Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Livets siste dagar - plan for lindring i livets sluttfase

Livets siste dagar - plan for lindring i livets sluttfase er fundert på internasjonale prinsipp og nasjonale tilrådingar for omsorg til døyande. Bruk av ein slik plan kan sikre ei felles ramme og struktur for behandling, pleie og omsorg i sluttfasen av livet. Livets siste dagar er ei vidareutvikling av Liverpool Care Pathway (LCP), tilpassa for bruk i Noreg.

Trær og grener mot himmel, ett oransje blad henger på gren. Foto. Foto.

​Nettverkskoordinator

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) har funksjon som koordinerande senter for bruk av Livets siste dagar. Koordinator kan svare på spørsmål knytte til mellom anna registrering, implementering og praktisk bruk av planen.

Kontaktinformasjon

Nettverkskoordinator
Grethe S. Iversen
Telefon 992 04 009

Samarbeid nasjonalt og internasjonalt

Noreg har ei eiga referansegruppe og team for bruk av Livets siste dagar.

landsdekkende referansegruppe.pdf

Dette er  tverrfaglege grupper med bakgrunn frå sjukeheimsmedisin, geriatri og palliasjon.
Universitetet i Liverpool i England er koordinerande senter for den internasjonale samarbeidsgruppa International Collaborative for Best Care for the Dying Person, som Noreg er del av gjennom KLB.

KLB er av samarbeidsgruppa godkjend som eit internasjonalt referansesenter for omsorg til døyande og d​eira pårørande.

Bruk av Livets siste dagar føreset at alle faggrupper som gir behandling, pleie og omsorg til døyande pasientar og deira pårørande, har kompetanse i grunnleggande palliasjon. Den enkelte tenestestad har ansvar for at planen vert brukt etter hensikta.

Livets siste dagar kan nyttast ved forventa dødsfall hos vaksne, uavhengig av pasienten sin diagnose. Det er kriterium som må følgast for å ta planen i bruk. Bruken av planen skal fortløpande vurderast og alltid revurderast dersom pasienten sin tilstand vert betre, dersom det vert uttrykt tvil, bekymring eller usemje rundt bruken av planen, eller planen er brukt i inntil tre døgn.

Kort orientering om Livets siste dagar (pdf)

Vi har utarbeidd ein fagprosedyre for implementering og bruk av planen Livets siste dagar. Fagprosedyren vart oppdatert i 2020.

Fagprosedyre for Livets siste dagar

Registrering er eit krav for å ta i bruk Livets siste dagar.
Kontakt oss gjerne for råd. 
Registreringspakke for bruk av Livets siste dagar.pdf

Hos Kirkens Bymisjon i Oslo kan ein bestilla heftet "Når livet går mot slutten", som kan vere aktuelt å gi til pårørande når Livets siste dagar vert brukt.

Rettleiing på andre språk til pårørande på blant anna engelsk, spansk og vietnamesisk.




Sist oppdatert 27.06.2024