Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eksteriør Bergen helsehus og parkeringsplass. Foto

Skadepoliklinikken i Bergen helsehus

Skadepoliklinikken behandlar akutte skader, brot, sår og brannskader. Skadepoliklinikken har og ein fysioterapiavdeling.

Helse Bergen og Bergen kommune samarbeider om pasientar som treng øyeblikkeleg hjelp. Ved å ha mange tenester for øyeblikkeleg helsehjelp samla på ein stad, blir det enklare for pasientar og pårørande.

Kor får du hjelp?

I Bergen helsehus i Solheimsviken finn du både Skadepoliklinikken, som er organisert under Ortopedisk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, og den allmennmedisinske legevakta til kommunen, Bergen legevakt.


Skadepoliklinikken behandlar akutte skadar i armar og bein, som brot og forstuingar, kutt, sår og brannskadar.

Pasientane som blir behandla ved Skadepoliklinikken får tilbod om kontrollar og fysioterapi etter behov.

Når du kjem til Bergen helsehus må du trekkje kølapp. Du skal enten til Skadepoliklinikken eller den allmennmedisinske legevakta, Bergen legevakt:  
 

Skadepoliklinikken

  • Brot 
  • Kutt og sår
  • Brannskadar
  • Fysioterapi
  • Kontrollar

Allmennmedisinsk legevakt

  • Akutte medisinske og psykiske sjukdommar
  • Hjerneskaking, augeskadar og ryggskadar
  • Livskriser og overgrep

Medan du ventar på behandling:

  • Meld frå dersom sjukdommen eller skaden blir verre medan du ventar på behandling
  • Hald den skadde kroppsdelen høgt!
  • Fjern ringar ved skade på hender og armar!

Reseptar og sjukemeldingar

  • Vi skriv ut reseptar og sjukemeldingar berre for sjukdom eller skade vi behandlar deg for
  • Ta kontakt med fastlegen for andre reseptar eller sjukemeldingar
  • Ved behov for forlenging av sjukemelding for skaden din, tar du også kontakt med fastlegen. 
  • Vi skriv ikkje ut sterke smertestillande eller beroligande medikament

Betaling

  • Når du er ferdig behandla, går du til Skadepoliklinikkens luke og betaler eigendel for konsultasjonen og eigendel for røntgenbilde som er tatte.
  • Dersom du går utan å betale same dag, vil du få tilsendt faktura i etterkant.
  • Får du fysioterapi same dag som du har vore til legen, betaler du kun ein eigendel. 
  • Kjem du til kontroll hos fysioterapeuten er det ein eigen takst for fysioterapitilbodet.
Eigendel og frikort

Frikort for helsetenester (helsenorge.no)

Gebyr for ikkje møtt

Dersom du ikkje kan møte til avtalt time, må du melde frå seinast dagen før. Du får ellers tilsendt rekning med tredobbel eigendel for timar som du ikkje møter til.

Skadepoliklinikkens ekspedisjon er open kl. 08:30 – 22:15 alle dagar.
Telefon: 55 56 87 55.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Skadepoliklinikken held til i Bergen helsehus i Solheimsviken, saman med allmennlegevakta til Bergen kommune, Bergen legevakt.

Opningstider:
Brot og røntgen kl. 08.30-22.15 alle dagar.
Såravdelinga kl. 08.30-22.15 alle dagar. 
Fysioterapi kl. 08.30-15.30 måndag-fredag, stengt i helg- og høgtidsdagar.

Informasjonsskriv til pasientar

Her finn du ei oversikt over pasientinformasjon relatert til ulike skadar eller sjukdommar.
Sjå våre pasientskriv
Helsepersonell klipper av gips på pasient. Foto

Behandlinger ved Skadepoliklinikken

Les meir om dei ulike behandlingane vi gjer i Skadepoliklinikken.
Behandlingar i Skadepoliklinikken
bilde av ekstern fiksasjon

Tilgang til helseopplysningar mellom helseverksemder

For at du som pasient skal få god helsehjelp brukar vi ei løysing som kan gi tilgang til helseopplysningar om deg for tilsette både på Skadepoliklinikken og Bergen legevakt.
Les meir om tilgang til helseopplysningar
Kvinnelig lege med pasient. Foto