Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Et par personer som går utenfor en bygning

Barne- og ungdomsklinikken

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) ved Haukeland Universitetssykehus ivaretar barn og unge med akutte og kroniske sjukdommer til dei er 18 år. BUK er regionsykehus på Vestlandet og er førande i behandling av barnesjukdomar, har eit breitt tilbod innan utreiing og behandling av sjukdom, og ivaretek både lokale, regionale og nasjonale oppgåver innanfor pediatri. BUK samarbeider tett med dei andre klinikkane på sykehuset, med kommunar og legevakter, med barneavdelingane på Vestlandet, og med andre avdelingar nasjonalt og internasjonalt.

Barne- og ungdomsklinikken er regionsjukehus for Helseregion Vest, og er førande i behandlinga av barnesjukdommar. Klinikken skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenester for barn og unge inntil fylte 18 år.

BUK har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande muligheter for framtida.
BUK har 67 senger (fleire i infeksjonssesongen) fordelt på fem seksjonar: Nyfødd intensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar. Det er mange faggrupper tilsett hjå oss, og vi arbeider saman – i team.

BUK sin visjon
•    God barnehelse gir eit godt grunnlag for eit godt liv
•    Barn og unge skal ha like god, trygg og høgspesialisert behandling som vaksne 
•    Barn og unge og pårørande skal få ei fagleg god og omsorgsfull tjeneste, og skal få utgreiing og behandling i tilrettelagte omgjevnader

  • Klinikkdirektør, Maria Vollsæter
  • Assisterende klinikkdirektør, Magne Juuhl
  • Seksjonsleiar stab, Anne-Jorunn Langeland
  • Seksjonsleiar Lege, Karin Tylleskär
  • Seksjonsleiar Lege, Ninnie Oehme
  • Seksjonsleiar Kontor, Sissel Iversen
  • Seksjonsleiar Barnekirurgen, Anette Tysnes Aarvik
  • Seksjonsleiar Energisenteret for barn og unge, Lars Peder Vatshelle Bovim
  • Seksjonsleiar Habiliteringstenesta for barn og ungdom, Pernille Schaathun Berge
  • Ass.seksjonsleiar Medisin A,Merethe Ulveseth Smørholm
  • Seksjonsleiar Medisin B, Ida Kari Ivarhus
  • Seksjonsleiar Medisin C, Åslaug Eide
  • Seksjonsleiar Nyfødd intensiv, Anne-Siri Fonneland

 

Barne og ungdomsklinikken samarbeider med alle avdelinger ved Helse Bergen. Under har vi listet noen eksempler. Her du kan finne informasjon om behandling og tjenester tilpasset barn og unge. 

Kontakt

Telefon

Barne- og ungdomsklinikken

55 97 51 99
Måndag til fredag kl. 08.00-15.00

Telefaks

55 97 15 59

Postadresse

Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus
Barne- og ungdomsklinikken
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hovudresepsjonen i 1. etasje i Glasblokkene 5-8 er open alle kvardagar frå 07.00- 21.00, og frå 08.00-21.00 i helg/heilagdagar.

Skal ditt barn ta blodprøvar, skjer dette i blokk 6 i 1. etasje
(opningstid måndag-fredag kl. 08.00-15.30). 

Praktisk informasjon

I Glasblokkene er det 3 stillerom disponibelt for pasienter, pårørende og personale, samt sykehusprest og representanter fra andre trossamfunn. Det er et stillerom i U1 og to i U2.  
 

Stillerom er rom for “ro og tanke”, det er “åpent” og det er tros- og livssynsnøytralt. Det skal gi muligheter for å tenne lys, skrive i “minnebok”, holde en mindre seremoni, eller å ta en “timeout” fra omgivelsene. Rommet skal utstråle respekt, verdighet og ro, for de som trenger det. 

Rommene er lett tilgjengelig og sentralt plassert, møblert med sittemøbler og skap med bordplate, og vil være mulig å delvis eller totalt skjerme. Rommene er disponible for pasienter, pårørende og personale, samt sykehusprest og representanter fra andre trossamfunn.   

Rommet innbyr til en annet stemning og følelse enn det man opplever ellers i bygget, og danner rammer for ettertanke og høytid, det er åpent og fleksibelt, og gir muligheter for funksjoner som kan skapes av de som bruker det og har behov for det.  

Kurs og møte

  • Diabetes Barn og pårørande
    Barna får kunnskap og innsikt i sjukdomen slik at dei etterkvart blir sjølvstendige i takling av situasjonen.
    Diabetes Barn og pårørande
    Dato kjem
  • Starthjelp - Om familie og meistring
    Kurset gir kunnskap og råd gjennom dialog og erfaringsutveksling med erfarne foreldre, fagpersonar og de andre foreldrene som deltar.Målet med tilbudet er å bidra til å styrke foreldrenes og familiens meistring av det nye kvardagslivet – frå starten.
    Starthjelp - Om familie og meistring
    Dato kjem

Barn og unge på sjukehus

​Opphald på sjukehus inneber små og store utfordringar, framande rutinar og møte med ukjent helsepersonell. Lengt etter resten av familien, venner og skule/ barnehage kan vere stor for dei som er lenge på sjukehus.
Les tips og råd for barn og unge
Portrett av ung jente. Foto

Ungdomsrommet BUS

Ungdomsrommet BUS (i Barne- og ungdomssjukehuset) er for deg som er ung og på sjukehus. Rommet er meint som ein stad der du kan kople av frå behandling og fritt for helsepersonell. Hit kan du ta med deg nokre venner, eller gå aleine. Det er opp til deg.
Les meir om Ungdomsrommet BUS
To jenter i sofa. Foto

Søvnpodden

Søvnpodden er SOVno sin podkast for alle som sover. Enten du sliter med søvnen, behandler folk med søvnproblemer eller bare vil lære litt mer om søvn, er dette podkasten for deg!

Disse tre episodene er svært relevant for barn og ungdom

Episode 3: Når babyen ikke sover...

Episode 9: Ungdomssøvn: Dårlige valg eller biologi

Bonusepisode: Helsesista! Hva er ungdom opptatt av når det gjelder søvn?

Søvnpodden
En person som holder opp langfingeren

Informasjon til foreldre og pårørande

Det er viktig at nære omsorgspersonar og foreldre kan vere hos barnet til ei kvar tid. På Barne- og ungdomsklinikken har vi ope for besøk heile døgnet. Barnet / ungdommen har rett til å ha ein omsorgsperson hos seg under heile opphaldet.
Les meir
Barn med lekebarnevogn. Foto

Gåver og donasjonar

Behandlinga av pasientar er sjølvsagt fullt statleg fiansiert, men på førespurnad har Barne- og ungdomsklinikken oppretta ein konto for gåver og donasjonar frå privatpersonar, foreiningar, bedrifter og andre. Pengane vil bli brukt til å gjere sjukehusopphaldet meir triveleg for pasientar og pårørande ved avdelinga, i form av trivselstiltak som for eksempel konsertar, turar, leikar og utstyr til barna.
Les meir
foto. jente med maling på hendene.

Kan du gi morsmjølk?

Har du for mykje mjølk? Vi tar imot morsmjølk som blir brukt til for tidleg fødte eller sjuke nyfødde barn. Mjølka blir brukt til barn der mor ikkje produserer nok mjølk.
Les meir om kven som kan bli morsmjølkgivarar.
Sjukepleiar med morsmjølk i kopp. Foto

Klinisk forskingspost for barn

Klinisk forskingspost for barn (KFPB) blei oppretta i 2007. Her er det spesielt lagt til rette for klinisk legemiddelutprøving i tidleg fase, samt utprøving av ny teknologi.
Les meir om forskingsposten for barn
En person som bærer maske

Prosjekt ekstrem prematuritet (PEP)

PEP er eit nasjonalt forskingsprosjekt der alle føde- og barneavdelingane i Norge og Medisinsk fødselsregister deltar. Vi ønsker å få vite korleis det går med desse minste barna på kort og lang sikt, slik at vi kan gi betre behandling og oppfølging av barna og familiane.
Prosjekt-ekstrem-prematuritet-pep (dummy)
Mor med prematurt barn på brystet. Foto

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.
Les meir om AHS
bilde: jente på arment til far snakker med sykepleier

Ganglaboratoriet

Nokre barn slit med å gå. På Ganglaboratoriet bruker vi tredimensjonal databasert analyse for å kartlegge gangmønster og vurdere kva slags behandling som vil fungere best for den enkelte. Ganglaboratoriet er eit samarbeid mellom Ortopedisk klinikk og Barneklinikken. Her kjem pasientar med nevro-ortopediske lidingar.
Les meir om Ganglaboratoriet
Ganganalyse med pasient. Foto

Kva meiner ungdom mllom 12 og 17 år om BUK?

Vi har laga ei spørjeundersøking som vi håpar du svarar på.

Les meir om undersøkinga
Ung jente som smiler