Nettverk Helse Førde
Nettverket i Helse Førde føretaksområde er basert på ein delavtale mellom 17 kommunar i Vestland fylke og Helse Førde. Det er etablert eit samarbeid mellom Kreftforeningen, Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest og Helse Førde for å drifte nettverket.
Nettverket består av eit sjukepleiarnettverk. Nettverket er organisert med ei styringsgruppe og ei driftsgruppe. Nettverket har ein årleg fagdag.
Nettverket av ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling i Helse Førde føretaksområde består av omlag 100 sjukepleiarar. Det er ressurssjukepleiar i alle kommunar og på sjukehusavdelingar som behandlar kreftpasientar eller andre pasientar som treng lindrande behandling.
Sjukepleiarnettverket er delt opp i fire lokale nettverksgrupper. Ei driftsgruppe med representantar frå dei fire lokale nettverksgruppene og samarbeidspartane i nettverket har ansvar for samlingar og rutinar knytt til nettverksarbeidet i samsvar med vedtatt kompetanseplan.
Pallnet. Register over ressurspersonar i nettverket
Lokale nettverksgrupper
Samhandling om kreftpasientar
Helse Førde inviterer til seminar for legar, fysioterapeutar og ergoterapeutar som arbeider med kreftpasientar. Dagen er eit samarbeid mellom Helse Førde og kommunehelsetenesta.