Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fostermedisin- og ultralydpoliklinikk

Fostermedisin- og ultralydpoliklinikk utfører ultralydundersøking av gravide kvinner, både tidleg og rutineultralyd i svangerskapsveke 17-19. Vi utfører og ultralyd som ledd i diagnostisering, behandling og oppfølging av kompliserte svangerskap.

Årsak til utgreiing kan vere bløding, smerte eller sjukdom hos mor. Ved mistanke eller auka risiko for misdanningar eller utviklingsavvik hos fosteret blir prenatal diagnostikk utført. 

Vi tar i mot kvinner som er inneliggande på Kvinneklinikken eller som blir tilvist frå lege eller jordmor.

Tidleg ultralyd og NIPT

Alle gravide har tilbod om tidleg ultralyd i veke 11-14. NIPT (Non-invasive prenatal test) er tilbod til alle gravide som er 35 år eller eldre ved termin. 

Ultralyd ved sjukdom

Vi utfører også ultralydundersøkingar av kvinner ved spørsmål om underlivssjukdom som for eksempel cyster på eggstokkane, muskelknutar i livmora, bekkeninfeksjon, utviklingsavvik i dei indre kjønnsorgan og ved mistanke om ondarta svulstar.

Forskingsprosjekt

Ved seksjonen er det stor forskingsaktivitet og ein del av kvinnene vil derfor bli spurt om å delta i forskingsprosjekt. Forskingstema ved seksjonen har vore fostervekst, fostersirkulasjon, svangerskapslengde, sikkerheit knytt til ultralyd i svangerskapet og behandling av abscessar i bekkenet.

Metodebok for helsepersonell (kan ikkje opnast i nettlesaren Internet Explorer)

Aktuelle lenker

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Glasblokkene, blokk 5, 1. etasje, ventesone C12.
Denne er felles for ØNH-poliklinikken og dei fleste polikliniske pasientane til KK som høyrer til i blokk 5.  
 

      Gravid? Vi treng nokon opplysningar frå deg FØR du kjem til oss på ultralyd

      Gå inn i din fødejournal på helsenorge.no og registrer viktig informasjon.
      Les meir her
      ultralyd_foto

      Tvillingar / fleirlingar

      Tvillingsvangerskap blir ofte oppdaga ved ultralydundersøkinga i veke 17-19. Mange har før dette hatt ei mistanke om at det kan vere tvillingar på veg.
      Les meir om tvilling- /fleirlingsvangerskap og fødsel
      To babyer som ligger på en seng