Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS)
Bjørgvin distriktpsykiatriske sjukehus (DPS) er lokalsjukehus innan psykisk helse for vaksne (over 18 år), som bur i bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune og i kommunane Alver (Meland, Lindås og Radøy), Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for menneske med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi tilbyr poliklinisk behandling, dagbehandling, døgnbehandling og akutt hjelp.
Kontakt
E-post
Slik finn du fram
Oppmøtestad
Bjørgvin DPS har stader både på Tertnes i Åsane og på Knarvik i Nordhordland. Begge stadene tilbyr eit breitt spekter av tenester innan psykisk helsevern og behandling. Vi legg stor vekt på å skape ein trygg og støttande atmosfære for våre pasientar, og vårt dedikerte team av fagfolk står klare til å bistå dei som treng det, enten det er i Tertnes eller Knarvik.
Region Nordhordland helsehus, Knarvik
Kvassnesvegen 40
5914 Isdalstø
Praktisk informasjon
Her finn du informasjon om kva du kan gjera for å førebu den fyrste samtalen, kva som skal skje under den fyrste samtalen og korleis behandlinga går for seg.
Er du pårørande?
Det kan vere utfordrande å vere pårørande til ein person med psykiske helseutfordringar. Her finn du informasjon retta både mot vaksne pårørande og barn som er pårørande.
Hjelp deg sjølv i ventetida
Her finn du informasjon om vanlege psykiske vanskar, råd og resursar som kan vere til hjelp for deg og familien din.
Aktivitetar og tilbod
Psykiske problem har ofte samanheng med, og kan påverke forholdet til våre medmenneske. Vi vektlegg derfor aktivitet og samhandling.