Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.
To ansatte i korridoren på Hematologen

Blodsjukdommar

Ved Seksjon for blodsjukdommar greier vi ut og behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Vi har også regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon (beinmargstransplantasjon).

Helsepersonell på vaktrom. Foto
 

Ved Seksjon for blodsjukdommar greier vi ut og behandlar pasientar med mistanke om eller påviste blodsjukdommar frå heile Helse Bergen sitt opptaksområde

Seksjonen har også regional funksjon for handtering av ei rekke blodsjukdommar og fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon (beinmargstransplantasjon). Seksjonen følger opp pasientar med etablerte blodsjukdommar ved poliklinikken. Seksjonen har stort fokus på informasjon om sjukdommar til pasientar og pårørande. 

Seksjonen har eitt av dei mest aktive forskingsmiljøa i helseregionen. Vi driv både med grunnforsking og klinisk forsking.

Organisering
Seksjonen har ein sengepost (Medisin 5 Nord) for utgreiing og behandling av inneliggande pasientar og til dagbehandling. Seksjonen deler ein stor poliklinisk aktivitet med dei andre seksjonane ved Medisinsk klinikk.

Legar ved seksjonen:
Per i dag har seksjonen åtte overlegar, to av desse er professorar. Seksjonen har fire legar i spesialisering og éin turnuslege.

Pasientar kan delta i ei rekke kliniske studier ved seksjonen. 

Sjå oversikten over kliniske studer  

Laboratorieprøver. Foto
 

Sjukdomar som blir behandla og forska på ved Haukeland universitetssjukehus.

Forskingsbiobank for blodsjukdommar

Kontakt

Telefon

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Medisinsk Ekspedisjon ligg i 2. etasje i Sentralblokka. Følg skilta frå heis eller rulletrapp til Medisinsk poliklinikk og dageining. Kjem du opp rulletrappa i 2. etasje ligg ekspedisjonen til høgre og igjennom døra.

Logg inn for å endre time

Gi blod

Det finst inga erstatning for blod. Blod er eit levande materiale, og sjølv med moderne og avansert teknologi kan ikkje blod framstillast kunstig. Kvar dråpe tel.
Blodbanken
En person som holder en flaske