Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukarstøtte

I samband med bruk av behandlingsprogramma i eBehandling kan det dukke opp vanskar knytt til tilgang, pålogging og sjølve behandlinga. På denne sida vil vi forsøke å hjelpe deg med dette.

 

Illustrasjon med to kvinner og en mann, fire store puslespillbiter, en stige og snakkeboble med lyspære.

Dersom det er tekniske feil eller problemar i forbindelse med behandlinga er det viktig at desse kjem fram til oss. Vi ynskjer å løyse desse raskast mogleg for at du skal kunne bruke behandlingsprogrammet på ei god måte.

Dersom du har problem med å logge deg inn i programmet kan du ta kontakt på telefon 56 34 32 50.

Dersom du opplev tekniske vanskar under sjølve behandlinga, må dette beskrivast best mogeleg og tas opp med din behandlar i ei melding inne i programmet.

 

  • Innlogging er ikkje tilgjengeleg før du har fått ein SMS frå eBehandling om at du kan starte opp i behandlinga.

  • Har du fått SMS, men innlogging fungerer ikkje likevel​? Ring eMeistring på telefon 56 34 32 50 og gi beskjed, så skal vi rette opp dette.

  • IDporten brukes til innlogging. Dette er samme type innlogging som i nettbanken din eller offentlige tjenester som Altinn, Helsenorge.no etc.​

Kvart behandlingsprogram inneheld kapittel med ulike tema du skal lese. Det er også tilknytta spørreskjema til kvart kapittel som du skal svare på. I tillegg skal du jobbe med ulike oppgåver og øvingar gjennom heile behandlingsforløpet. 

Kvar veke vil du få tilgang til eit nytt kapittel, dersom du er ferdig med det forrige. Før du får tilgang til eit nytt kapittel, vil du bli bedt om å fylle ut nokre spørreskjema før du får tilgang til det nye innhaldet. Dette er for at du og din behandlar skal kunne følge med på korleis det går med deg undervegs og å evaluere om du er på rett spor.    

Kommunikasjonen mellom deg og behandlar skjer via ei meldingsteneste inne i behandlingsprogrammet. Om du har spørsmål eller noko du ynskjer å formidle undervegs i behandlinga, bruk først og fremst denne meldingstenesta til å halde kontakten med din behandlar. Ved behov kan behandlaren også ta kontakt med deg på telefon, eller sette opp ein ordinær samtale underveis.

Meldingstenesta er ikkje ein chat der behandlaren les meldingar umiddelbart. Behandlaren seier frå ved oppstart kva dagar han eller ho vanligvis er innlogga og gjev deg tilbakemelding på arbeidet du har gjort.​​

​Alle pasientar som mottar behandling hjå eBehandling blir bedt om å samtykke til at vi brukar informasjon fra behandlinga i forskning. Dette er for at vi skal kunne evaluere og vidareutvikle behandlingstilbodet. Alle data blir anonymisert og kan ikkje identifiserast.

Følgjande forskningsspørsmål blir undersøkt:

  • Kva er effekten av veileda internettbehandling i ordinær klinisk praksis?
  • Kva kjennetegner dei som har nytte av veileda internettbehandling i ordinær klinisk praksis?
  • Kva er dei helseøkonomiske konsekvensane av å bruke veileda internettbehandling i ordinær praksis?

Til saman gjer dette betydeleg bidrag til nasjonal- og internasjonal forskningslitteratur.

Du vil få meir informasjon om samtykke til forskning i vurderingssamtalen med din behandlar, og når du logger deg inn i behandlinga.​

Sist oppdatert 12.04.2024