Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.

Drift/teknisk divisjon

Drift/teknisk divisjon består av hovudparten av sjukehuset sine ikkje-medisinske avdelingar. Vi har eit breitt samansett fagmiljø som støttar opp under kjerneverksemda til sjukehuset.  Blant våre oppgåver er drift, reinhald, sikkerheit og vedlikehald av sjukehusets bygg og anlegg, medisinsk-teknisk utstyr, matforsyning,  transport og pasientreisar.

Dei fleste av sjukehusets ikkje-medisinske avdelingar høyrer til vår divisjon. Hos oss jobbar om lag 1000 ansatte i ulike seksjonar og avdelingar.
Våre oppgåver er mange og strekk seg over heile sjukehuset. Mellom anna har vi ansvar for:

  • Drift, reinhald, sikkerheit og vedlikehald av bygningar
  • Forsyne sjukehuset med mat, tøy og transporttenester
  • Planlegging av investeringer i nybygg, ombyggingar og utstyr
  • Medisinskfagleg dokumentasjon og foretakets arkiv / arkivsystem
  • Arealkoordinering 
  • Driftsbudsjett på 1,5 milliardar kroner 
  • Drift og vedlikehald av 440.000 kvm 
  • 13.500 einingar medisinsk-teknisk utstyr 
  • 850 millionar kroner i årlige investeringar i bygg, utstyr og anlegg

Leiing

Divisjonsdirektør Askjell Utaaker

Avdelingssjef Kari-Anne Eliassen

Kontakt

Postadresse

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus Drift/teknisk divisjon Postboks 1400 5021 Bergen