Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Kan tabletten delast eller knusast? Kan kapselen opnast?

Av og til er det nødvendig å knuse eller dele tablettar eller opne kapslar, for å lette svelging av heile doser. Ikkje alle tablettar og kapslar kan «herjast med», slik herjing kan endre eigenskapane til tabletten eller kapselen og gi endra effekt og auka risiko for biverknader av legemiddelet. Ved Oslo universitetssykehus (OUS) har dei utarbeida oppslagsverk (ei liste) for å sikre at slik herjing går rett for seg. Denne lista er eit godt verktøy også for dei som ikkje arbeider ved OUS.

OUS har gjort «Knuse- og delelisten» tilgjengeleg for alle, med opplysningar om over 800 ulike preparat med omsyn til denne tematikken. De​nne li​sta finn du her.​

Dersom du ikkje får opp lista direkte, er det mulig å forsøke denne lenka og så klikke seg vidare inn til lista.


F
or å kunne bruke opplysningane i «Knuse- og delelisten» på rett måte, er det viktig å vere kjent med OUS-retningslinja «Tabletter og kapsler – knusing og deling. 

Retningslinja finn du her.

 

Undersøke om andre administrasjonsformer kan brukast, som mikstur*, dropar, smelte- eller brusetablettar

Dersom det er mulig å løyse/slemme opp tabletten i vatn er dette å føretrekke, bruk gjerne ei peroral sprøyte til dette (mindre tap av legemiddel og mindre eksponering av legemiddelstøv ved istandgjering)

Bruk hjelpemiddel om mulig, som tablettdelar og/eller -knusar

Tablett- og kapselpulver smakar vanlegvis vondt

Tablettar og kapslar kan vere vare for lys og fukt, knusing og deling bør gjerast rett før administrering

Delestrek/delekors er til hjelp ved svelging, ikkje for å gi delar av tabletten. Dei ulike delane av tabletten kan i teorien innehalde ulike mengder legemiddel

Slik «herjing» kan påverke opptak av legemiddelet, med risiko for endra effekt eller biverknader. Dette er spesielt viktig for legemiddel med smalt terapeutisk område (som warfarin og digoksin), og for nokre blodtrykksenkande legemiddel vil raskare opptak gi større blodtrykksfall.

*Det er laga ei oversikt over tilgjengeleg miksturar, som også inkluderer apotekproduserte og importerte miksturar. Oversikta ligg her.
Ti
ps og råd er henta frå OUS-retningslinja «Tabletter og kapsler – knusing og deling».

Første val er miksturar eller oppløyselege tablettar / brusetablettar / smeltetablettar

Ved behov for å gi knuste eller «oppløyste» tablettar eller kapselinnhald
 sjå flytskjema, samt «Knuse- og delelisten»

Det er auka risiko for tetting av sonden ved bruk av viskøse væsker og legemiddel i fast form som er oppslemma i væske. Risikoen aukar med tynnare sondar

Skylling etter legemiddel er viktig

Sondeernæring og legemiddel skal som hovudregel ikkje blandast

I nokre tilfelle kan intravenøse formuleringar brukast peroralt, ta kontakt med sjukehusapotek for råd om dette

Desse tipsa er henta frå OUS-retningslinja «Legemidler i sonde» som du finn her.

Sist oppdatert 28.06.2024