Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Hudpoliklinikk Haukeland

På poliklinikken tilbyr vi utgreiing og behandling av pasientar med hudsjukdommar. Dei vanlegaste hudsjukdommane er: psoriasis, eksem, allergiske sjukdommar, blemmesjukdommar, hudkreft og kroniske sår.   Vi tilbyr også medisinsk laserbehandling av enkelte typar fødselsmerker, uønskt hårvekst som skyldas hormonlidingar og visse typar arr. Vi utfører også allergiutredning med lappetestar og prikktest der dette er aktuelt.

Poliklinikken er delt inn i følgande einingar:
 
  • Hudpoliklinikken
  • Poliklinikken for seksuelt overførbare sjukdommar
  • Lysterapi
  • Laboratorium

Vi ønskar at våre pasientar skal ha kontinuitet i si behandling, men det kan hende du vil møte ulike legar ved polikliniske kontrollar. Dette har sin bakgrunn i at Hudavdelinga har overlegar i hudsjukdommar og assistentlegar i utdanningsstillingar. Dette inneber at nokre legar er tilsett i kortare periodar. Dei fleste legane rullerer mellom ulike seksjonar (t.d. sengepost, dagpost, poliklinikk, forsking).

Oppfølging av pasientar skjer ofte i samarbeid med primærhelsetenesta (fastlege, heimesjukepleie). Det er pasienten sin fastlege som har ansvaret for oppfølging og utskriving av reseptar, og fastlegen mottar epikrise (rapport) etter konsultasjonar ved Hudpoliklinikken.
Det er fint om du tenker gjennom kva du vil legge fram for legen slik at du får godt utbytte av konsultasjonen, og møter opp i god tid.

Du kan kontakte oss på telefonnummer 55 97 39 50. 
Telefonen er open i poliklinikkens opningstid måndag til fredag kl. 08.00 - 15.30

For polikliniske undersøkingar blir pasienten belasta med eigendel, og dette beløpet inngår i eigendelstaket. Det er gratis for barn under 16 år.

Du må betale eigendel for desse behandlingane utført av sjukepleiarar:

  • lysbehandling
  • sårskift
  • grensestrålebehandling
  • iontoforese
  • smøre- og badebehandling (inkl. behandling av hovudbotn)
  • eksem-skule / handeksem-skule

I tillegg til eigendelen kan du bli belasta for pasientbetaling på kr 75,- for eventuelle bandasjar, bedøving, biopsiar og anna materiell som blir nytta ved undersøkinga / behandlinga. Denne pasientbehandlinga er ikkje omfatta av eigendelsordninga.

Om du ikkje møter til avtalt time eller avbestillar seinare enn 24 timar før avtalt tid, vil du bli belasta med ein eigendel (uavhengig om du har frikort eller ikkje).

Sjå oversikt over eigendelar, takstar og frikort på helsenorge.no

Korleis betalar eg?

Skal du betale etter timen vil du få ei tekstmelding med betalingsinformasjon. Du kan velge å betale med Vipps eller få tilsendt faktura, gebyrfritt/uten ekstra kostnader for deg. Du kan og betale med kort/kontakt i resepsjonen i Sentralblokka. 

Kontakt

Telefon

Hud poliklinikk ved Haukeland

55 97 39 50
  • Måndag 08:00 - 15:30
  • Tysdag 08:00 - 15:30
  • Onsdag 08:00 - 15:30
  • Torsdag 08:00 - 15:30
  • Fredag 08:00 - 15:30
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Hud poliklinikk Knarvik

55 97 08 17
Poliklinikken Knarvik er open måndag til fredag og telefontiden er kl. 08.00 – 15.00 (stengt mellom kl. 11.15 og 12.00).

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Hudbygget på Haukelandsområdet, Jonas Lies vei 73



Skabb

Skabb er ein midd som gir svært sterk kløe. Den smittar ved direkte hudkontakt, seksuell kontakt og i einskilde tilfelle via tekstilar.
Les meir om skabb
Kvinne klør på håndledd. Foto