Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Prospective Breast Cancer Biobank (PBCB)

Prospective Breast Cancer Biobank (PBCB) - Generell forskningsbiobank. Regionalt biobank-ansvarleg: Prof. Gunnar Mellgren, Haukeland Universitetssjukehus (HUS). Lokalt biobank-ansvarleg HUS: Thomas Helland, HUS. REK Nord sak: 2010/1957

Den generelle forskingsbiobanken PBCB er eit regionoalt samarbeid mellom Haukeland Universitetssjukehus (HUS) og Stavanger Universitetsjjukehus (SUS) der vi samlar inn materiale frå brystkreftpasientar. 

Materiale vil bli nytta både til pågåande og framtidig fosking på brystkreft ved HUS/SUS, samt i samarbeid med institusjonar i inn- og utland. Spesielt for PBCB er den systematiske og breie innsamlinga av blodprøver, som vil danna eit unikt grunnlag for ein betra biologisk forståing av brystkreft, bl.a. med betre biomarkørar for diagnostikk, prognose og predikasjon av behandlingsprosess. Forskinga vil også legga grunnlag for å utviklea nye medikament eller behandlingsmetodar. 

I 2011 starta HUS med det biologiske materiale til PBCB. Til nå er det inkludert over 1100 pasientar i Bergen. De inkluderte pasientane vil verta følgt regelmassig i 11 år med blod- og urinprøvar kvart år. Blodprøvane vil bli lagra i PBCB for framtidig fosking i prosjekter godkjent av Regional Etisk Komitè. 

Ved HUS skjer oppfølginga av pasientane i samarbeid mellom Bryst- og endokrinkirurgisk seksjon ved Kirurgisk avdeling og Hromonlaboratoriet. 

Forskningsartikler som bruker PBCB-materiale

Vi er takksame for at du medverkar til biobanken og ny kunnskap for framtida. 

Har du spørsmål eller ønskar å gi oss ei tilbakemelding?
Ta gjerne kontakt på e-post: thomas.helland@helse-bergen.no

Sist oppdatert 06.09.2024