjer om og kva type behandling den enkelte pasient skal ha. Dei som kan ha effekt av lysbehandling er personar med ulike typar eksem, psoriasis og ein del andre hudsjukdomar.

Kva er lysbehandling?

Lysbehandling betyr at du får behandling med ultrafiolett lys på huden. Dette er en medisinsk behandling forordnet av lege. Lysbehandlingen reduserer betennelsesfremmende celler, reduserer celledelingen og har en immundempende virkning i huden. Behandlingen gir også økt pigmentering (brunfarge) og fortykkelse av huden. Lysbehandling kan bestå av enten av en kombinasjon av langbølget (UVA) og kortbølget (UVB) ultrafiolett lys, eller bare kortbølget lys (UVB-TL01).  

Kva kostar behandlinga?

Behandlinga kostar per i dag kr 386,- for kvar behandling, inntil du har nådd taket for frikort. I tillegg kjem eit eingangsbeløp på kr 75,- som dekker diverse utstyr.

Kor mange behandlingar er vanleg?

Lege ordninerer lysbehandlinga, vanlegvis omtrent 20-30 behandlinger i ein gitt periode. Behandlinga bør fullførast fortløpande utan lange opphold.

Korleis går behandlinga føre seg?

Kvar behandling kan ta frå nokre sekundar til fleire minuttar avhengig av kva type behandling du får. Behandlingane krev timebestilling.

Førebuing til behandling

Om huda di treng forbehandling før oppstart med lysbehandling (f.eks. ved plakk-psoriasis) vil du få informasjon om dette ved oppstart.  Lysbehandling kan gjere huden tørr. Bruk gjerne fuktighetskrem minst to ganger daglig.

Vi tilbyr følgande lysbehandlingar:

  • UVA heilkropp
  • UVB heilkropp, hender, føter, sittelys
  • TL01 heilkropp, hender, føter
  • UVA / TL01 heilkropp
  • UVA1 heilkropp
  • PUVA heilkropp, hender, føter (lokal / systemisk)
  • Høgspektra UVB hender, føter
  • Grensestrålar
  • Iontoforese
  • Lystestar

Kontakt

Telefon

Alle som skal bestille time for lysterapi må ringe 55 97 39 50. Timebestillinga er open måndag-fredag i tidsrommet 08.00-15.30.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Lysterapien ligg i 2. etasje i hudbygget. Same inngang som Hudpoliklinikken.