Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Leger i spesialisering - LIS

Generell kirurgi (Voss)

Utdanning i spesialiteten Generell kirurgi (Voss)

Generell –og gastrokirurgi omfattar diagnostikk og behandling av tilstandar innan gastroenterologisk kirurgi og utvalde tilstandar innan urologi. Voss sjukehus har ansvaret for bariatrisk kirurgi i Helse Bergen. I tillegg avlastar vi Haukeland universitetssjukehus (HUS) med kirurgi på benigne tilstandar som til dømes brokk, gallesteinssjukdom, tarmreseksjonar og stomikirurgi. Ein stor del av aktiviteten gjeld laparoskopisk kirurgi med til dømes 230 bariatriske inngrep og 223 cholecystectomiar i 2018.

Kirurgisk avdeling disponerer 25 senger. I 2017 hadde vi 2097 heildøgnspasientar der 60% var øyeblikkeleg hjelp innleggingar.

Vi har fire stillingar for spesialistar i gastroenterologisk kirurgi. Overlækjarane er spesialistar i både generell- og gastroenterologisk kirurgi. Det er fire LIS stillingar. Ein er i rotasjon frå gastrokirurgisk avdeling HUS, to er i ordinær LIS II generell kirurgi stilling.

LIS går 8 delt vakt med fellesvakt for generell- og ortopedisk kirurgi. Det er heimevaktordning med passiv vakt etter kl. 22.00. LIS1 har tilstadevakt på sjukehuset og det er separate vaktlag for overlækjarar i generell- og ortopedisk kirurgi.

LIS2

Heile LIS2 løpet skjer ved Voss sjukehus og alle læringsmåla kan oppnås her. Forventa tid for gjennomført LIS2 løpet er 30-36 månader.

LIS3

Utdanningsløpet er lagt opp i samarbeid med gastroenterologisk avdeling HUS. Hovuddelen av utdanninga kan føregå ved kirurgisk avdeling Voss sjukehus, men ein del vert dekka ved gastrokirurgisk avdeling HUS. LIS vert oppmoda om å rotere til HUS når dei har meir enn 36 månaders tenestetid. Rotasjon innan andre kirurgiske seksjonar på HUS kan vera aktuelt for å få oppnådd alle læringsmål. 

Individuelt tilpassa opplegg i samsvar med kandidatens bakgrunn og kjennskap til mellom anna datasystema som er i bruk i Helse Bergen.

Kvar LIS får tildelt ein av overlækjarane som rettleiar. På operasjonsavdelinga arbeider LIS som regel saman med ein overlækjar. Dei har sjølvstendig poliklinikk. I tillegg får dei supervisjon i høve endoskopiske prosedyrar.

Det er sett av 4 timar per veke til fordjuping. Dette er fastlagt i arbeidsplanen til den enkelte LIS. Vegleiingssamtale ein time per månad, også dette går fram av arbeidsplanen.

LIS får fri til å delta i obligatoriske kurs. Utover dette deltek dei i internundervising med gastrokirurgisk avdeling HUS kvar tysdag.

Ein tek mål av seg at rettleiar og LIS skal gå gjennom alle læringsmål og vurdere den faglege progresjonen. Leiar og utdanningsansvarleg kan godkjenne læringsmål. Det blir sett av tid kvart halvår for evaluering av den enkelte LIS. Her vil rettleiar, aktuelle supervisører og utdanningsansvarleg vera til stades.

Vi har internundervising kvar onsdag. Innlegg ved alle lækjarar etter tur. Det er fellesundervising med HUS kvar tysdag, ca. 45 minutt. I tillegg traumeundervising kvar onsdag ettermiddag (videooverført frå Oslo universitetssykehus). Vidare er det årleg planlagt 6-7 blokkundervisingar à 3 timer med HUS. I tillegg teamtrening på traumemottak 4 timar per månad. Tema for internundervisinga og blokkundervisingane vert lagt kvart halvår, og tema er knytt opp til læringsmåla. LIS får høve til å delta på obligatoriske kurs i spesialistutdanninga.

Det vil bli oppretta grupperettleiing. Vi arbeider også for telelinkkopling til førelesningar i etikk og forskingsmetodar som vert haldne på HUS.

Utdanningsansvarleg overlækjar har det overordna ansvaret for alle LIS på Voss sjukehus.

På kirurgisk avdeling er det eige utdanningsutval med ein overlækjar og ein LIS.

Det skal oppmuntrast til forsking for alle LIS. For tida har vi ein overlækjar med doktorgrad. Særleg innan fagfeltet bariatrisk kirurgi er det forskingsaktivitet, både i samarbeid med kollegar på HUS og i fellesprosjekt med dei andre helseføretaka i Helse Vest.

Ved tilsetting vil det bli utarbeidd ein individuell utdanningsplan for LIS, som viser kva LIS skal gjennomføre (læringsmål, læringsaktivitetar og læringsarenaer), basert på kor i utdanningsløpet LIS startar. Den individuelle utdanningsplanen vert utarbeidd av LIS i samarbeid med rettleiar og ev. utdanningsansvarleg overlækjar. Planen skal godkjennast av leiar.

Vi har teamtrening for traumemottak ein gong per månad. Ei gong per år deltek vi med team på praktisk trening i skadekirurgi på gris ved HUS.

Vi tek sikte på eit samarbeid med Ferdighetssenteret på HUS for simulatortrening i til dømes endoskopi. Vi har elles D-box til trening på laparoskopiske prosedyrar.

Det er YLF representant som går på tillitsvaldkurs etter ynskje og behov.

For spørsmål om spesialistutdanninga ta kontakt med: 

  • ​Avdelingsoverlækjar Christer Kvelvane - eller 
  • Utdanningsansvarleg overlækjar Tor Nedrebø
Sist oppdatert 08.04.2024