Rutinar for sending av biologisk materiale
Sending av prøver
Legekontor som ikkje er knytt til vår henteteneste må sende prøvene per post. Konvoluttar med tilhøyrande fraktetikettar kan bestillast på analyseoversikten.no. Våre konvoluttar er riktig merka og godkjent for innsending av biologisk materiale.
Sending av biologisk materiale skal skje i samsvar med regelverket. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (dsb) har utarbeidd ein rettleiar om sending av smittefarleg biologisk materiale, Det er avsendar sitt ansvar å sjå til at smittefarleg biologisk materiale er riktig klassifisert, pakka, merka og at riktige dokument medfølgjer sendinga. Melding om feilaktig emballert prøve blir sendt avsendaren.
Biologisk materiale skal i de aller fleste tilfelle klassifiseres som farlig gods, kategori B, og er tillatt sendt i posten.