Skadepoliklinikken på legevakta
Ved Skadepoliklinikken hjelper vi pasientar og pårørande som treng øyeblikkeleg helsehjelp ved skadar som brot, kutt og sår, brannskade, fysioterapi samt kontrollar ved oppfølging.
For at du som pasient skal få god helsehjelp brukar vi ei løysing som kan gi tilgang til helseopplysningar om deg for tilsette både på Skadepoliklinikken og Bergen legevakt.
Løysinga gir berre tilgang for helsepersonellet i den andre verksemda som skal gi deg helsehjelp.
Om du ikkje ønsker at det skal opnast for tilgang mellom våre to helseverksemder, kan du ta det opp med helsepersonellet hos oss.
Teieplikta gjeld naturlegvis for alle som har tilgang til helseopplysningar om deg.