Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
mr maskin

Radiologisk avdeling, Voss

Mange av pasientane som vert innlagde på Voss sjukehus er innom Radiologisk avdeling (røntgen). I tillegg har me i houvdsak pasientar tilvist frå legane i Voss lokalsjukehusområde.

Radiologisk avdeling på Voss er moderne og godt utstyrt med mellom anna MR- og CT-maskin. Våre høgt utdanna og motiverte fagfolk ynskjer å gje deg ei god behandling når du treng våre tenester. Velkomen til oss!

Oppdaterte ventetider finn du på Fritt sykehusvalg Norge

Tilvising 

Røntgenundersøking krev tilvising frå fastlege. Vanlegvis sender fastlegen tilvisinga til røntgen og du får brev om time. Har du fått med deg tilvisinga frå fastlegen må du sjølv sende den til røntgenavdelinga for å få tildelt time til undersøking
Eigenandelen for røntgenundersøkinga følgjer dei til ei kvar tid gjeldande satsar. Om du ikkje kan møta til timen må den avbestillast seinast 24 timar før undersøkinga. Timar som ikkje er avbestilt innan fristen må du betala sjølv om du har frikort. Me gjer merksam på at du då må betala eit ekstra gebyr  

Kan eg ta røntgen dersom eg er gravid?

Dersom du er gravid og skal til røntgenundersøking, bør du informere og samrå deg med legen som tilviser deg. Det vert då vurdert om undersøkinga kan utsetjast eller om den er naudsynt å gjennomføre.


Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Voss sjukehus i 3. etasje i bakre bygg (mot nord)