Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
En mann og en gravid kvinne som står i et føderom

Kvinneklinikken KK

Kvinneklinikken tek årleg i mot mellom 4000 og 4500 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tek vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 500 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Innleggingstelefon for fødande 55 97 22 00

Ring før du reiser til oss

Information in English: 

Please call BEFORE coming to hospital. Phone number: 55 97 22 00

 

Kvinneklinikken i Bergen (KKB) er ei av dei største føde/barseleiningene i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året. Klinikken har òg ein stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar. Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar og har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar. 

Målet for arbeidet vårt er å gi eit fagleg tilbod med god kvalitet innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt. Vi satsar mykje på kvalitetsarbeid, forsking og systematisk fagleg utvikling for til ei kvar tid å kunne tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.

 

Det var 4 472 fødslar på Kvinneklinikken (KK) i 2024. I gjennomsnitt blir det fødd om lag 12 barn her kvart døgn. Variasjonen er frå 5 – 25 barn per døgn. Tabellen under viser utviklinga i fødetal på KK frå 2014 -2024.   
Diagram, søylediagram
Fødselstall ved Kvinneklinikken i Bergen
 

Her kan du lese meir om korleis fødetilbodet er i Glasblokkene, etter at KK flytta dit  hausten 2023:
Slik blir framtidas føde- og barseltilbod på Haukeland - Helse Bergen (helse-bergen.no)

Vi arbeider målretta for å vedlikehalde og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt, og skal halde fram med å vere ein attraktiv arbeidsplass også i framtida. På Kvinneklikken arbeider om lag 500 høgt kvalifiserte fagfolk. Undervisning av studentar frå høgskular og universitet er ein viktig del av oppdraget vårt.

Alle våre stillinger lyses ut i Webcruiter. 

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har eit samarbeid med Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar, Tanzania. MMH er det største sjukehuset på Zanzibar med 500 sengeplassar, og er direkte underlagt helsestyresmaktene på Zanzibar.

Les meir om Zanzibar-prosjektet

Klinikkdirektør Lorentz Erland Linde
Assisterande klinikkdirektør Martha Svarstad Vadset
Administrasjonssjef Anita Mellingen

 

Fødeavdelinga

Gynekologisk avdeling

Forsking ved Kvinneklinikken

Metodebok for helsepersonell

Kontakt

Telefon

Innleggingstelefon for fødande | Admission line for women in labour

55 97 22 00
Ring før du reiser til oss | Please call before coming to hospital

Resepsjon Kvinneklinikken

55 97 42 00
Telefonen er betjent alle dagar kl 07.30 - 21.

Telefaks

55 97 15 59

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Glasblokkene 5 - 8, Haukelandsbakken 1

Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 07.30-21.00 i helg/heilagdagar.

Situasjonen ved Gynkreft

Alvorleg kreftsjukdom rammar pasientar og pårørande hardt og brutalt. At situasjonen på KK har gitt desse pasientane auka bekymring og redsel, er vi veldig leie oss for. 
Pasientar og tilsette på KK skal vere trygge
Hage utenfor Glasblokkene

      Brukarundersøking om fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken

      Har du fødd eit barn på Haukeland universitetssjukehus i løpet av dei siste 6 månadane? inviterer Kvinneklinikken deg til å delta i ei spørjeundersøking der du kan dele erfaringane dine. 

      Brukarundersøking om fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken
      En mann og kvinne med en baby

      Vårt føde- og barseltilbod i Glasblokkene på Haukeland

      Kvinneklinikken finn du no i Glasblokkene. I det nye og moderne sjukehuset har fødekvinnene og dei nyfødde fått eit heilskapleg tilbod tilpassa kvar enkelt.

      Slik blir framtidas føde- og barseltilbod på Haukeland
      Flyfoto av Glasblokkene

      Forsking på KK

      Det er høg forskingsaktivitet på Kvinneklinikken. Nokre av satsingsområda våre er forsking innan fostermedisin og kreft, og registerforsking i samarbeid med Medisinsk fødselsregister og Kreftregisteret. Våre forskingsresultat vert publisert i nasjonale og internasjonale tidskrift og databasar.
      Les meir om forskingsaktiviteten på KK
      Prøveglass på laboratorium. Foto

      Smertelindring ved fødsel

      Eit nytt samvalsverktøy gir informasjon om dei ulike smertelindringsmoglegheitene som finst i Noreg, og omhandlar også fordelar og ulemper ved dei ulike alternativa.
      Les meir
      Dette bildet mangler alt-text​KK fødsel smertelindring_600.jpg

      Samtalar om seksualitet for kvinner

      Forholdet mellom kropp og seksualitet er tett, og det er ikkje uvanleg å få eit annleis forhold til seksuallivet når kroppen blir endra. Gjennom samtalar kan du få auka innsikt og forståing for din eigen situasjon. Sexologen kan gi råd i forhold til dei utfordringane som du opplever.
      Les meir om sexologisk rådgiving
      Grafisk illustrasjon av sittande kvinne

      Slit du med å bli gravid?

      Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. Dei tre mest vanlege årsakene er nedsett sædkvalitet, skada eggledarar og eggløysingssvikt. Vi tilbyr utgreiing og behandling til par med ufrivilleg barnløyse.
      Les meir om assistert befruktning
      En gutt smiler mot en jente. Foto

      Innovasjonsprosjekt ved KK

      Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia
      Les meir om innovasjonsprosjekta på KK
      Gravid kvinne med smarttelefon. Foto

      Gyn-pasientar til Voss

      Om du får tilvising til Gynekologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), kan du òg få tilbod om time på Voss sjukehus.
      Les meir om ordninga
      Bilde av venterom