Myelomatose
Hovudindikasjonane for serum-proteinelektroforese og serum-frie lette kjeder er påvising og klassifisering av monoklonale komponentar (M-komponent) og kontroll av kjent M-komponent ved plasmacellesjukdommar.
Sjå også:
Plasmacellesjukdommar
Plasmacellesjukdommar er kjenneteikna av klonale plasmaceller som (vanlegvis) produserer monoklonale immunglobulin eller monoklonale frie lette kjeder. Slike M-komponentar kan førekome ved til dømes
- MGUS
- Asymptomatisk (eng. smoldering) myelomatose
- Myelomatose
- Lettkjede-myelomatose (lettkjedesjukdom)
- Plasmacelleleukemi
- Morbus Waldenström
- Plasmacytom
- POEMS
- Amyloid lettkjede-amyloidose
- Kryoglobulinemi
Utgreiing av M-komponent
Ved biokjemisk utgreiing av mogleg M-komponent vil laboratoriet utføre serum-proteinelektroforese (med ev. kvantitering av M-komponent) og analysere serum-immunglobulin (IgG, IgM og IgA) og serum-frie lette kjeder (kappa, lambda og kappa/lambda-ratio). Urin-proteinelektroforese blir utført dersom det er sendt inn urin, men er vanlegvis ikkje nødvendig.
Svært avvikande kappa/lambda-ratio tyder på monoklonale frie lette kjeder. For klassifisering av monoklonalt immunglobulin blir det utført immuntyping og eventuelt immunfiksering. Dette er det vanlegvis ikkje nødvendig å gjenta, sidan den monoklonale komponenten sjeldan endrar klasse eller lettkjedetype i løpet av sjukdomsutviklinga.
Kontroll av M-komponent
Føremålet med kontroll av ein kjent M-komponent er å undersøke om den aukar som følgje av sjukdomsprogresjon, blir redusert som respons på terapi eller held seg uendra. Hovudregelen er å følgja ein kvantiterbar komponent. I praksis betyr det anten serum-proteinelektroforese eller serum-frie lette kjeder, men urin blir undersøkt dersom mottatt. Ved spørsmål om komplett remisjon blir det utført immunfiksering.
OBS: Dersom pasienten blir behandla med terapeutiske monoklonale antistoff, som til dømes daratumumab (IgG kappa), kan desse vise seg som små toppar ved serum-proteinelektroforese.