Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
Fastlegesida
Samhandlingslegen
Samhandlingslegen er eit nettverk av allmennlegar som arbeider for å utvikle eit godt samarbeid mellom sjukehusavdelingar og allmennlegar/private spesialistar.
Her legg vi ut nyheiter som er aktuelle for samarbeidet mellom Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass diakonale sykehus, Betanien sykehus og legar i primærhelsetenesta.
Viktige arbeidsoppgåver er tilvisingar og epikriser, kliniske retningsliner og pasientforløpsstudiar. I sin funksjon skal Samhandlingslegen medverke til å sikre heilskapen og kvaliteten i pasientforløpet.
Samhandlingslegen har mellom anna følgjande oppgåver:
Bidra til å utvikle godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Utarbeiding av retningslinjer for god tilvisings- og utskrivingspraksis og skriving av gode epikriser
Bidra til betre informasjonsflyt mellom primærhelsetenesta og helseføretaket ved å blant anna gi ut Samhandlingsnytt
Etablere og rettleie om rutinar for samhandling
Leggje til rette for gjensidig hospitering
Den Norske Legeforeininga meiner: Samhandlingslegen bør bli innført ved alle kliniske sjukehusavdelingar.
Erfaringar tilseier at ordningen gir betre samhandling både på system- og individnivå. Undersøkingar viser at samarbeid mellom sjukehuslegar og allmennlegar gir betre fagleg kvalitet på tiltak i helsetenesta.
Tiltak for betre pasientflyt
Bidra til å utvikle godt samarbeid mellom primær- og spesialisthelsetenesta.
Ønsker du som fastlege å hospitere i 1- 3 dager ved Haukeland universitetssjukehus, ta kontakt med samhandlingslege Marianne Warloe på marianne.warloe@helse-bergen.no.
Samhandlingslegen formidler nyheiter frå sjukehusene her på heimesida, på Facebook under "Samhandlingslegen i Bergen og omegn", og i digitale nyhetsbrev sendt ut på mail.