Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering (KOR)

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering er ein seksjon i Kreftavdelinga som gir eit tverrfagleg rehabiliteringstilbod til kreftpasientar og pårørande. Her arrangerast fysisk gruppebasert trening på Pusterommet, kurs, foredrag, individuelle- og gruppesamtalar. Tilbodet kan nyttast i tida før, under og etter kreftbehandling.

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering har mål om at kreftramma skal oppleve størst mogleg mestring i kvardagslivet med eller etter kreftsjukdom og behandling.

Vi er ei tverrfaleg gruppe beståande av sjukepleiarar, helse- og treningsrådgjevarar, spesialist i sexologisk rådgjevning NACS, stråleterapeut, psykolog og ernæringsrådgjevar.

Tilvising og vurdering

Du som ønsker å delta i rehabiliteringstilbodet må vere sjølvhjulpen og du må ha tilvising frå ein lege Kreftavdelinga, Lungeavdelinga, Kvinneklinikken, Hematologisk seksjon eller hyperbarmedisin. Du kan tilvisast inntil eit år etter avslutta kreftbehandling.

Etter at tilvisinga er vurdert, vert du kontakta for å avtala tid for ein kartleggingssamtale kor vi saman lagar ein indviduell plan for rehabiliteringa. 

Velkommen til oss!

Bli med på ei omvising for å sjå våre lokaler.

Bli med på omvisning
Et rom med sykler

Opplæring og undervisning

Kreftsenter for opplæring og rehabilitering har opplæringstilbod for pasientar og pårørande.

Opplæring
Kursholder foreleser med presentasjon på lerret i lokale med flere kursdeltakere i klasseromsetting. Foto

Trening ved Pusterommet

Pusterommet er eit treningssenter kor kreftpasientar kan trene før, under og etter kreftbehandling. 

Pusterommet
Smilende kvinne i treningsklær  holder opp ulike vekter mot kamera. Foto

Sexologisk rådgjeving

For mange er seksualitet ein viktig del av livet og kan vere ei kjelde til lyst og glede, intimitet og nærleik. ​​​​​Ein kreftdiagnose inneber for mange ei endring i seksualiteten. Enten som direkte følgje av sjukdommen eller biverknad av behandlinga.
Sexologisk rådgivning
To personer i en sofa under rådgivning

Digital heimeoppfølging

Dette er eit tilbod til deg som ikkje har moglegheit til å komma til sjukehuset for å delta fysisk.

 

Digital heimeoppfølging
Person ser på mobiltelefon som benyttes til digital hjemmeoppfølging

Kontakt

Telefon

Telefonen vert ikkje besvart onsdag mellom kl. 08.20-09.45.

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Gå inn via Parkbygget og følg fotspora til venstre.