Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Hovud-hals og auge avdeling

Avdelinga vår er ein sengepost med døgndrift for 27 senger, med både medisinsk og kirurgisk behandling av pasientane. Vi behandlar pasientar innan fagfelta øyre-nase-hals, kjeve og auge, også pasientar med kreft i hovud/hals. Avdelinga er med i ordninga for utdanningsstipend innan kreftsjukepleie.

Hos oss jobbar spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar / helsefagarbeidarar, legar og postsekretær.

Posten har dessutan tverrfagelig samarbeid med fysioterapeutar, sosionomar, klinisk ernæringsfysiolog, logopedar og sjukehusprest. Avdelinga har jamnleg studentar i praksis. 

Hovud-hals og auge har buffét med eige personale. Det blir lagt stor vekt tilrettelagt kost og innbydande mat.

  • Frukost kl. 08.00-09.00
  • Lunsj kl. 12.00-13.00
  • Middag kl. 15.30-16.30
  • Kvelds kl. 19.30-20.30

Det er også mogleg å få enklare rettar utanom desse tidene. 

Visittida på sjukehuset er frå kl. 17.00-20.00. 

På fleirsengsrom kan det vere behov for å avgrense besøka inne på rommet. 

Det er ein fordel om ein kan nytte fellesareal til å ta imot besøk.

Flere av pasientane våre har eit lågt immunforsvar. Vi oppmodar til besøkande å vise omsyn til dette. Pasientane er utsett for infeksjonar. Det er derfor nødvendig å ta nokon førehandsreglar i avdelinga. Berre avskorne blomstrar kan bli tatt med til pasientane. Er pasienten isolert på rommet pga. infeksjonsfare, er det ikkje høve til å ha blomstrar på rommet.

Hovud/hals/auge avdeling er ei spennande avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasienter på sjukehuset.

I avdelinga er arbeidsoppgåvene organiserte etter «gruppesjukepleie»-prinsippet.

Hos oss får du god erfaring innan fagfeltene hovud-hals, øyre, nase, bihuler, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver. 

I samarbeid med fagsjukepleiaren vår legg me til rette for god opplæring og sørgjer for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte. 

Personalgruppen vår består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og postsekretær. Avdelinga har òg stillingar for traineesjukepleiar og traineehelsefagarbeidar. Me sørgjer for opplæring og praksis for sjukepleiestudentar og helsefagarbeidarlærlingar.

Me har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Klinikken har fleire årlege HMS-dagar i godt samarbeid med verneomboda våre.

 

Kontakt

Telefon

Visittid: kl. 17.00-20.00

Slik finn du fram

Oppmøtestad

5. etasje, nord i Sentralblokka

      Innlegging for barn i Augeavdelinga

      Alle barn som treng augeoperasjon blir operert i narkose, og nokre barn får og gjort undersøking i narkose.
      Meir om innlegging for barn
      Interiør lekerom med bord og stoler for barn, tavle, lekekjøkken, TV og barnebilder på vegg. Foto

      Innlegging for vaksne i Augeavdelinga

      Både dei som skal bu i sengeposten og på Haukeland Hotell under opphaldet møtar i Augeavdelinga innleggingsdagen.
      Meir om innlegging for vaksne
      Interiør pasientrom på sengepost. To senger med skillegardin mellom, pasient ligger i en av sengene. Foto