Fagsenter for pasientrapporterte data
Bruk av pasientrapporterte data er i aukande grad inkludert i klinisk praksis og i forskingsstudiar, og fleir og fleir ønskjer å kartleggje pasientane sine erfaringar med helsetenesta. Hjå oss kan du få råd og rettleiing i val og bruk av PROM (pasientrapporterte utfallsmål) og PREM (tilfredsheit med helsetenesta) i dei medisinske kvalitetsregistra. I tillegg bistår Fagsenteret avdelingar som skal gjennomføre brukarerfaringsundersøkingar.