Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
sjukepleiar gjer klar intravenøs væske på medisinrom

Medisinsk post 1 nord - nyresjukdommar og hormonsjukdommar

Pasientar med nyresjukdommar og hormonsjukdommar får utgreiing og behandling hos oss.

Medisin 1 Nord er lokalisert i 6. etasje i sentralblokka. Avdelinga har 18 sengeplassar og tilbyr behandling til vaksne pasientar med nyre- og hormonsjukdommar.

Blant dei vanlegaste hormonsjukdommane vi behandlar er diabetes type 1 og 2, elektrolyttforstyrringar og andre lidingar i hormonsystemet. Nyresjukdommar kan vere både akutte og forbigåande, i tillegg til kroniske tilstandar. Dialysepasientar og nyretransplanterte utgjer ein stor del av pasientgrunnlaget vårt. Vi behandlar også pasientar med ulike indremedisinske diagnosar.

Vi har eit tett samarbeid med dialyseavdelinga, medisinsk poliklinikk og dageininga.

På sengeposten arbeider eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar, spesialsjukepleiarar og helsefagarbeidarar.

Kontakt

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i 6. etasje i Sentralblokka.

      Kurs og møter

      • Nyresvikt
        Kurset gir kunnskap om diagnosen og støtte til meistring i kvardagen.
        Nyresvikt
        13.
        mars
        2025
        Fleire datoar

      Nyreskulen

      Nyreskulen er eit tilbod for kroniske nyresviktpasientar og deira pårørande. Nyrespesialistene kan henvise pasientane til nyreskolen.
      Nyreskulen
      En gruppe mennesker i et rom