Innovasjon ved Haukeland universitetssjukehus
Innovasjon dreier seg om å utvikle og innføre nye og betre produkt og tenester, men også om forbetringar i verksemda i form av betre og meir kostnadseffektive prosessar, organisatoriske løysingar og pasientflyt.
![Helsepersonell på operasjonsstue. Foto](/4aa6c2/contentassets/b3e5275f13e040f1bf6a9326961a6fac/dagthorax01.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Kvinneklinikken har ambisjonar om å vere eit fyrtårn for kvinnehelse i Noreg. Forsking og innovasjon speler er ein viktig rolle, og KK har for tida to spanande innovasjonsprosjekt: FetoCalc og Gravidia
![Gravid kvinne med smarttelefon. Foto](/4aa3e1/contentassets/b3e5275f13e040f1bf6a9326961a6fac/colourbox27998497.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
3D-printing
3D-printing er ein produksjonsmetode der ein lagar eit fysisk objekt basert på ei digital fil. Medisinsk-teknisk avdeling på Haukeland har brukt denne teknologien sidan 2015, og vi finn stadig nye bruksområde.
Sidan 3D-printing er godt eigna for å lage kompliserte former og kan produsere i ein rekkje forskjellige materiale, er det nesten ingen grenser for kva bruk ein kan sjå for seg innan helse.
![3D-modell av underkjeve. Foto](/4aa3e3/contentassets/b3e5275f13e040f1bf6a9326961a6fac/3d-print-underkjeve.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Sist oppdatert 03.09.2024