Rekrutteringsprogram
Rekrutteringsprogram i klinisk psykologi
Er du student og brenn for god psykologisk behandling? Lurer du på korleis behandling kan endre hjernen? Bergen Center for Brain Plasticity i samarbeid med Senter for krisepsykologi inviterer til spanande rekrutteringsprogram i klinisk psykologi. Neste kull startar opp hausten 2022.
Bergen Center for Brain Plasticity (BCBP) undersøker korleis psykologisk behandling fører til endring i hjernen, samt korleis ny kunnskap om hjernen, genetikk, og epigenetikk kan bidra til å forklare kvifor nokon pasientar ikkje har nytte av dagens behandling.
Rekrutteringsprogrammet er aktuelt for studentar ved profesjonsutdanninga i psykologi ved UiB som hausten 2022 har B-kull. Praksisprogram over 4 år parallelt med studiet. Totalt 12 studentar.
Informasjonsmøte
Digitalt informasjonsmøte for alle interesserte onsdag 26. januar kl. 12.30
Søknadsfrist
Søknadsfrist 1. februar 2022
Søknadsskjema for rekrutteringsprogram Bergen Center for Brain Plasticity
Meir informasjon om rekrutteringsprogrammet (PDF)