Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Seksuelt overførbare infeksjons­sjukdommar (SOI) poliklinikk

Poliklinikken for Seksuelt overførbare infeksjonar (SOI) er eit lavterskeltilbod i spesialisthelsetenesten, og har drop-in tilbod. Vi tar også imot tilvising frå fastlege. Her diagnostiserar, behandlar og informerer vi om seksuelt overførbare sjukdomar. Vi har både lege og sjukepleiar som tar konsultasjonar, og vi vurderer kven du har behov for å kome til.

Du kan møte på poliklinikk for SOI for å bli testa eller få utlevert utstyr til heimetest. Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi rår deg til å komme tidleg. Ver merksam på at inntak av pasientar kan bli stoppa tidlegare ved stor pågang. Du kan trekke kølapp frå kl. 08.00. 

Bestilling av heimetest

Du kan også få tilsendt gratis prøveutstyr for heimetest for klamydia og gonoré.

Bestillingsskjema for prøveutstyr til heimetest for klamydia og gonoré (helsenorge.no)

Informasjon om prøvetaking og innsending ved heimetest av klamydia og gonoré

Prøvesvar

Alle som har vore på poliklinikken og testa seg vil bli kontakta per telefon dersom sjukdom blir påvist. Dette gjeld også ved heimetest. 

Smittesporing

Dersom klamydia eller gonoré blir påvist, er det lovpålagd med smittesporing (Smittevernloven). For klamydia kan vi ordne både smittesporing og behandling via telefonkonsultasjon. Dersom gonoré blir påvist, må du møte til utvida undersøking og behandling på SOI-poliklinikken.

Kontakt

Telefon

Telefon - generelle spørsmål

55 97 39 62
  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag 08:00 - 14:30
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 09:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Telefon - medisinske spørsmål og prøvesvar

55 97 39 60
  • Måndag 10:00 - 14:00
  • Tysdag
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 10:00 - 14:00
  • Onsdag
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
  • Torsdag
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 10:00 - 14:00
  • Fredag
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
    • 09:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå inn hovudinngang i Hudbygget. Ved ekspedisjonen tar du til høgre og du finn SOI-poliklinikken lengst ned i gangen. 

Vi har kølappsystem og ingen timebestilling. Vi råder deg til å komme tidleg, og du kan trekkje kølapp frå kl. 08.00. 

Opningstider

  • I dag 09:15 - 14:00
  • Måndag 08:00 - 14:00
  • Tysdag 08:00 - 14:00
  • Onsdag 08:00 - 14:00
  • Torsdag 08:00 - 14:00
  • Fredag 09:15 - 14:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Heimetest for klamydia og gonoré

Test deg gratis for klamydia og gonoré heime. Du kan vere smitta utan å vite det.
Les meir om heimetest
To smilande unge gutar, ein med mobiltelefon, og ei jente. Illustrasjonsbilde.

Gode råd for kondom

Her gir vi deg gode råd for bruk av kondom.
Les meir

Brosjyrar og informasjonsskriv

Sjå våre brosjyrar om hudsjukdommar.
Sjå alle brosjyrane våre
Hylle med blader