Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
En mann og en gravid kvinne som står i et føderom

Kvinneklinikken KK

Kvinneklinikken tek årleg i mot mellom 4000 og 4500 fødande. I tillegg til å vere lokalsjukehus for Bergen og omland, tek vi imot fødande med komplikasjonar i svangerskapet frå heile Vestlandet. Vi har også eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar generelt. Vi er rundt 500 medarbeidarar ved Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.

Innleggingstelefon for fødande 55 97 22 00

Ring før du reiser til oss

Kvinneklinikken har flyttet til Glasblokkene. Du finn meir informasjon på flyttesidene. 

Information in English: 

Please call BEFORE coming to hospital. Phone number: 55 97 22 00

 

Kvinneklinikken i Bergen (KKB) er den nest største føde/barseleininga i Noreg, med mellom 4000 og 4500 fødslar i året. Klinikken har òg ein stor gynekologisk avdeling der vi har eit breitt tilbod innan utgreiing og behandling av kvinnesjukdommar. Klinikken har nasjonalt behandlingsansvar for gynekologiske fistlar og har regionansvar for behandling av gynekologiske kreftsjukdommar. 

Målet for arbeidet vårt er å gi eit fagleg høgverdig tilbod innan fødselshjelp og kvinnesjukdommar til kvinner i vårt nedslagsfelt. Vi satsar mykje på kvalitetsarbeid, forsking og systematisk fagleg utvikling for til ei kvar tid å kunne tilby pasientane våre den aller beste behandling og oppfølging.

 

Det var 4 248 fødslar på Kvinneklinikken (KK) i 2023. I gjennomsnitt blir det fødd om lag 12 barn her kvart døgn. Variasjonen er frå 5 – 25 barn per døgn. Tabellen under viser utviklinga i fødetal på KK frå 2015-2022, fordelt på dei tre fødeeiningane som var på "Gamle KK": Føde A, Føde B og Føde C Storken.  

Tabell som viser fødsler ved Kvinneklinikken fra 2015 til 2022 fordelt på fødeenhet

 

Totalt tal på fødslar ved Kvinneklinikken per år i same periode:

2015: 5259
2016: 5221
2017: 4881
2018: 4693
2019: 4580
2020: 4498
2021: 4709
2022: 4320
2023: 4248

Her kan du lese meir om korleis fødetilbodet er i Glasblokkene, etter at KK flytta dit  hausten 2023:
Slik blir framtidas føde- og barseltilbod på Haukeland - Helse Bergen (helse-bergen.no)

Vi arbeider målretta for å vedlikehalde og vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet vårt, og skal halde fram med å vere ein attraktiv arbeidsplass også i framtida. På Kvinneklikken arbeider om lag 500 høgt kvalifiserte fagfolk. Undervisning av studentar frå høgskular og universitet er ein viktig del av oppdraget vårt.

Haukeland Universitetssjukehus (HUS) har eit samarbeid med Mnazi Mmoja Hospital (MMH) på Zanzibar, Tanzania. MMH er det største sjukehuset på Zanzibar med 500 sengeplassar, og er direkte underlagt helsestyresmaktene på Zanzibar.

Les meir om Zanzibar-prosjektet

Klinikkdirektør Susanne Albrechtsen
Assisterande klinikkdirektør Martha Svarstad Vadset, for tiden fungerande klinikkdirektør
Klinikkoverlege Lorentz Erland Linde 
Administrasjonssjef Anita Mellingen

 

Fødeavdelinga

Gynekologisk avdeling

Forsking ved Kvinneklinikken

Metodebok for helsepersonell

Kontakt

Telefon

Innleggingstelefon for fødande | Admission line for women in labour

55 97 22 00
Ring før du reiser til oss | Please call before coming to hospital

Resepsjon Kvinneklinikken

55 97 42 00
Telefonen er betjent alle dagar kl 07.30 - 21.

Telefaks

55 97 15 59

Postadresse

Helse Bergen HF
Haukeland universitetssjukehus
Kvinneklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Glasblokkene 5 - 8, Haukelandsbakken 1

Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå
07.00 - 21.00, og frå 07.30-21.00 i helg/heilagdagar.

Brukarundersøking om fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken

Har du fødd eit barn på Haukeland universitetssjukehus i løpet av dei siste 6 månadane? inviterer Kvinneklinikken deg til å delta i ei spørjeundersøking der du kan dele erfaringane dine. 

Brukarundersøking om fødsels- og barselomsorga ved Kvinneklinikken
En mann og kvinne med en baby

Forsking på KK

Det er høg forskingsaktivitet på Kvinneklinikken. Nokre av satsingsområda våre er forsking innan fostermedisin og kreft, og registerforsking i samarbeid med Medisinsk fødselsregister og Kreftregisteret. Våre forskingsresultat vert publisert i nasjonale og internasjonale tidskrift og databasar.
Les meir om forskingsaktiviteten på KK
Prøveglass på laboratorium. Foto

Samtalar om seksualitet for kvinner

Forholdet mellom kropp og seksualitet er tett, og det er ikkje uvanleg å få eit annleis forhold til seksuallivet når kroppen blir endra. Gjennom samtalar kan du få auka innsikt og forståing for din eigen situasjon. Sexologen kan gi råd i forhold til dei utfordringane som du opplever.
Les meir om sexologisk rådgiving
Grafisk illustrasjon av sittande kvinne

Slit du med å bli gravid?

Kvart tiande par i fruktbar alder er ufrivillig barnlause. Dei tre mest vanlege årsakene er nedsett sædkvalitet, skada eggledarar og eggløysingssvikt. Vi tilbyr utgreiing og behandling til par med ufrivilleg barnløyse.
Les meir om assistert befruktning
En gutt smiler mot en jente. Foto

Innovasjonsprosjekt ved KK

Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia
Les meir om innovasjonsprosjekta på KK
Gravid kvinne med smarttelefon. Foto

Vil du jobbe på Kvinneklinikken?

KK er på jakt etter nye, dyktige medarbeidarar. Hos oss jobbar mange yrkesgrupper saman for kvinnehelse

Sjå våre ledige stillingar
Et par kvinner i blå skjorter

Gyn-pasientar til Voss

Om du får tilvising til Gynekologisk avdeling på Haukeland universitetssjukehus (HUS), kan du òg få tilbod om time på Voss sjukehus.
Les meir om ordninga
Bilde av venterom