Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
bilde:jente sitter på fanget til far og de snakker med sykepleier

Avansert heimesjukehus for barn og unge

Avansert heimesjukehus (AHS) tilbyr behandling, pleie og oppfølging til barn og ungdom heime, så sant det er forsvarleg og praktisk mogleg, som alternativ til opphald på sjukehuset. Tilbod om heimesjukehus er ikkje avhengig av diagnose, men av problemstilling og tilstand og om barn og familie sjølve ønskjer det.

Avansert heimesjukehus er eit alternativ til opphald på sjukehuset for barn og ungdom.

Kvifor heimesjukehus?

  • Barn og familiar har det som regel best heime
  • Barn blir erfaringsvis fortare friske heime
  • Kvardagen blir oppretthalden for heile familien
  • Kvaliteten er like god som på sjukehuset
  • Betre helse og auka livskvalitet for heile familien

 

Personalet i Avansert heimesjukehus

 

Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri. 

Behandling, oppfølging, rettleiing og sjukepleie heime har like god kvalitet som i sjukehuset. Den store forskjellen er at barn og familie får vere heime, og sjukehuset kjem heim til dei. 

  • AHS gir sjukepleie, medisinsk behandling, rettleiing og oppfølging i barnet sin heim, i tett samarbeid med ansvarleg lege og andre fagpersonar.
  • Heimesjukehuset kan blant anna tilby observasjon og vurdering, enkelte cytostatikakure, ernæringsoppfølging (sonde, amme) og vektkontroll, blodprøvetaking, antibiotikabehandling, sårstell, , smertelindring og palliasjon».
  • Avtaletidspunkt er alltid +/- om lag ein halvtime. Om tidspunktet blir forskyvd utover det, ringer vi og gir beskjed.
  • Vi sender dykk tidspunkt for besøk på SMS. De får beskjed seinast dagen i forvegen.
  • Barnet har open retur til sjukehuset, dersom barnets tilstand eller pårørande sin tryggleik tilseier det.
  • AHS er eit tilbod til barn som får behandlinga si i Barne- og ungdomsklinikken.

Vi tilpassar oss ønsker når det er mogleg, men må samtidig planlegge dagen effektivt, så vi kan gi eit tilbod til flest mogleg.

Blodtrykksmåling



Vi har opningstid frå kl. 07.00-22.00. I denne tida er vi alltid tilgjengeleg på telefon. Ta kontakt viss det er noko de lurer på. Viss vi ikkje tar telefonen, ringer vi straks tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida vår, ringer de definert telefonnummer for open retur. 

grafikk: bil med sykehus på henger

AHS samarbeider med barnets ansvarlege lege i sjukehuset. AHS samarbeider også med dei ulike tenestetilboda i bydelane. Det sikrar kvalitet og kontinuitet og skaper ein mjuk overgang mellom sjukehus og primærhelseteneste.

AHS prøver å få til heimebesøk saman med helsesjukepleiar og/eller heimesjukepleie der det er aktuelt.

I pasientsituasjonar der spesialisthelsetenesta har opplæringsansvar for primærhelsetenesta, vil deler av opplæringa kunne bli gitt av Avansert heimesjukehus i kommunen.

Personalet i AHS består av erfarne sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og overlege som er spesialist i pediatri. I piloten vil vi starte med opningstid alle dager kl. 07.00-22.00.

Jobbar du i primærhelsetenesta/skule/barnehage og har spørsmål om Avansert heimesjukehus for barn og unge?

Kontakt oss på tlf. 469 59 878
Kl. 07.00-22.00 alle dager

  • I kommunane Fjell, Askøy, Bjørnafjorden og Bergen har Mjølkebanken avtale med Avansert heimesjukehus (AHS) om at vi kan hente morsmjølk heime hos donor og ta med til mjølkebanken, på dagar og tider der AHS er i nærleiken. 
  • Dette må avtalast med oss i Avansert heimesjukehus på førehand, på tlf. 469 59 878

Vi vil gjere vårt beste for at det skal vere ei god og trygg oppleving å vere heime. Vår erfaring er at barn er tryggare og blir lettare friske heime og at familien totalt sett får det betre.

bilde: gutt snakker med sykepleier

  • Ha namn på ringeklokka, og sjekk at den verkar. Ha namn på dør i felles oppgang.
  • Ha alltid telefonen på så vi kan få tak i dykk.
  • Gi bekrefting på mottatt SMS, gjerne med namn.
  • Vi set av og til igjen utstyr heime hos dykk. Dette er berre til bruk for AHS-tilsette. Snakk med oss om de har behov for utstyr sjølve.
  • Vi vil gjerne at de informerer oss om eventuelle husdyr.
  • Det må vere mogleg å parkere i rimeleg nærleik.

Kva vi ikkje tilbyr

  • Viss de må reise inn på sjukehuset, kan vi ikkje tilby transport.

Er dette av interesse?

Viss du som forelder er interessert i tilbod om heimesjukehus, ta gjerne kontakt med sjukepleiar eller lege på avdelinga barnet er innlagt. I samarbeid med dykk vurderer vi om dette er ei aktuell løysing for dykkar barn.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:00 - 22:00
  • Tysdag 07:00 - 22:00
  • Onsdag 07:00 - 22:00
  • Torsdag 07:00 - 22:00
  • Fredag 07:00 - 22:00
  • Laurdag 07:00 - 22:00
  • Søndag 07:00 - 22:00
Mellom kl. 07.00-22.00 er vi alltid tilgjengelege på telefon. Ta kontakt viss det er noko de lurer på. Viss vi ikkje tar telefonen, ringer vi straks tilbake. Ved behov for kontakt utanom opningstida vår, ringer de definert telefonnummer for open retur.

Ved akutte hendingar

113.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 8, 1. etasje, ventesone C15