Ein studie frå PROCARD Forskningsgruppe
CONCARD
CONCARDPCI studien omhandlar pasientforløp, samhandling og integrering av akuttbehandling og rehabilitering. Korleis pasientar med gjennomførd utblokking av hjartets kransårer (PCI) erfarer kontinuitet mellom profesjonar, nivå og sektorar etter utskrivelse frå sjukehus blir undersøkt og om desse pasientrapporterte data kan predikera helseutkomme, reinnleggelser og død.

Prosjektet undersøker òg bruk av helsetenester, kostnader og prediktorer for kostnader på tvers av sektorar etter PCI. Studien inkluderer meir enn 3000 pasientar som har gjennomførd PCI. Prosjektleiar for studien er professor Tone Merete Norekvål
Nyheiter frå CONCARD
- 3. januar 2025Helse hos dei eldste eldre etter avansert hjartebehandling - ny doktorgrad i PROCARD
Irene Instenes disputerte 08.11.24 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Physical, mental and social capacities and long-term outcomes in octogenarian and nonagenarian patients after percutaneous coronary intervention».
- 26. januar 2024Utskrivingsinformasjon om biverknader indikerer lågare sjølvrapporterte biverknader og færre bekymringar hos pasientar etter perkutan koronar intervensjon
Biverknader frå anbefalt behandling er vanleg hos pasientar med hjarte- og kar sjukdom. Likevel er det avvik mellom informasjonen pasientar ynskjer om biverknader og informasjonen dei får frå helsepersonell.
- 7. desember 2023Fenotyping av sjølvrapporterte helseprofilar hos pasientar i alder 80 år og 90 år etter gjennomført utblokking av hjartets kransårar
Fenotyping av sjølvrapporterte helseprofilar hos pasientar i alder 80 år og 90 år etter gjennomført utblokking av hjartets kransårar
- 17. oktober 2023Kjønnsforskjellar i førekomst av sjølvrapporterte biverknader
Under årets European Society of Cardiology kongress deltok Trond Røed Pettersen i Nursing and Allied Professions Investigator Award Session i konkurranse med forskarar frå Japan og Tyskland. Her vann Røed Pettersen pris for foredraget sitt om kjønnsforskjellar i førekomst av sjølvrapporterte biverknadar.
- 4. oktober 2023Health literacy in patients with coronary artery disease following percutaneous coronary intervention
Gunhild Brørs disputerte 22.9.2023 for Ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Health literacy in patients with coronary artery disease following percutaneous coronary intervention».
- 29. september 2023eHelsekompetanse og risiko for koronar hjartesjukdom
Ein ny artikkel frå CONCARDPCI-prosjektet har undersøkt bruk av internett for å finna helserelatert informasjon og eHelsekompetanse blant pasientar ved tidspunkt for utblokking av hjartets kransåre