Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Eksteriør Glasblokkene. Foto

Seksjon for e-helse

Kontakt oss
Seksjon for e-helse har ansvar for ivaretaking av føretaket si interesse innanfor e-helse, IKT og informasjonssikkerheit. Seksjonen held oversikt over planlagde og pågåande lokale og regionale prosjekter og program, og bidrar til optimal god innføring, optimal bruk og forvaltning av kliniske fagsystem. Seksjonen har ansvar for sentralt IKT-budsjett, og er IKT-bestillar på vegne av føretaket.  

Seksjonen har ansvar for å tilrettelegge for effektiv bruk av IKT i Helse Bergen og gjennom innovativ og nytenkande veksemd bidra til å realisere moglege vinstar. Dette arbeidet skal skje i samarbeid med andre i Helse Bergen.
Seksjonen leier og deltek i prosjekt som omhandlar IKT-området og fungerer som formell samarbeidspartnar for Helse Bergen ovanfor Helse Vest IKT AS.  

Seksjon for e-helse skal vere eit bindeledd mellom IKT og helsekompetansen i Helse Bergen. Våre medarbeidarar har variert erfaring frå spesialisthelsetenesta, informasjonsteknologi, informasjonssikkerheit, laboratorieverksemd, radiologi, prosjektleiing, tele- /signalområdet og økonomi. 
 

Seksjon for e-helse består av tre grupper:

Pasientens journal

Har systemansvar for dei viktigaste pasientretta datasystema i sjukehuset: elektronisk pasientjournal, røntgen, laboratoriesystema og medikamentkurve. Eigarane av pasientsystema, dei såkalla systemeigarane, er medisinsk-faglege leiarar i sjukehuset. Vår jobb er å hjelpe dei å utnytte IKT-systema best mogleg i pasientbehandlinga.

Digital tenesteutvikling

Vi bistår innan område som verksemdsarkitektur, behovsdriven innovasjon, porteføljestyring, infrastruktur, IKT-utstyr, prosjekt- og testleiing og generell rådgjeving innan IKT.

IKT sikkerheit

IKT-sikkerheitsleiar for Helse Bergen er tilknytta seksjonen og har ansvar for arbeidet med informasjonssikkerheit i føretaket knytt til oppgåver som opplæring, rådgjeving, risikovurdering og handtering av avvik.

Helse Bergen HF har eit eige personvernombod. 
Personvernombodet informerar og gjev råd til helseføretaket og helseføretaket sine ansatte om kva for forpliktingar dei har etter personvernlovgivinga.


Seksjonsleiar



Besøk oss i Møllendalsbakken 7


Delplan teknologi 2022-2026

Teknologi er eit vidt omgrep og kan brukast om mykje. I denne samanhengen meiner vi informasjons og kommunikasjonsteknologi (IKT), medisinskteknisk utstyr, tele, video, signal og sensorar, samt andre teknologiske løysningar tett knytt til bygg.
Les heile delplanen for teknologi (PDF)
Eksteriør Glasblokkene. Foto
Sist oppdatert 04.10.2023