På Askøy er det mogleg å ha musikkterapi oppfølging individuelt og i grupper. Me tilbyr ei rekkje aktivitetar m.a. lyttegruppe, band/samspel, undervisning på instrument, jobba med musikkproduksjon i musikkstudio og mykje meir.
Musikkterapi i rusbehandling blir beskriven av Helsedirektoratet på følgjande måte:
"Musikkterapi gir moglegheiter for utvikling og endring gjennom eit musikalsk og mellommenneskeleg samarbeid mellom terapeut og pasient.
Musikk kan skapa gode moglegheiter for kommunikasjon og personleg uttrykk, og for å arbeida med sosial angst, motivasjon, sjølvforståing, rusfridom og annan personleg vekst.
Meistringsopplevingar er sentrale i musikkterapien, og kvalitativ forsking viser at med god tilrettelegging og oppfølging kan mange brukarar ta musikken med seg ut av terapirommet og inn som ein meistringsressurs i kvardagslivet".
-Helsedirektoratet
![bilde av gitar](/4aa736/contentassets/fa32d6e39b8b44cdbb60e678e1ffae02/avdeling_for_rusmedisin_askoy_musikkterapi02.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)