Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Bustadkontoret

Helse Bergen HF har 300 bustader som er fordelte på områda Haukelandsbakken, Hunstadsvingen, Hagevik, Nordås og Voss. Bustadkontoret har ansvar for utleige, drift og vedlikehald av føretaket sine bustader.

Vi har hyblar, leilegheiter, rekkjehus og einebustadar, for utleige. Alle bustader, med unntak av eienebustader og rekkehus, har tilgang til internett via gjestenett i Helse Bergen.

Kven kan søkje bustad?

Tilsette i Helse Bergen HF kan søke bustad. Nøkkelpersonell blir prioriterte ved tildeling. Vi tar atterhald om retten til å reservere rekkjehusa til barnefamiliar. Søker som ikkje er tilsett i Helse Bergen HF er velkommen til å søke hybel.  

Korleis søkje bustad?
Fyll inn vårt elektroniske søknadsskjema 

Når tildelast bustadene?

Bustadene blir tildelte første veke i kvar månad. Søkar får melding på e-post dersom vi kan oppfylle ditt ønske om bustad.

Ikkje flytte inn likevel?

Dersom du har takka ja til ein leigeavtale og ønskjer å seie frå deg tilbodet før leieperioden har starta, må du melde frå til Boligkontoret@helse-bergen.no med ein gong. Du vil normalt bli belasta med eit administrasjonsgebyr på kr 1000.
Kansellerer du leigeavtalen mindre enn 2 veker før leigeperioden har starta, gjeld oppsigelsesstida i leigeavtalen.

Våre bustader

Alle leilegheitene i Haukelandsbakken 44 og 46 har altan, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leiligheitene kan variere. I begge bygga er det felles vaskerom med tørkeplass og tilgang til sykkelbod.

Finn oss på kartet

.

Det er 36 leilegheiter og 82 hyblar i Haukelandsbakken 49. Alle leilegheitene har balkong, dei fleste med utsikt over byen. Standarden på leilegheitene kan variere. Det er felles vaskerom, sykkelbod og opphaldsrom med TV i bygget.

Finn oss på kartet
.
.

Barnefamiliar vil bli prioritert ved tildeling av bustad i dei 5 rekkehusa vi har i Hunstadsvingen. Rekkehusa består av to etasjar og har tre soverom, og det er ein parkeringsplass på tomta, til kvart rekkehus.

Finn oss på kartet
.

Bustadene på Nordås består av ei 5-roms leilegheit og ei 1-roms leilegheit. Bustadene ligg i eit veletablert burettslag like ved ReHabiliteringsklinikken på Nordås. Det tar 15 minutter å køyre til Haukeland universitetssjukehus.

Finn oss på kartet

Et hus med en sykkel foran

Det er 27 bustader på Hagevik, fordelt på 18 hyblar og 9 leilegheiter. Dei ligg i to forskjellige bygg på sjukehusområdet, Søsterheimen og Betjeningsbustad. Begge bygga ligg like bak Kysthospitalet, og har kort veg til sjøen.
Hyblane er delvis møblerte og har vask på rommet. Det er felles TV-rom, bad og fullt utstyrt kjøkken.
Alle bustadene har enkel standard.

Finn oss på kartet

En stor hvit bygning med rødt tak
 

Det er 38 bustader på Voss, fordelt på 28 leilegheiter, 8 rekkehus og 2 einebustader. Leilegheitene har god standard. Alle bustaden har kort gangavstand til sjukehuset.


På Voss kan vi tilby følgjande bustader:

Om leige av bustad

Alle priser er gjeldande frå 1.1.2024.

Bergen, Haukelandsbakken 44-46

1-roms leilegheit (18+10 kvm), kr. 5 150,- pr. mnd 
1-roms leilegheit (27 kvm), kr. 5 950,- pr. mnd
2-roms leilegheit (35 kvm), kr. 6 800,- pr. mnd  
2-roms leilegheit (39 kvm), kr. 7 100,- pr. mnd 

Bergen, Haukelandsbakken 49

Hybel (10 kvm), kr. 3 500,- pr. mnd
Hybel m/kjøkken (20 kvm), kr. 4 750,- pr. mnd
1-roms leilegheit (35 kvm), kr. 6 600,- pr. mnd
2-roms leilegheit (44 kvm), kr. 7 800,- pr. mnd

Søknad om parkering i Haukelandsbakken

Leie pr parkeringsplass er kr 550 pr. mnd. 
Grunna begrensa parkeringsplassar må ventetid påreknast.

Bergen, Hunstadsvingen

4-roms rekkjehus (95 kvm), kr. 14 500,- pr. mnd
Ved tildeling av oppussa leiligheit blir det rekna tilleggsleige på kr 400,-.

Bergen (Rådal), Nordåsgrenda 176

1-roms leilegheit (45 kvm), kr 4 800,- pr. mnd
5-roms rekkjehus (100 kvm), kr 14 000,- pr. mnd

Hagevik, Hagaviksb. 37/39  (Søsterheimen)

Hybel (12 eller 15 kvm), kr 2 600,- pr. mnd
2-roms leilegheit (40 kvm), kr 4 500,- pr. mnd
2-roms leilegheit (45 kvm), kr 4 600,- pr. mnd
2-roms leilegheit (68 kvm), kr 5 400,- pr. mnd
3-roms leilegheit (52 kvm), kr 6 200,- pr. mnd
3-roms leilegheit (120 kvm), kr 7 500,- pr. mnd 

Strøm, varme og fellesvaskeri er inkludert i leien. Alle hybler er delvis møblert.

Voss, Nedre Mølster 3A, 3B (Søsterheimen)

1-rom, kr 5 650,- pr. mnd. inkl. straum
2-roms, kr 6 450,- pr. mnd. inkl. straum

Voss, Kleivi

4-roms rekkehus (85 kvm), kr 8 200,- pr. mnd. ekskl. straum

Voss, Nedre Mølster 6, 8 (Overlegebustader)

Einebustad, kr 10 500,- pr. mnd. ekskl. straum

Dersom du ønskjer å takke ja til tilbodet om bustad, blir det avtalt via e-post når det er innflytting og korleis nøklar og kontraktar blir leverte. Leiekontrakt blir levert samtidig med overlevering av nøkler.

Husleige

Tilsette i Helse Bergen HF blir trekt i lønn for husleige.

Møbler

Er du tildelt delvis møblert bustad inneheld desse følgande standardutstyr: seng, stol og sofa, lamper, bord, bilde, gardiner, dusjforheng og noko kjøkkenutstyr.
Alle møblerte/umøblerte bustadar er utstyrte med kvitevarer og garderobeskap.

Fellesvaskeri

Vaskerom med vaskemaskin og tørketromlel finn du i alle bygg med leilegheiter/hyblar.

Her finn du informasjon om kva som skjer når du ønskjer å avslutte leigeforholdet ditt.

Oppseiing av leigeforholdet

Leilegheitene har 3 månadar og hyblar har 1 månad oppseiingstid frå den 1. i påfølgjande månad. Du seier opp ved å sende ein e-post til boligkontoret@helse-bergen.no   

Utvask av bustaden

Når leigetida er over skal leigetakar levere bustaden med tilbehør tilbake til Bustadkontoret, reingjort og i samsvar med leigekontraktens bestemmelser.

Rutinar for utvask av bustaden

Ved utflytting blir bustaden inspisert av representant frå Bustadkontoret med leigetaker til stades. Kontakt Bustadkontoret nokre dagar før du skal flytte ut, for å avtale sjekk av leilegheit/hybelen. Hugs å ta med deg alt som tilhøyrer deg, det gjeld også boss. Det same gjeld dersom du har disponert boden.

Branninnstruks

Alle bebuarar pliktar å lese branninstruksen i bygget dei leigar i.
Dersom brannvarslingsanlegget blir utløyst av uaktsamheit av leigetakar (matlaging etc) vil det bli ilagt eit gebyr på kr 500,-.

Grilling

Av omsyn til brannsikkerheita er det ikkje tillatt å grille på balkong eller altan (gjeld også eingongsgrill).

Feil og manglar

Feil og manglar meldast til driftsleiar på mobil 93 23 04 57 eller på e-post til boligkontoret@helse-bergen.no

Røyking

Røyking er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.

Husdyr

Husdyrhald er ikkje tillate i Helse Bergen HF sine bustadar.

Parabol

Det er ikkje tillate å montere parabol ved leilegheita.

Fellesvaskeri

Det er ikkje tillate å nytte fellesvaskeriet mellom kl. 23.00 og 07.00.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 07:30 - 14:45
  • Tysdag 07:30 - 14:45
  • Onsdag 07:30 - 14:45
  • Torsdag 07:30 - 14:45
  • Fredag 07:30 - 14:45
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT
  • Måndag 07:30 - 14:45
  • Tysdag 07:30 - 14:45
  • Onsdag 07:30 - 14:45
  • Torsdag 07:30 - 14:45
  • Fredag 07:30 - 14:45
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Drift / teknisk divisjon Arealkoordinering Postboks 1400 5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Haukelandsbakken 49, i 6. etasje.