Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
ct-maskin. foto

Radiologisk avdeling, CT

Vi utfører CT-undersøkingar, og nokre CT-rettleia inngrep som biopsi og radiofrekvensablasjon. Dei fleste av våre undersøkingar krev at du som pasient er førebudd på førehand. Mange av undersøkingane våre foregår ved bruk av intravenøst kontrastmiddel som hjelpemiddel til å forbetre diagnostikken. Alle som skal få intravenøs kontrastvæske må ha avklart nyrefunksjonen ved ein blodprøve før timeavtale. Informasjon om blodprøvetaking og andre førebuingar vil følgje med som informasjon i innkallinga di.

Skal du ta CT møter du ein radiograf på ein av våre fleire CT-laboratorium.

CT står for Computed Tomography og er ein undersøkelse som vert brukt for å framstille detaljer i indre organ og skjelett. Nokre undersøkingar krev drikke av vatn og/eller kontrastvæske på førehand. Dette vil du få beskjed om frå radiologisk avdeling. Ved fleire CT-undersøkingar vert det nytta kontrastmiddel i blodåra, intravenøst, for å framstille organa best mulig. I forkant av desse undersøkingane treng du ta ein blodprøve. Dette vil framkomme av informasjonsbrev du mottar i forkant av timen din.

Dersom du er gravid, gje beskjed før undersøkinga. Sjå også gjerne denne informasjonsfilmen om graviditet og stråling, utarbeida av Statens Strålevern i samarbeid med Radiologisk avdeling, Akershus Universitetssykehus

 

Les meir om CT-undersøking

Kontakt

Timebestilling

  • Måndag 08:00 - 15:00
  • Tysdag 08:00 - 15:00
  • Onsdag 08:00 - 15:00
  • Torsdag 08:00 - 15:00
  • Fredag 08:00 - 15:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Radiologisk avdeling sine CT-laboratorium finn du i 1. etasje i Sentralblokka. Me har også ein CT lokalisert i etasje U, og ein CT som ligg i Mottaksklinikken. Denne nyttast til rask diagnostikk av pasientane som vert innlagt via Mottaksklinikken (tidlegare Akuttmottak).

Ny førebuing for pasientar som skal ha intravenøs jodkontrast ved radiologiske undersøkingar

Frå 1. september 2018 blir det endringar i rutinane for pasientar som skal til radiologiske undersøkingar der ein nyttar jodkontrastmiddel. Dette gjeld tid for blodprøvetaking (eGFR), hydrering av pasientar med lav nyrefunksjon og seponering av metformin.
Nye rutiner for intravenøs jodkontrast
ct-maskin. foto