Hei, du må oppdatere nettleseren din for å kunne besøke oss.
Foto av Augebygget sett frå Jonas Lies vei

Augeavdelinga

Augeavdelinga tilbyr utgreiing og behandling av ulike augesjukdommar og skader hos born og vaksne. I Augebygget finn du poliklinikk, operasjon, dagkirurgi og vakteining for øyeblikkelig hjelp. Sengepost for augepasientar er i Sentralblokka 5.etg, i lag med Hode-hals og kjeve. I tillegg til pasientbehandling underviser me studentar, og utdannar augespesialistar for framtida.

Augeavdelinga har ein stor poliklinikk i Augebygget der pasienter kjem for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Vi har også fleire operasjonsstover og dagkirurgisk behandling.

Pasientar som skal innleggast, møter først i Augebygget og går seinare til sengeposten vår i 5. etasje, nord i Sentralblokka. Namnet på sengeposten er Hovud-hals, kjeve og auge.

I tillegg til pasientbehandling, underviser vi studentar og utdannar augespesialistar for framtida. Som pasient kan du difor bli spurd om å delta i undervisninga.

Avdelinga driv forsking på høgt internasjonalt nivå, og tilbyr fleire Lærings- og mestringskurs kvart år for pasientar og pårørande. 

Som pasient møter du eit tverrfagleg helsepersonell når du treng vårt behandlingstilbod. Det er kring 100 medarbeidarar i avdelinga; legar, sjukepleiarar, helsesekretærar, fotograf, optikar og ortoptist. Me er alle opptekne av å gje deg god service, behandling og pleie. Opplever du noko anna, så gjev oss beskjed!

Augeavdelinga samarbeider med fastlegar, avtalespesialistar og andre augeavdelingar i Helse Vest. Me har også eit godt samarbeid med rehabiliteringsavdelinga i Norges Blindeforbund. 

Våre einingar: 

Kjetil Sævartveit, avdelingsdirektør
Frank Jenssen, avdelingsoverlege
Elisabeth Thunström, seksjonsleiar poliklinikk
Anita Bjoro Soriano, seksjonsleiar operasjon
Susanne Varga, seksjonsleiar kontor
Mona Nordvik, rådgjevar 

 
I kontoreininga er vi opptekne av at du får eit godt møte med oss både når du kjem til avdelinga og når du treff oss på telefonen.
 
Sekretærar ved augeavdelinga jobbar med operasjons- og poliklinikkplanlegging, bemannar telefonsentral og resepsjonar og er del av vaktteam i augeavdelinga. I tillegg treff du helsesekretærar i poliklinikk som klargjer deg til behandling og gjer ulike augemålingar før du går inn til din legetime. 
 
 
 
 
 

Medisinsk fagleg ansvarleg: Avdelingsoverlege Frank Jenssen

  • Seksjon for barneoftalmologi:
    Konstituert seksjonsoverlege Anne Mellgren
    Utgreier og behandlar sjukdommar hos born, til dømes skjeling
  • Korneaseksjon:
    Konstituert seksjonsoverlege Ole Martin Enget
    Utgreier og behandlar dei fleste sjukdommar i hornhinna (kornea)

  • Kataraktseksjon:
    Seksjonsoverlege Nils-Erik Boonstra.
    Utgreier og opererer grå stær (katarakt) 

  • Glaukomseksjon:
    Seksjonsoverlege Andreas Askim.
    Utgreier og behandlar glaukom (grøn stær) i ulike stadium av sjukdommen. Utfører ulike laser- og kirurgiske prosedyrer.

  • Seksjon for medisinsk retina (netthinne):
    Seksjonsoverlege Morten Hove.
    Handsamer ein stor gruppe pasientar med våt makuladegenerasjon og pasientar med ulike andre sjukdommar i bakre del av auget

  • Seksjon for kirurgisk retina:
    Seksjonsoverlege Pål Varhaug.
    Utgreier og behandlar dei kirurgiske sjukdommane i netthinna, til dømes netthinneløysning.

  • Okuloplastisk/Orbitaseksjon:
    Seksjonsoverlege Dag Einar Lysebo.
    Opererer ulike tilstandar på augelokka og i tårevegar. I tillegg utgreier og behandlar pasientar med lidingar i augehola

Jobbe hos oss i Augeavdelinga?

Kan du tenke deg å jobbe med syn og augehelse?

Jobbe hos oss?
Diagram

Kontakt

Telefon

Sentralbord Augeavdelinga

55 97 41 00
Telefonen er åpen mandag til fredag kl 08 - 1530. Utenom telefontid, ring sentralbord tlf 55 97 50 00

Sengepost Hode-hals, kjeve og auge

55 97 35 15

Postadresse

Helse Bergen
Haukeland universitetssjukehus
Augeavdelinga
Postboks 1400
5021 Bergen

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Ekspedisjonen i Augebygget i 1. etasje  måndag - fredag kl. 08.00-15.30

Øyeblikkeleg hjelp: 

Vekedagar kl. 07.30-19.00:    Augebygget i 3. etasje.
Kveld etter kl. 19.00 og helg:  Akuttmottak i Sentralblokka. 

Treng du ein prat med rehabiliteringsrådgjevar?

Vi hjelper deg å sjå moglegheitene. Rehabiliteringsrådgivar frå Noregs Blindeforbund er tilstades i Augeavdelinga for råd og rettleiing til pasientar og pårørande.

Rehabiliteringsrådgivar tilstades
Brosjyrer fra Norges Blindeforbund vises frem til en person

      Kurs og møte

      • Aldersrelatert makula - degenerasjon - AMD
        Kurset er for personar som har fått diagnosen AMD og deira pårørande.
        Aldersrelatert makula - degenerasjon - AMD
        5.
        juni
        2025
      • Meistring av synstap
        Kunnskap gir auka tryggleik og meistring i kvardagen. På kurset er det mogleg med dialog med fagpersoner, og treffe andre som er i same situasjon som deg sjølv. Du kan og slå av ein prat med likeperson frå Norges Blindeforbund og Glaukomforeninga som er tilstades på kursdagen. Du kan gjerne ta med deg følge på kurset, skriv det i påmeldinga om det er aktuelt.
        Meistring av synstap
        14.
        oktober
        2025

      Innlegging for barn i Augeavdelinga

      Alle barn som treng augeoperasjon blir operert i narkose, og nokre barn får og gjort undersøking i narkose.
      Meir om innlegging for barn
      Interiør lekerom med bord og stoler for barn, tavle, lekekjøkken, TV og barnebilder på vegg. Foto

      Innlegging for vaksne i Augeavdelinga

      Både dei som skal bu i sengeposten og på Haukeland Hotell under opphaldet møtar i Augeavdelinga innleggingsdagen.
      Meir om innlegging for vaksne
      Interiør pasientrom på sengepost. To senger med skillegardin mellom, pasient ligger i en av sengene. Foto

      Synstelefonen

      Eit lågterskeltilbod der personar kan ringe inn med spørsmål om syn, augeplager eller synsrehabilitering.
      Synstelefonen
      Bilde av sjukepleiar Anette Særvold

      Informasjonsvideoar om augesjukdom

      Noregs Blindeforbund har laga ei rekkje informasjonsvideoar om ulike augesjukdommar og korleis auget fungerer.
      Sjå informasjonsvideoar om augesjukdom
      Lege forklarer pasient om øyet. Foto

      Synsrehabilitering

      Synsrehabilitering gjer deg i stand til å ha ein aktiv kvardag som blind eller svaksynt. Sjølv om synet svikter er det fullt mogleg å jobbe, trene, lage mat, bruke sosiale mediar, lese bøker og nyte livet!
      Les meir om synsrehabilitering
      Briller på synstavle. Foto

      Fagråd Syn

      Fagråd Syn er eit samarbeidsorgan for dei aktørane som er ei del av tilbodet til personar med synsnedsetting i tidlegare Hordaland fylke.
      Les meir
      tekst ses gjennom forstørrelsesglass

      Fleirregional behandlingsteneste for episkleral brachyterapi

      Informasjon om fleirregional behandlingsteneste for kreft i auget

      Les meir om behandlingstenesta
      Strektegning sykehusbygg

      Regionalt kvalitetsregister for arveleg netthinne sjukdom

      Registeret skal danne grunnlag for kvalitetsforbedring og forsking, og inneheld pasientrapporterte data og augemedisinske opplysningar.
      Les meir om kvalitetsregisteret
      Kvinneleg sjukepleiar gjer synsundersøking på kvinneleg pasient. Foto