Legar i spesialisering del 1
Kvart halvår tilset Helse Bergen omlag 30 legar i LIS1- stillingar ved Haukeland universitetssjukehus og Voss sjukehus. LIS1-tenesta består av totalt 18 månader, med 12 månader i sjukehus og 6 månader i kommunehelsetenesta.
Det er oppstart for nye LIS1-legar i februar/mars og august/september.
Korleis og når lyser vi ut stillingane?
Stillingane blir lyst ut på Helsedirektoratet sine sider.
Her kan du sjå anbefalingar og erfaringar frå tidlegare LIS1-legar.
Sist oppdatert 23.05.2024