Til deg som skal opererast
Her finn du informasjon til deg som skal opererast på øyre-nase-hals avdelinga.
Øyre-nase-halsavdelinga behandlar pasientar med sjukdomar, skadar og anomaliar innan øyre-, nase-, halsregionen.
Høyresentralen, Poliklinikk, Dagkirurgisk eining (DKE) og Balanselaboratoriet (Nasjonal kompetansetjeneste for vestibulære sjukdomar) ligg alle i 2. etasje i Sentralblokka.
Avdelinga har også sengepostar i 5. etasje i Sentralblokka.