Vi anbefaler at du alltid bruker siste versjon av nettleseren din.

Fleirregional behandlingsteneste for usikker somatisk kjønnsutvikling

Behandlingstenesta omfattar diagnostikk og behandling av barn der det ved fødsel er vanskeleg å fastslå barnets kjønn, eller der det seinare kjem fram teikn på feil i kjønnsdifferensieringa.

Tenesta omfattar også diagnostikk og behandling av:

  • perineale hypospadiar
  • alle grader av hypospadi dersom ikkje begge testiklar ligg i pungen
  • pasientar med kjønnskromosommosaikkar (for eksempel undergrupper av Turner syndrom)
  • pasientar med medfødde syndrom som omfattar genitale misdanningar
  • pasientar med manglande eller ufullstendig utvikling av pubertet som følgje av feil i somatisk kjønnsutvikling og seint-debuterande kongenitt binyrebarkhyperplasi (CAH) hos jenter
I tråd med dette omfattar tenesta diagnosar innan desse ICD10-kodene: E25, E28-30, E34, Q50-56, Q64 og Q96-98.

Tverrfagleg team

Undersøking og behandling av desse tilstandane krev høgt spesialisert kompetanse frå ulike faggrupper, og det er difor oppretta team koordinert av lege ved Barne- og ungdomsklinikken. Her inngår barnelege, barne- og ungdomspsykiater, gynekolog, plastikkirurg og sjukepleiar. I tillegg er det etablert fast samarbeid med barnekirurg og genetikar. Oppfølging vil i dei fleste tilfelle strekke seg heilt inn i vaksenalder.

 
For å sikre god kvalitet og einsarta behandlingstilbod, er tenesta sentralisert til ei fleirregional behandlingsteneste lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus og Oslo universitetssykehus.

Tilvising 

  • Ved akutte tilvisingar som gjeld nyfødde kan lokal barneavdeling kontakte vakthavande barnelege på nyfødt intensivavdeling på Barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland universitetssjukehus eller Oslo universitetssykehus.
  • For tilvisingar som ikkje er akutte, kan barnelege eller lege i primærhelsetenesta ta kontakt på telefon eller sende søknad til:

    Helse Bergen
    Haukeland universitetssjukehus
    Barne- og ungdomsklinikken
    Seksjon for endokrinologi og metabolisme
    Postboks 1400
    5021 Bergen 

    eller

    Oslo universitetssykehus
    Kvinne- og barneklinikken
    Barnemedisinsk avdeling
    Barnesenteret/Henvisning
    Ullevål sykehus
    Postboks 4956 Nydalen
    0424 Oslo 

 

Kontakt