Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Øyre-nase-hals poliklinikk

Øyre-nase-hals poliklinikken betener ei svært variert pasientgruppe. Vårt fag inkluderer mange av dei vanlegaste helseplager som finst ute i samfunnet. Det kan vere alt frå biholeplagar, mandlar og polyppar til snorking, håse stemmer, kremting og hoste. Mange har erfart plagar med svimmelheit, øyresus, allergi og tørr munn, eller naseblødingar, skadar og klumpar i hovud-/halsområdet. Dette greier vi ut.

Mange kjenner nokre barn som er munnpustarar, barn som har gjentatt øyrebetennelse eller barn som bruker svært lang tid på måltida, og som kanskje ikkje vil ete skorpene på skivene. Dette er vanlege problem som blir handtert ved vår poliklinikk.

Vi vurderer i det heile alle former for symptom vedrørande høyrsel, lukt, smak, balanse og svelging.

Forutan slike plager, tar vi hand om ei lang rekkje alvorlege sjukdomar. Vi har ei rekkje legar med spesialkompetanse innanfor særlege område innan øyre-nase-halsfaget. Våre legar har samla svært stor erfaring, og vi bruker kompetansen til kvarande når det er ønskeleg og nødvendig. Sjølvsagt har vi også eit utstrakt samarbeid med andre sjukehusavdelingar.

Dersom du kjenner uro vedrørande helsa di innanfor øyre-nase-halsområdet, kan du gjerne be legen din ta kontakt med oss, så skal vi gi deg ein time innan rimeleg tid.

Kontakt

Telefon

  • Måndag 08:00 - 14:30
  • Tysdag
    • 08:00 - 14:30
    • 16:00 - 19:00
  • Onsdag 08:00 - 14:30
  • Torsdag 08:00 - 14:30
  • Fredag 08:00 - 14:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Telefaks

55 97 26 43

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Poliklinikken finn du i 2. etasje i Sentralblokka.