Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Etterlattemapper

Denne mappa inneheld eit hefte med viktig informasjon om sorgarbeidet og tida etter eit dødsfall og ei minnebok spesielt laga for barn.

En gruppe fargerike bokser

Etterlattemappene er til bruk i Helseregion Vest.

Ei mappe er til bruk på sjukehus og ei til bruk for kommunehelsetenesta.

Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest har i samarbeid med representantar frå Prestetjenesta og Lungeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus, tidlegare Sunniva avdeling  ved Haraldsplass Diakonale Sykehus og kommunar i regionen, produsert mapper for etterlatte. 

Ideen til mappene er henta frå Universitetssykehuset Nord-Norge (UNN). 

Etterlattemappene er til bruk i Helseregion Vest, og kan kostnadsfritt bestillast direkte  frå kompetansesenteret: lindrende.behandling@helse-bergen.no

Sist oppdatert 28.06.2024