Bruk av pasientrapporterte data er i aukande grad inkludert i forskingsstudiar og blir kombinert med kliniske utkommemål. I forskinga til PROCARD er det pasienten sin stemme som løftast fram. Pasienterfaringar er derfor sentrale i forskinga. Målet er å fremje ei pasientsentrert pleie og behandling, kor pasienten aktivt kan delta i beslutningar om eiga helse. Dette er i tråd med politiske føringar relatert til brukarmedverknad i helsetenesta.
PROCARD er ei forskingsgruppe som vart formelt oppretta hausten 2009, og vert leia av professor Tone M. Norekvål.
Prosjekta i PROCARD
- eHjerteRehab
Hjarteavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus er i ferd med å ferdigstilla ei digital hjarterehabilitering (HR), eHjerteRehab.
- BECARES
Dette er ein studie der ein undersøker erfaringar og pasientrapporterte utkomme hjå pasientar med koronar hjartesjukdom som deltek i tidleg hjarterehabilitering.
- CARDELIR
Studien er ein av dei første som undersøkte førekomst, utvikling og konsekvensar av delirium hjå pasientar over 80 år.
- CONCARD
Studien omhandlar pasientforløp, samhandling og integrering av akuttbehandling og rehabilitering.
- DelirPrevent
Studien har som mål å auke kunnskap, kompetanse og medvit hos helsepersonell om tilstanden delirium.
- Follow AVR - oppfølging av pasientar etter klaffekirurgi
Om lag 2 av 100 personer over 75 år utviklar aortastenose, og førekomsten aukar med aukande alder. Behandlinga er innsetting av mekanisk eller biologisk hjarteklaff ved open hjartekirurgi (AVR) eller kateterbasert metode (TAVI).
Nyheiter frå PROCARD
- 3. januar 2025Helse hos dei eldste eldre etter avansert hjartebehandling - ny doktorgrad i PROCARD
Irene Instenes disputerte 08.11.24 for Ph.D.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Physical, mental and social capacities and long-term outcomes in octogenarian and nonagenarian patients after percutaneous coronary intervention».
- 11. desember 2024Stor interesse for utvikling av nye tenester
Eit stormøte om eHjerteRehab på Haukeland nyleg samla interesserte frå både inn- og utland. Totalt fekk over 100 deltakarar høyre om digital hjarterehabilitering og utvikling av nye tenester.
- 29. november 2024Testing av livetrening i eHjerteRehab
Hjerterehabilitering er sterkt tilrådd i internasjonale retningslinjer då det reduserer dødelegheit og reinnleggingar samt betrar helserelatert livskvalitet hjå pasientar med hjartesjukdom. Trass i desse positive effektane er deltaking på hjarterehabilitering nasjonalt så lågt som 14%. Gjennom forsknings- og innovasjonsprosjektet eHjerteRehab ønskjer vi å gjera noko med akkurat dette.