Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Et par kvinner i blå skjorter

Svangerskaps- og barselpoliklinikk

På Svangerskaps - og barselpoliklinikk vurderer og behandlar vi sjuke gravide, gravide med komplikasjonar som oppstår i svangerskapet og gravide med komplikasjonar frå tidlegare svangerskap / fødslar. Vi gir råd og rettleiing til kvinner som ventar eller nett har fått barn.

For gravide

Om du har time på poliklinikken, vil du bli undersøkt av lege / gynekolog eller jordmor. Kva slags undersøkingar og eventuell behandling som blir sett i gong, vil bli bestemt ut frå årsaka til at du blei tilvist til oss. Du vil få informasjon og rettleiing av lege eller jordmor.

Svangerskap g barselpoliklinikk tek også i mot kvinner som treng hjelp straks, derfor kan det til tider bli ekstra ventetid for dei som har fast timeavtale.

 

Poliklinikken har tett samarbeid med:

  • Tilvising (dersom denne ikkje er sendt på førehand)
  • Helsekort for gravide
  • Skjema frå ultralydundersøkinga
  • Morgonurinprøve – dersom du har fått melding om å ta med det. Prøven skal leverast på reint glas og bør bli tatt etter at du har vaska deg nedantil. Urinprøveglas får du kjøpt på apoteket.
  • Notathefte med blodsukkermålingar. Dette gjeld berre dersom du har diabetes eller svangerskapsdiabetes.
  • Hugseliste over spørsmål du vil ha svar på hos legen

På poliklinikken jobbar legar, jordmødrer, sjukepleiarar og barnepleiarar. Vi har ikkje lege som er fast tilsett hos oss, men prøver å leggje til rette for at du møter same lege dersom du må tilbake på kontroll.

Har du angst for å føde? Mange har ulike grunnar til at dei fryktar å føde.

På Samtalepoliklinikken hjelper vi deg med å legge alt til rette for at du skal føle deg trygg og teken vare på når du skal føde. Det gjer vi ved individuell rådgiving som tek sikte på å gjere fødselen mindre skremmande og lettare å planlegge. Tildeling av time skjer etter tilvising frå fastlege, jordmor eller psykolog. Alle som får time, får innkallingsbrev i posten med kontaktinformasjon til Samtalepoliklinikken.

Igangsetting (induksjon) av fødsel skjer dagleg på Kvinneklinikken, men og på fødeavdelinga på Voss sjukehus. 

Om du er frisk når du skal settast igang, kan det hende du får spørsmål om å reise til Voss, og særleg om det er mange pasientar samstundes innlagd på Kvinneklinikken i Glasblokkene. Fødeavdelinga på Voss og Kvinneklinikken samarbeidar godt, også når det gjeld å sikre god kapasitetsutnytting. 

Det kan vere lurt å tenkje gjennom denne mogligheita på førehand, så du er førebudd om du får spørsmål om dette.  

Nedenfor finn du ein lenke til meir informasjon om igangsetting. 

Du får innkalling til fellesundervising, individuell samtale og undersøking hos gynekolog veka før keisarsnittet. Oppmøtestad etter avtale, eventuelt finn du det i innkallingsbrevet du har fått på førehand. På avdelinga skal du delta på følgande:

  • Fellesundervising saman med andre som skal til planlagt keisarsnitt. Informasjon blir gitt av jordmor og fysioterapeut. Alle får individuelle samtaler med behandlar (jordmor eller sjukepleiar).
  • Individuell samtale og undersøking med gynekolog. Dersom du vurderar sterilisering etter keisarsnittet, kan du ta det opp med gynekologen under denne samtalen.
  • Individuell samtale med anestesilege.

Etter at du har snakka med dei ulike fagpersonane kan du reise heim. Det kan bli litt venting i løpet av dagen, og det kan vere lurt å ta med mat og lesestoff. Ta gjerne med deg pårørande, men det er ikkje nødvendig.

Les gjennom innkallingsbrevet du har fått før denne timen og legg særleg merke til om du skal ta blodprøvar på førehand.


Etter fødselen

Nybakte mødrer og nyfødde kan ha behov for oppfølging på Barselpoliklinikken etter heimreise. Er du usikker eller har spørsmål som ikkje kan vente til neste avtale om kontroll i løpet av dei første dagane etter du har reist heim etter fødselen, kan du ta kontakt på Barseltelefonen 414 99 042

I tida etter desse første dagane skal du kontakte helsesjukepleiar på helsestasjonen i heimkommunen din.

Blir du eller barnet ditt akutt sjuke - ta kontakt med legevakta.


Dersom du opplever problem med rift og/eller sting, kan du ta kontakt med Kvinneklinikken. Du kan kontakte oss på Barseltelefonen kl 0900-1500 ved behov for time eller rettleiing. 

Dette kan vere: Feber, eller andre infeksjonstekn frå rifta, aukande hevelse/smerter rundt rifta, mistanke om at rifta/stinga har gått opp, lekkasje frå tarm

 

 

På Ammepoliklinikken arbeider det jordmødrer med spesialkompetanse på amming.  

Ammepoliklinikken er eit tilbod for barselkvinner med spesielle ammeutfordringar dei første vekene etter fødsel. Om du har problem med amming kan du tilvisast frå jordmor eller helsesjukepleiar i kommunen.

Dersom du har/eller mistenker at du har brystbetennelse kan du sjølv ringe Kvinneklinikken uavhengig av når i ammeperioden det oppstår.  Vi samarbeider med brystdiagnostisk senter.
 

Kvinner som reiser tidleg heim vil bli følgt opp av Kvinneklinikken dei første fem dagane etter fødsel. Nokre vil bli følgt opp i heimen med besøk av jordmor frå heimkommunen.

Oppfølging etter fødsel inneber individuelt tilpassa oppfølging og rettleiing, råd om amming, informasjon om barnestell og undersøking av rifter og sting. Barnet vil få vektkontroll, test av høyrsel og nyfødtscreening.

Vi har tett samarbeid med din lokale helsestasjon

 

Alle kvinner som har fødd ved Kvinneklinikken i Bergen vil cirka to veker etter fødselen få tilsendt ein SMS frå Svangerskap og barselpoliklinikken. I SMS-en er det ein invitasjon til å svare på eit spørjeskjema om fødselsopplevinga og tilbod om ein samtale.

Kvinnene kan enten logge seg på via ein lenke i SMS-en eller via helse-bergen/checkware-pålogging for pasientar. Spørjeskjemaet er eit kartleggingsskjema om frykt relatert til opplevinga under fødselen. Det er laga av Klaas Wijma, ein svensk forskar. Uavhengig av poengsum vert det tilbudd ein samtale med jordmor ved Svangerskap og barselpoliklinikken. Ved ein poengsum over 50 poeng tilrår Kvinneklinikken ein samtale. Samtalen gjennomførast cirka åtte veker etter fødselen som ein videokonsultasjon.

Slik vil invitasjonen se ut på lenken fra SMS:

Fødselsopplevelsen din - Del 1 

Vi er opptatt av å tilby en god fødsels og barselomsorg til brukerne våre, og ønsker derfor å gi deg en mulighet til å svare på spørsmål om fødselsopplevelsen din i vedlagte spørreskjema og eventuelt gennomføre en samtale dersom du ønsker det. 

Spørreskjemaet inneholder spørsmål om opplevelsen din på ulike områder og er laget for å kartlegge frykt i etterkant av fødsel. Det er Klaas Wijma, en svensk forsker, som har laget spørreskjemaet. Spørsmålene rangeres i poengscore og gir fra 0-5 poeng. Høyeste totale poengsum er 165 poeng og laveste er 0 poeng. Total poengsum oppsummeres til slutt og blir synlig for deg. 
Dert er frivillig å svare på spørreskjemaet. Svaret blir sendt til journalen din og blir deretter vurdert av oss. 
Vi anbefaler at de som får en poengsum på 50 poeng eller mer får en samtale med jordmor, men uavhengig av poengsum kan du også få en samtale. Det bestemmer du selv. 
Samtalen vil bli en gjennomgang av fødselen, evt oppholdet ditt på Kvinneklinikken, med utgangspunkt i hva du ønsker å vite mer om/ta opp med jordmor. Jordmor vil ha lest fødejournalen din og sett svarene du har sendt inn før samtalen/konsultasonen. 
Konsultasonen vil foregå som en videokonsultasjon ca 6-8 uker etter fødselen. Varighet er ca 30 min. Du kan ha konsultasjonen på telefonen din, men ønsker du å se fødejournalen din bør du ha en større skjerm tilgjengelig. 
Timen sendes via helsenorge.no. Det vil tilkomme en egenandel for konsultasjonen etter gjeldende satser i spesialisthelsetjenesten. 
Dersom du har bruk for videre oppfølging etter denne gjennomgangen, vil jordmor legge til rette for det. 

Ta kontakt på 55974200 dersom spørsmål.
Svangerskap og barselpoliklinikk

 

Kontakt

Telefon

Barselrettleiing etter heimkomst

414 99 042

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 5, 1. etasje, ventesone C12.
Denne er felles for ØNH-poliklinikken og dei fleste polikliniske pasientane til KK som høyrer til i blokk 5.  

      Gravid? Vi treng nokon opplysningar frå deg FØR du kjem til oss på ultralyd

      Gå inn i din fødejournal på helsenorge.no og registrer viktig informasjon.
      Les meir her
      ultralyd_foto