Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spisevanskar og spiseforstyrring

Alvorlege spiseforstyrringar er sjeldne, men kan ha alvorlege konsekvensar. Det er derfor viktig med førebygging og tidlege tiltak.

​Mange barn har periodar der dei et lite eller selektivt, utan at det blir eit problem. Dersom det varer over tid og barnet ikkje får dekka næringsbehovet sitt, kan det vere teikn på eit meir alvorleg spiseproblem.

Misnøye med eigen kropp og slankeåtferd er vanleg blant ungdom. Vi snakkar først om spiseforstyrringar når mat, kropp og vekt blir opplevd som viktigare enn alt anna, slik at det styrer tankar, følelsar og oppførsel og går utover korleis ein fungerer i kvardagen.

Det finst i dag gode behandlingstilbod for denne type vanskar. Lette spisevanskar kan behandlast i kommunen. Mistanke om spiseforstyrringar gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Spisevanskar hos barn er kjenneteikna av at barnet har vanskar med å ete eller drikke det som er nødvendig for å dekke næringsbehovet sitt. Vanskane syner seg ved at barnet har eit anstrengt forhold til mat eller måltid, eller at dei vegrar seg for å ete. Barn kan då utvikle eit veldig selektivt eller sært etemønster. Andre barn kan ha munn- og svelgmotoriske vanskar som gjer det vanskeleg å ete. Spisevanskar kan også oppstå i samband med medisinske komplikasjonar i nyføddperioden, sjukdommar i mage og tarmkanalen, eller ved utviklingsforstyrringar som autisme eller ADHD.

Spisevanskar hos barn kan ein dele inn i tre kategoriar. Barn kan ha ein eller fleire av desse vanskane;

  • vanskar relatert til mengde: at barnet et lite eller vegrar seg for å ete
  • vanskar relatert til konsistens: at barnet har vanskar med å tygge eller svelge mat som andre på same alder meistrar
  • vanskar relatert til variasjon: at barnet er svært kresent eller sær når det kjem til mat

Nokre spisevanskar er forbigåande, mens andre kan vare over tid, i enkelte tilfelle gjennom heile livet. Nokre gonger veit ein kvifor barnet har vanskar med mat, andre gonger er det vanskeleg å vite årsaka. Vanskane kan vere relatert til psykososiale belastningar eller til utfordringar i samspelet mellom barn og foreldre. Vanskane kan vere avgrensa, eller dei kan vere eit resultat av somatiske, motoriske, emosjonelle, sosiale og ernæringsmessige faktorar som verkar saman.

I alvorlege tilfelle kan spisevanskar verke inn på humøret, konsentrasjonen og energinivået til barnet og føre til vekttap eller manglande vektauke. Spisevanskar kan òg føre til store samspelsutfordringar i familien og verke inn på korleis barnet utviklar seg og fungerer på fleire livsområde. Det er derfor viktig med tidlege tiltak og hjelp.

Les meir her: Spisevansker | Knappen Foreningen

Barn og unge kan ha enkelte teikn på spiseforstyrringar og treng ikkje ha alle. Grensa mellom eit problematisk forhold til mat, kropp og vekt og det å ha spiseforstyrring er glidande. Det er normalt å ha periodar der ein ikkje er fornøgd med kroppen sin, slurvar med maten eller tenker ekstra mykje på «rett» kosthald. Vi snakkar først om spiseforstyrring når mat, kropp og vekt blir opplevd som viktigare enn alt anna, slik at det styrer tankar, følelsar og oppførsel og går ut over korleis ein fungerer i det daglege.

Spiseforstyrringar er ei gruppe psykiske lidingar med symptom som handlar om forholdet til mat, kropp og vekt. Det er ulike typar spiseforstyrringar, som anoreksi, bulimi og tvangseting. Både gutar og jenter kan få det. Spiseforstyrringar er farleg og kan påverke både den psykiske og fysiske helsa.

Nokre vanlege teikn på spiseforstyrring kan vere:

  • Vekttap eller manglande vektauke
  • Opptatt av kropp og vekt
  • Oppkast etter måltid
  • Endring av matvanar, som å unngå måltid eller visse mattypar, eller ete store mengder mat
  • Stress og skuld etter å ha ete
  • Trening prega av stress og tvang
  • Forakt for eigen kropp eller utsjånad
  • Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar

Spisevanskar har, som dei fleste psykiske vanskar, samansette årsaker. Både genetiske faktorar og miljøfaktorar kan påverke utvikling og vedlikehald av vanskane. For eksempel kan krenkingar som seksuelle overgrep, ulike psykososiale belastningar eller periodar med stress utløyse eller forverre plagene.

Sjølv om det er mykje ein ikkje veit om årsaksforholda, har ein god kunnskap om behandlingsmetodar for barn og ungdom. Dei fleste barn og unge som har spiseforstyrringar, blir heilt friske. Det er viktig å få hjelp så tidleg som mogleg.

Les meir her: Spiseforstyrrelser - helsenorge.no

Kven gjer kva​​​

Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvarsområde​.

Ved bekymring kring barn/ungdom si psykiske helse er fastlegen si rolle å vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Fastlegen skal kartlegge både psykisk og fysisk helse, samt kartlegge psykososiale forhold som kan påverke barnet si helse og utvikling. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal dei informere fastlegen om dette, slik at fastlegen kan ta dette inn i si heilskaplege vurdering.

Kartlegging ved spisevansker og spiseforstyrringar

Fastlegen kartlegg gjennom direkte undersøking av barnet/ungdommen og samtaler med føresette. Kartlegginga vil ofte trenge fleire konsultasjonar hos fastlegen og kan innehalde:

  • Symptoma til pasienten og omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
    • symptomdebut og utløysande årsak
    • sjølvbilde og kroppsbilde
    • etevanar og matinntak
    • vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
    • overspising eller tap av kontroll over matinntak
    • symptom på andre psykiske lidingar inkludert reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro)
    • sjølvskading og sjølvmordrisiko
    • barnet/ungdommen si forståing av utfordringa og behov
  • Medisinsk sjukehistorie og grundig somatisk status:
    • vekt/høgde (KMI), eventuelt vekttap og vektutvikling (percentilskjema)
    • blodtrykk, puls og relevante laboratorieprøvar
    • menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
    • EKG ved lav eller uregelmessig puls
    • somatiske, motoriske og sensoriske forhold som kan ha samanheng med spisevanskane
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasienten
    • ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
    • føresette si forståing av utfordringane til barnet og deira ønske om hjelp
    • psykososiale belastningar
    • familiehistorie og førekomst av psykiske lidingar i familien
  • Informasjon frå pårørande og ev. andre instansar om kva tiltak og tenester som er prøvd ut og effekt av disse.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad av spiseforstyrringar er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere BUP. Les meir her: Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet.

Manglande matlyst og spisevanskar kan òg vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst, utviklingsvanskar, eller mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Ut frå kartlegginga må fastlegen vurdere behov for oppfølging i kommunale tenester eller spesialisthelsetenesta. Vanlege tiltak hos fastlege er:

  • Samtaler med pasient og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Lettare spisevanskar skal vanlegvis bli behandla i kommunale tenester som helsestasjon og skulehelseteneste eller psykisk helseteneste. Fastlegen bør informere om eller sette pasienten i kontakt med aktuelle tilbod. Sett eventuelt opp ny time med pasient og føresette for evaluering.
  • Ved mistanke om spiseforstyrring skal pasienten bli vist til BUP for utgreiing og behandling, jamfør Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet. Behandlinga i BUP skal starte innan 7 eller 28 dagar avhengig av alvorsgrad. I påvente av behandlinga bør fastlege sette opp snarleg oppfølgingstime for vurdering av somatisk status og rettleiing om regelbunde måltid og reduksjon av fysisk aktivitet. Ved behov for snarleg hjelp må fastlege bruke tilbodet til BUP om rask vurdering/augeblikkeleg hjelp eller vurdere behov for innlegging i somatisk avdeling.
  • Dersom ein mistenker at alvorleg somatisk sjukdom ligg til grunn for spisevanskane, må fastlegen sende tilvising til barneavdelinga.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for utgreiing eller behandling i BUP er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising. Tilvisinga bør innehalde ei oppsummering av kartlegginga og tilvisar si vurdering av pasienten og det psykososiale miljøet. Dersom ei vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, bør fastlegen gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. Oppsummeringar frå andre instansar kan bli sendt som vedlegg til tilvisinga. Som hovudregel skal begge foreldre samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising. Det anbefalast òg at barnet/ungdommen eller føresette sjølv legg ved ei skildring av problemet og hjelpebehov.

Ved mistanke om spiseforstyrring bør tilvisinga innehalde informasjon om somatisk status, vektutvikling, noverande vekt og høgde samt blodtrykk, puls og resultat av blodprøver. Kartlegginga kan skje i samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta. Det er anbefalt at vektkurver frå helsestasjon blir lagt ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Rolla til fastlegen i samarbeidet er å sikre ei heilskapleg vurdering og særleg ivareta somatisk oppfølging.  Ved behandling i BUP er det viktig at ansvar for somatisk oppfølging blir avklart. Ved spiseforstyrringar vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere helsestasjon og skulehelsetenesta og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fastlegen bør delta på nødvendige samarbeids-/ansvarsgruppemøte. Fastlegen kan eksempelvis delta digitalt på første del av samarbeidsmøtet.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining. Rolla som koordinator bør fyllast av instansar som skal følge barnet over tid.

Helsestasjon og skulehelseteneste er eit lågterskeltilbod for alle barn, unge og føresette. Helsestasjon og skulehelsetenesta skal så tidleg som mogleg fange opp barn og unge med psykiske helseplager. Tenesta kan gi oppfølging til barn og unge med lettare psykiske helseplager og deira føresette og skal tilvise til andre tenester ved behov.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Ved mistanke om psykiske vanskar bør helsestasjonen/skulehelsetenesta kartlegge vanskane gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I kartlegginga bør ein utforske symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstmiljøet til barnet/ungdommen.

Barn og ungdom som utviklar spiseforstyrringar ser sjeldan sjølv at dei har eit problem, ofte er det føresette, lærar eller medelevar som reagerer først. Det er ofte helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og kopler på andre instansar ved behov.

Ved spisevanskar hos små barn bør ein i samtale med barnet og føresette og kartlegge faktorar som:

  • Korleis plagene artar seg, og kor lenge dei har vart
  • Trivsel, humør og venneforhold
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen
  • Etemønster og måltidsrytme
  • Korleis dei fungerer i barnehage, heime og sosialt
  • Familieforhold, psykisk og fysisk sjukdom i familien og familiekonfliktar
  • Psykososiale belastningar
  • Somatiske, motoriske og sensoriske forhold som kan ha samanheng med spisevanskane
  • Reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro, sansemotorisk
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema)

Ved spisevanskar hos eldre barn og ungdom bør kartlegginga inkludere faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg, og kor lenge dei har vart
  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane til barnet/ungdommen og deira ønske om hjelp
  • Trivsel og humør
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehage/skule, konfliktar og mobbing
  • Haldningar til kropp og utsjånad
  • Måltid og måltidsrytme
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og eventuelle vektendringar
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
  • Fagleg funksjonsfall
  • Fråvær frå skulen og eventuelt fråvær i gymtimar

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det bli gjort ei vurdering av kor alvorlege symptoma er og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Tommelfingerregel ved vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap, og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere BUP.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ver òg merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst, utviklingsvanskar, eller ein mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Ved lettare spisevanskar kan tiltak frå helsesjukepleiar vere:

  • Samtaler med barnet/ungdommen med vekt på å styrke sjølvfølelse, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp eller Hei-spelet
  • Rettleiing til føresette rundt aktuelle tema, som korleis dei skal forstå og handtere vanskane til barnet/ungdommen, eller løyse utfordringar i familien
  • Rettleiing om matinntak, kosthald og fysisk aktivitet. Eventuelt vektkontrollar ved behov.

Ved mistanke om alvorlege spiseforstyrringar bør barnet/ungdommen tilvisast til BUP. Tiltak frå helsestasjon og skulehelsetenesta vil då vere:

  • Informere og involvere føresette i dialog med barnet/ungdommen
  • Kontakte fastlege for gjennomføring av somatisk undersøking og vurdering av tilvising til BUP
  • Ta kontakt med BUP ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak
  • Samtaler med barnet/ungdommen og føresette i påvente av oppfølging frå BUP
  • Samarbeide med skule om tiltak og tilrettelegging i kvardagen
  • Delta i samarbeidsmøte med BUP og vere ei støtte i samarbeidet mellom skule og BUP

Tiltaka bør bli evaluert i samtaler med barnet/ungdommen og føresette, og i dialog med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evalueringa bør gjerast i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Dersom det ikkje blir noka betring eller symptom blir forverra, må ein kople på fastlege eller andre aktuelle fagpersonar i kommunen for vurdering og drøfting av tiltak. 

Tilvising til andre tenester

Dersom tiltak i helsestasjon og skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg, må helsesjukepleiar samarbeide med eller tilvise til andre kommunale tenester som psykisk helseteneste eller kommunepsykolog som kan kartlegge vanskane, og gi behandling ved milde til moderate vanskar.

Ved behov for tilvising til BUP, må psykolog i kommunen, helsestasjonslege eller fastlege stå for vidare utgreiing og tilvising, etter avtale med barn/ungdom og føresette. Det er tilrådd at lege gjer ei somatisk vurdering før tilvising. Helsestasjon/skulehelseteneste bør skrive ei oppsummering av kartlegging og vurderingar til tilvisar slik at det kan bli sendt som vedlegg til BUP. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og lege om oppfølging i påvente av behandling i BUP.

Ved mistanke om alvorlege spiseforstyrringar er det viktig å få til eit samarbeid med fastlege om tilvising, då fastlegen har ansvar for vurdering av somatisk helse. Vektpercentilar bør bli sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ved spiseforstyrringar vil dei mest aktuelle samarbeidspartnarane vere fastlege, kommunal psykisk helseteneste, BUP og fysio-/ergoterapiteneste. Helsesjukepleiar kan støtte opp om behandlinga ved BUP ved å ha samtaler med barnet/ungdommen eller føresette, men då må roller og ansvar vere avklart. Helsesjukepleiar bør samarbeide med barnehagen/skulen og eventuelt PPT ved behov for tilrettelegging av opplæringa. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Helsesjukepleiar bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte kring barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Helsesjukepleiar er ofte koordinator for individuell plan. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnehagen si rolle er å sikre at alle barn får eit inkluderande barnehagetilbod der dei kan leike, meistre, lære og utvikle seg. I det psykiske helsearbeidet er barnehagen si rolle å fange opp teikn og signaler ved barnet som gir grunn til uro for barnets psykiske helse eller utvikling. Barnehagen skal samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får hjelp frå rett teneste.  

Kartlegging ved spisevanskar

Teikn som gir grunn til uro for eit barns psykiske helse eller utvikling er blant anna manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, samspelsvanskar eller at barnet ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere særleg merksam på signal om at barnet mistrivst eller viser teikn til mangelfull utvikling.

Ved uro for eit barn skal barnehagen så snart som mogleg gjennomføre undringssamtale med føresette for å få tak i deira forståing av utfordringane til barnet. Leiar skildrar kva dei har observert i barnehagen, og undersøker om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. Ved behov for vidare kartlegging og drøfting ber ein om samtykke til det.

Barnehagebarn kan ha periodar der dei har mindre matlyst eller eit selektivt kosthald utan at det er problematisk. Det er først når barnet har vedvarande vanskar med mat og ikkje får dekka næringsbehovet sitt, at det er grunn til uro. Manglande matlyst og spisevanskar hos barn kan vere teikn på utfordingar i det psykososiale miljøet i barnehagen, belastningar i familien eller hos føresette, fysisk sjukdom hos barnet eller andre psykiske helseplager eller utviklingsvanskar. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved mistanke om spisevanskar hos eit barn kan kartlegginga i barnehagen innehalde:

  • Observer barnet i måltidssituasjonar. Legg merke til om barnet har lite matlyst eller eit selektivt etemønster.
  • Kartlegg faktorar som kan påverke etemønsteret til barnet, som uro, mistrivsel eller negativt samspel med andre barn.
  • Legg merke til fysiske teikn som energitap, brekningar, oppkast, vekttap eller manglande vekst.
  • Observer barnet i samspel og leik med andre barn og vaksne, i felles aktivitet og samlingsstund,
  • Snakk med barnet for å få tak i barnet si eiga oppleving av utfordringa (ikkje aktuelt for dei aller yngste). Bruk verktøy frå Barnesamtalen: Barnesamtalen - Dialogmodellen - Dialogmodellen og dokumenter samtalen.
  • Kartlegg og vurder den generelle utviklinga, språket og kommunikasjonen til barnet.                                                      
  • Ved tvil om alvorsgrad kan ein, med samtykke frå føresette, drøfte saka i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen og be aktuelle kommunale instansar om hjelp til vurdering av vanskane og vidare tiltak.

Det er ikkje barnehagen sitt ansvar å vurdere alvorsgrad av psykiske helseplager. Om ein blir bekymra for at barnet har spisevanskar, må ein be om bistand til vidare kartlegging og vurdering. Ver merksam på at slike tilstandar kan endre seg fort og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak i barnehagen og heime.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Barnehagen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ei viktig rolle i å fange opp utfordringar og kople på andre instansar. Ved uro for eit barn si psykiske helse eller utvikling, må barnehagen samarbeide med føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at barnet får rask hjelp og nødvendige tiltak.

  • Tilby tett oppfølging ved behov slik at barnet får oppleving av å høyre til og får tryggleik til å leike, utforske og lære.
  • Samtale med føresette ved behov.
  • Bruke tryggleikssirkel og sikre at barnet får tilknyting til barnehagepersonalet og opplever dei som ein trygg base.
  • Legg til rette for ro, tryggleik og gode samtaler under måltida. Ver merksam på kvar barnet blir plassert i rommet, og med kven.
  • Fleksibilitet når det kjem til hyppigheit, tidsbruk og type mat (konsistens, varm/kald mat eller kulturelle forhold).
  • Ekstra vaksenstøtte i måltid eller andre situasjonar barnet treng det
  • Kontakte PPT for rettleiing på systemnivå. PPT kan hjelpe barnehagen med kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen. Drøft ev. behov for tilvising til PPT.
  • Dersom barnet har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialpedagogisk hjelp, skal kommunen/fylkeskommunen fatte eit enkeltvedtak som skildrar tilbodet barnet skal få (type, omfang, varigheit, kompetanse).

Tiltaka i barnehagen skal bli evaluert jamleg: internt i barnehagen, i samråd med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, bør barnehagen søke rettleiing frå PPT. Kommunen kan ha ulike ressursteam eller spesialteam ein kan vurdere dersom tiltak i barnehagen ikkje har effekt, eller barnehagen treng bistand.

Dersom barnet får spesialpedagogisk hjelp, skal det ein gang årleg bli utarbeidd ein skriftleg rapport til føresette og kommunen med oversikt over hjelpa barnet får, og ei vurdering av utviklinga til barnet.

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp. Dersom ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan barnehagen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak. Etter kartlegging vurderer PPT behov for spesialpedagogisk hjelp.

Ved psykiske helseplager bør barnehagen drøfte med føresette om det er behov for vidare oppfølging frå andre kommunale instansar som helsestasjon og psykisk helseteneste. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske helseplager eller utviklingsforstyrringar, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er viktig at barnehagen lagar ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, og at denne blir sendt til fastlegen som vedlegg til tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Barnehagen skal samarbeide med andre instansar for å sikre at vanskane blir vurdert hos rett teneste. Observasjonar som barnehagen har gjort, er ofte viktige bidrag i kartleggingsfasen hos andre instansar. Vidare kan barnehagen vere ein viktig arena for å sette i gang tiltak, ofte under rettleiing frå andre tenester med særleg kompetanse på psykisk helse.

Ved alvorlege spisevanskar vil barnet trenge tilrettelegging og tiltak i barnhagen. PPT er ei sentral hjelpeteneste for barn i barnehagealder og kan bidra med råd og rettleiing om tiltak i barnehagen. Ved spisevanskar vil dei mest aktuelle samarbeidsinstansane vere helsestasjon, fastlege, kommunal psykisk helseteneste og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Det er styrar i barnehagen som har ansvaret for samarbeid med andre tenester. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnehagen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet. For barn med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom avdelingar, ved eventuelt byte av barnehage og før skulestart.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Skulen si rolle er å sikre at alle elevar får eit inkluderande læringsmiljø der dei kan meistre, lære og utvikle seg. Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov. Ved uro for ein elev si psykiske helse eller utvikling, må skulen samarbeide med eleven, føresette og aktuelle hjelpetenester for å sikre at eleven får rask hjelp og nødvendige tiltak. ​

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Teikn på psykiske helseproblem kan vere manglande trivsel, sosial tilbaketrekking, endra åtferd eller at eleven ikkje utviklar seg som forventa. I tilfelle med kjent risiko bør ein vere ekstra merksam på teikn og signal på manglande trivsel hos eleven. Barn og ungdom som utviklar spisevanskar ser sjeldan sjølv at dei har eit problem, eller dei prøver å skjule det. Det er ofte føresette eller lærarar som reagerer først. Skulen har derfor ei viktig rolle i å oppdage tidlege teikn på at eleven har utvikla spisevanskar. Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra.

Manglande matlyst og spisevanskar kan òg vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i klassen, belastningar i familien eller hos føresette, fysisk sjukdom, andre psykiske helseplager eller utviklingsvanskar. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

For å avklare om det er grunn til bekymring kan kartlegginga innehalde:

  • Observer eleven i skulekvardagen og legg merke til om eleven har
    • fysiske teikn som at eleven har lite energi, ikkje utviklar seg fysisk som forventa, rask vektnedgang, at eleven frys eller svimar av
    • endringar i forholdet til mat; eleven har eit avvikande etemønster, et mindre, pirkar i maten, er opptatt av å vere sunn og av kaloriar, eller går på toalett rett etter måltid
    • åtferdsendringar som sosial tilbaketrekking og tap av interesse
    • faglege endringar som konsentrasjonsvanskar, fagleg funksjonsfall eller at eleven endrar åtferd i gym og fysisk aktivitet
  • Snakk med eleven og sett ord på det du har observert. Ver tydeleg og open om kva som gjer deg bekymra. Det er vanleg at eleven avviser at han/ho har eit problem. Utforsk korleis eleven forstår sin eigen situasjon, og om han/ho har ønske om hjelp. Informer eleven om at det er viktig at føresette får informasjon, og avtal om eleven skal vere med på samtale med føresette.
  • Ta opp bekymring i samtale med føresette så raskt som mogleg. Innhent samtykke til vidare drøfting og tiltak.
  • Kartlegg det sosiale miljøet i klassen og eventuell førekomst av mobbing.
  • Drøft bekymringa med skuleleiing/støtteapparat¸ helsesjukepleiar, skulen sitt tverrfaglege team eller andre etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon. Ein kan drøfte sak med PPT eller andre støttetenester etter samtykke frå føresette.

Det er ikkje skulen sitt ansvar å vurdere alvorsgrad av psykiske helseplager. Om ein blir bekymra for at ein elev har utvikla spiseforstyrringar, bør ein drøfte bekymringa med helsesjukepleiar og be om bistand til kartlegging og vurdering.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein samanfattar kartlegginga og blir einige om aktuelle tiltak på skulen og heime.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Skulen er ikkje ein hjelpeinstans ved psykiske helseplager, men har ansvar for å sikre eit godt psykososialt miljø og skal sette inn tiltak ved behov.  

Dersom ein elev viser teikn på spisevanskar/-forstyrring, bør ein sette inn tiltak så raskt som mogleg. Lærar skal ikkje ta på seg ei terapeutisk rolle eller ha ansvar for å vurdere alvorsgrad. Dette ansvaret ligg hos helsetenesta.  

Aktuelle tiltak for skulen kan vere å: 

  • Kople på helsesjukepleiar og/eller be føresette om å ta kontakt med fastlege for vidare kartlegging og vurdering av behov for tilvising til BUP.  
  • Etabler ein trygg relasjon og ha regelmessige samtaler med eleven om skulekvardagen.                                                                     
  • Legge vekt på ressursane og moglegheitene til eleven og skape eit trygt og godt miljø i klassen.  
  • Legge til rette skulesituasjonen ut frå behov (matsituasjonar, sosiale situasjonar, reduksjon av faglege krav, tilrettelegging av gym og svømmeundervisning). 
  • Samarbeide med eleven, føresette og helsesjukepleiar om oppfølginga og tiltak. Ved meir alvorlege tilstandar bør skulen samarbeide med BUP. Avklar kven som har ansvar for kva. 
  • Registrer fråvær og sett inn tiltak ved behov. Følg rutinar for skulefråvær i kommunen.  
  • Ved alvorlege spiseforstyrringar kan det vere aktuelt å informere medelevar om situasjonen og gi litt generell informasjon om spiseforstyrringar. Avtal med eleven og føresette kva som skal seiast. 
  • Kontakt PPT for rettleiing, vurdering av tiltak og drøft behov for å tilvise eleven til PPT. 
  • Dersom eleven har blitt tilvist PPT og ein i sakkunnig vurdering har konkludert med behov for spesialundervisning, skal det fattast enkeltvedtak som skildrar tilbodet eleven skal få (varigheit, omfang, organisering og kompetanse). Skulen skal utarbeide ein individuell opplæringsplan (IOP) som sikrar at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbod.

Tiltaka på skulen skal bli evaluert jamleg: internt på skulen, i dialog med eleven og føresette, og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. Eleven bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. I tilfelle der eleven får spesialundervisning, skal skulen evaluere opplæringstilbodet og eventuelt justere IOP ved behov.  

Ved alvorlege spiseforstyrringar er det viktig at skulen melder frå til ansvarleg helseteneste dersom ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre.  

Tilvising til andre tenester

PPT er sakkunnig instans ved vurdering av behov for spesialundervisning. Ved mistanke om manglande utbytte av opplæring og ein etter drøfting med PPT vurderer at det er grunnlag for vidare kartlegging i PPT, kan skulen i samråd med føresette sende tilvising. Ved tilvising til PPT, legg ein ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak.

Ved psykiske helseplager bør ein kople på aktuelle instansar som skulehelseteneste eller psykiske helseteneste i kommunen for vidare kartlegging og vurdering. Det er oftast helsesjukepleiar som gjer den første kartlegginga og koplar på andre instansar ved behov. Om det er behov for tilvising til BUP, er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som står for utgreiing og vurdering. Skulen bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut, som kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Alvorlege spisevanskar fører ofte til fråvær frå skulen og behov for tilrettelegging i periodar. Det er viktig at skulen samarbeider med dei som gir behandling. Helsesjukepleiar har ofte ei sentral rolle og kan gjere kartlegging av spisevanskane og kople på andre instansar ved behov. Ved behandling i BUP bør skulen vere med i samarbeidsmøte om eleven. Dersom spisevanskane påverker læring eller fører til langvarig skulefråvær, må skulen drøfte med PPT om det er behov for tilvising til PPT.

Andre sentrale samarbeidspartnarar vil vere fastlege og kommunal psykisk helseteneste. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio- og ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Skulen bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt eleven. Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. For elevar med psykiske helseplager er det spesielt viktig at ein planlegg og sikrar alle overgangar. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøte i overgang mellom klassetrinn og skulebyte.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

PPT samarbeider med barnehagar og skular om førebygging og tidleg innsats, og er ein viktig rådgivande instans når barn eller unge har særlege behov. Ved bekymring for utviklinga eller læringa til eit barn eller ein elev, kan ein drøfte saka med PPT før det eventuelt blir ei formell sak. I tilviste saker skal PPT gjere ei sakkunnig vurdering av behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. PPT si rolle er heimla i Barnehagelova og Opplæringslova.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved psykiske helseplager. Barnehagen/skulen kan be om bistand frå PPT dersom barnet/eleven sine vanskar går utover leik , utvikling og samspel i barnhagen eller opplæringssituasjonen og fråvær i skulen. Spisevanskar kan òg vere teikn på utfordringar i det psykososiale miljøet i barnehagen eller på skulen, utviklingsforstyrringar, belastningar i familien eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen, barnehage-/skulemiljø og familieforhold i kartlegginga av vanskane.

Kartlegging knytt til sakkunnig vurdering:

  • I samtale med individt prøvar vi å få fram styrker fagleg og sosialt, utfordringaroppleving av behov og ynskje om hjelp.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule gjennom samtaler og pedagogisk rapport.
  • Føresette si vurdering av behova til barnet/ungdommen.
  • Teikn på spisevanskar og om vanskane går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen eller opplæringssituasjonen i skulen.
  • Kartlegge om spisevanskane heng saman med eller er del av meir samansette vanskar eller utviklingsforstyrringar.
  • Kartlegging av generell utvikling og utviklingsnivået til barnet/ungdommen, samt eventuelle lærevanskar.
  • Kartlegging av kognitiv utvikling og språk ut frå indikasjon
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og skulehelsetenesta eller andre aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste med samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år.

Kartlegging av barnehage- og skulemiljø:

  • Kartlegge system/miljø/omgivnadar
  • Gjennom observasjon og samtale, gjer PPT ei vurdering av barnehage/klassemiljø, konfliktar eller mobbing.
  • Vurdere tryggleik og struktur.

Ut frå kartlegginga skal PPT vurdere om spisevanskane går utover leik, utvikling og samspel i barnehagen og utbytte av opplæringa i skulen og om han/ho har behov for tilrettelegging eller krav på spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Rolla til PPT er å støtte barnehage og skule med tilrettelegging av det barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for barn og ungdom med særskilte behov. PPT skal bistå barnehagen/skulen med kompetanse- og organisasjonsutvikling dersom eininga ber om dette jmf. Barnehagelova/Opplæringslova. Dersom PPT i sakkunnig vurdering konkluderer med at barnet/ungdommen har behov for spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal det fattast  enkeltvedtak og barnehagen/skulen skal utarbeide ein plan for tilrettelegginga. PPT kan gi rettleiing og råd i enkeltsaker og på systemnivå.

Dersom eit barn eller ungdom utviklar spisevanskar/-forstyrringar bør det bli sett inn tiltak så raskt som mogleg. Helsetenesta har hovudansvar for oppfølging ved spisevanskar, men PPT kan bidra med følgande:

  • Anbefale at barnehagen/skulen koplar på helsesjukepleiar og/eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av behov for tilvising til BUP.
  • Rettleie barnehage/skule om korleis dei skal legge til rette barnehagetilbodet og opplæringssituasjonen for å sikre rettane barnet/ungdommen har, etter barnehagelova og opplæringslova.
  • Rettleiing til barnet/ungdommen og føresette.

Resultat av tiltak som er sett i verk bør jamleg evaluerast. Evalueringa kan ofte gjennomførast av barnehage/skule og føresette, eventuelt i samarbeid med involverte instansar. PPT deltek i evalueringa ved behov. Barnet/ungdommen bør vere delaktig i vurdering av eigen trivsel, læring og utvikling. Evaluering skjer i tråd med retningslinjene til kommunen, for eksempel bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Om barnet/ungdommen får spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning, skal planane bli evaluert og justert i tråd med utviklingsnivået og utfordringane til barnet/ungdommen.

Om ein ikkje ser betring eller tilstanden blir verre og ein blir bekymra for den fysiske eller psykiske helsa til barnet/ungdommen, er det viktig at barnehage/skulen eller PPT melder frå til ansvarleg helseteneste.

Tilvising til andre tenester

I saker der PPT bistår, og ved mistanke om psykiske helseplager, kan barnehage/skule i samarbeid med PPT sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging. Det må føreligge samtykke.

Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er hovudregelen at vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester først.  Dersom barnet/eleven allereie er tilvist PPT for sakkyndig vurdering, kan PPT bidra med tilvising til spesialisthelsetenesta. Psykolog i PPT har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Tilvisar kan be om eventuelle saksopplysningar frå PPT og kopi av utarbeidd sakkyndig vurdering kan leggast ved tilvisinga.

Samarbeid med andre tenester

Ei av oppgåvene til PPT er å støtte barnehage og skule i arbeid med tilrettelegging for barn og unge med særlege behov slik at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa barnehage- og opplæringstilbod. I det tverrfaglege samarbeidet kan PPT bistå med kompetanseheving og organisasjonsutvikling.

PPT kan ved behov samarbeide med tenester som gir oppfølging og behandling, som helsestasjon og skulehelseteneste, kommunal psykisk helseteneste, fastlegen og BUP. Ved utgreiing i BUP bør PPT dele saksopplysningar og delta i tilbakemeldingsmøte. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar. 

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. PPT kan ved behov delta i samarbeidsmøte rundt barnet/ungdommen. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Kommunen skal sørge for tilgjengeleg og tverrfagleg psykisk helseteneste som gir tidleg hjelp og behandling til barn og unge med psykiske plager. Tenestetilbodet skal vere kommunens psykiske helseteneste til barn og unge og komme i tillegg til andre helse- og omsorgstenester som helsestasjon- og skulehelsetenesta og fastlegen. Tenesta skal kartlegge hjelpebehovet hos barn og unge med psykiske plager og tilby behandling og oppfølging.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Barn og ungdom som utviklar spisevanskar ser sjeldan sjølv at dei har eit problem, eller dei prøver å skjule det. Det er ofte føresette, lærarar eller venner som reagerer først. Dei kan sjølv oppsøka hjelp for andre vanskar som angst eller depresjon. Dersom ein mistenker spiseforstyrringar, er det viktig å hjelpe barnet/ungdommen til å sjå sitt eige mønster og bli motivert for å endre på dette.

Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av symptoma, utviklingshistoria, dei personlege eigenskapane og oppvekstforholda til barnet/ungdommen. Det er mange årsakar til at barn og ungdom utviklar vanskar med mat og kropp. Ein bør derfor utforske breitt faktorar som:

  • Korleis plagene arter seg, intensitet og omfang, og kor lenge plagene har vart
  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane, og tankar om kva som må til for å skape endring
  • Føresette si vurdering av utfordringane til barnet/ungdommen og ønske om hjelp
  • Korleis vanskane påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Sjølvbilde og identitet, oppleving av stress og prestasjonskrav, meistringsstrategiar
  • Trivsel og venneforhold
  • Styrkane og ressursane til barnet/ungdommen
  • Familieforhold inkludert sosioøkonomiske forhold, nettverk og ressursar i familien, om barnet har hatt kontakt med barnevernet, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Haldningar til kropp og utsjånad
  • Måltid og måltidsrytme
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og eventuelle vektendringar
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
  • Funksjonsfall i skulen
  • Fråvær frå skulen og eventuelt fråvær i gymtimar
  • Ved indikasjon: spør særleg etter 1) traumatiske hendingar, vold, overgrep 2) sjølvskading og sjølvmordsrisiko og 3) rusvanar og bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Innhente informasjon frå barnehage/skule eller andre aktuelle instansar med samtykke frå føresette / ungdom.

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Tommelfingerregel ved vurdering av spisevanskar er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap, og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Ved tvil om grad av alvor bør ein konsultere fastlege eller BUP. Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra.

Manglande matlyst og spisevanskar kan òg vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, tristheit og depresjonsplager, angst, utviklingsvanskar eller mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Etter kartlegginga skal ein lage ein plan for oppfølginga i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Psykisk helseteneste skal vere eit lågterskel psykisk helsetilbod til barn, unge og føresette og tilbyr oppfølging og behandling ved lette og moderate psykiske helseplager. Målet er at barn, ungdom og deira føresette skal få støtte og hjelp til å utvikle ei god psykisk helse og meistre eigen kvardag.

Psykisk helseteneste kan gje oppfølging til barn og unge med lettare spisevanskar. Aktuelle tiltak vil då vere:

  • Samtalar med barnet / ungdommen med fokus på å styrke sjølvfølelse, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som psykologisk førstehjelp, KAT kassen eller liknande verktøy
  • Rettleiing til føresette i aktuelle tema som korleis dei kan handtere barnet / ungdommen sine utfordringar, etablere meistringsstrategiar for utfordrande situasjonar i kvardagen og få familien til å fungere betre saman
  • Familiesamtaler og familieterapi
  • Rettleiing om regelbundne måltid og aktivitet
  • Samarbeid med skule og føresette om støtte og tilrettelegging i kvardagen
  • Gruppetilbod til barn/ungdom dersom kommunen har dette tilbodet, f.eks. kan ein bruke manualbaserte program som «Mestringskatten» eller «Cool Kids».
  • Kurs, grupper eller manualbaserte rettleiingsprogram for føresette dersom kommunen har slike tilbod, eksempelvis COS-P og tryggleikssirkel for føresette.

Ved mistanke om meir alvorlege spiseforstyrringar bør barnet/ungdommen tilvisast BUP. Tiltak frå psykisk helseteneste vil då vere:

  • Gje informasjon og involver føresette i dialog med barnet/ungdommen.
  • Avklar kva instansar som er involvert, innhent samtykke og etabler samarbeid med desse.
  • Tilråd somatisk undersøking og vurdering hos fastlege.

Tiltaka skal bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar eller feedbackverktøy som KOR/FIT. 

Tiltaka kan også evaluerast ved å gjere ei ny kartlegging av symptom. Dersom ein ikkje ser betring eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg får i gang eit samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar, skal psykisk helseteneste sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at vanskane som barnet/ungdommen har, skal blir kartlagt i kommunale tenester før tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Ein bør lage ei oppsummering av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i psykisk helseteneste som vedlegg til tilvisinga. Det er viktig at psykisk helseteneste følger opp barnet/ungdommen og føresette i påvente av oppfølging frå BUP.

Samarbeid med andre tenester

Psykisk helseteneste samarbeider med andre viktige tenester i kvardagen til barnet/ungdommen. Tenesta skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp.

Ved lette spisevanskar bør ein samarbeide med helsestasjon og skulehelsetenesta, som kan gjere vektkontrollar og rettleie når det kjem til måltid og aktivitet. Ved alvorlege spiseforstyrringar bør ein ha eit tett samarbeid med helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege og BUP. Ved motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar.

Psykisk helseteneste samarbeider med barnehage/skule om tiltak i kvardagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen eller stort skulefråvær bør ein drøfte med skule, føresette og PPT om det kan vere behov for tilvising til PPT. Tilvising skal alltid drøftast med PPT først.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Psykisk helseteneste bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege og koordinerte tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Fysio- og ergoterapi er eit tilbod til barn og ungdom som har utfordringar knytt til bevegelse, motorikk og utføring av daglege aktivitetar. Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Hovudmålet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, meistring og deltaking i kvardagen. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege helsetilbod til barn og unge, og samarbeider med andre instansar ved behov.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Fysio- og ergoterapitenesta er ikkje ei primær hjelpeteneste ved spisevanskar, men barn/ungdom kan bli tilvist for vurdering av somatiske, motoriske eller sensoriske forhold som bør bli kartlagt. Ved oppstart av ei sak bør ein gjere ei brei kartlegging av:

  • Barnet/ungdommen si forståing av eigne ressursar, utfordringar og behov for hjelp.
  • Føresette si vurdering av barnet/ungdommen sine ressursar, vanskar og hjelpebehov.
  • Barnehagen/skulen si vurdering av ressursane og utfordringane til barnet/ungdommen, og behov og ønske om hjelp.   
  • Generell helsefunksjon, anbefal eventuelt somatisk undersøking hos fastlege
  • Etemønster frå fødselen av og eventuelle endringar.
  • Måltidsrytme, matinntak, haldningar til mat.
  • Munnmotoriske vanskar som kan påverke spisevanskane.
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt (opplysningar kan innhentast frå helsesjukepleiar).
  • Fysisk aktivitet, aktivitetsnivå og motoriske forutsetningar.
  • Vurdering av korleis barnet/ungdommen fungerer på andre område (generell utvikling, motorikk, sosialt, kognitivt).
  • Innhenting av relevante opplysningar frå andre tenester.

Ut frå kartlegginga skal ein gjere ei vurdering av spisevanskane, alvorsgrad og kva som kan vere nyttige tiltak. Ved mistanke om meir alvorlege spiseforstyrringar er det tilrådd å samarbeide med helsesjukepleiar og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak.

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt om ein er bekymra. Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Fysio- og ergoterapeutar tilbyr behandling, trening og tilrettelegging. Målet med tiltaka er å hjelpe barn og unge til auka funksjon, mestring og deltaking i kvardagen. Ved spisevanskar hos både barn og ungdom kan aktuelle tiltak frå fysio- og ergoterapeutar vere:

  • Sette mål for oppfølginga der ein legg vekt på meistring, aktivitet og deltaking og der ein aktivt involverer barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i måla og tiltaka
  • Rettleiing til barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i korleis dei skal legge til rette måltidssituasjonen (omgivnader og fysiske forhold)
  • Rettleiing i nødvendige endringar av måltidsrytme og måltidsstruktur
  • Tilrettelegging for helsefremmande fysisk aktivitet
  • Trening av munnmotorikk

Tiltaka bør bli evaluert jamleg i dialog med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøte med involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er rette tenester som følger opp. Evaluering skjer i tråd med kommunens retningslinjer, for eksempel ved bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Tilvising til andre tenester

Ved mistanke om psykiske helseplager bør ein kople på andre kommunale tenester som kan kartlegge vanskane barnet/ungdommen ar, og gjere ei vurdering av kva som er rett hjelp. Aktuelle instansar kan vere helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste i kommunen eller fastlege. Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen eller psykolog i kommunen som sender tilvising. Det er viktig at fysio- og ergoterapitenesta legg ved beskriving av kontakten dei har med barnet/ungdommen, og dei vurderingane tenesta har gjort.

Samarbeid med andre tenester

Fysio- og ergoterapitenesta samarbeider mest med dei tenestene som er nærmast barnet/ungdommen, som barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT og fastlege. Ein bør samarbeide med den tenesta som gir behandling til barnet/ungdommen. I spesialisthelsetenesta kan både BUP, habiliteringstenesta og barneavdeling vere aktuelle instansar.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Fysio- og ergoterapeut bør delta i samarbeids- og ansvarsgruppemøte. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Les meir om dette på koordinerande eining.

Barnevernet si hovudoppgåve er å ta vare på dei mest utsette barna. Dei skal sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. I tillegg skal barnevernet sikre at barn og unge får trygge oppvekstkår. Ansvaret og arbeidsoppgåvene til barnevernet er regulert i barnevernslova.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Dersom barnevernet blir kjent med bekymring for eit barns omsorgssituasjon, eller med barn som viser alvorlege åtferdsproblem, har dei ei lovbestemt plikt til å undersøke korleis barnet har det, og om nødvendig sette i verk tiltak. Ei barnevernsak startar med at familien sjølv tar kontakt, eller at andre tenester melder ei bekymring om eit barn eller ein ungdom. På bakgrunn av bekymringsmeldinga gjer barnevernet ei undersøking.

Som del av undersøkinga skal barnevernet vurdere om barnet/ungdommen har psykiske helseplager som treng oppfølging frå andre tenester. Barn og ungdom som har oppfølging frå barnevernet, har høg risiko for psykiske helseplager. Det skal derfor vere låg terskel for kartlegging. Undersøkinga kan innehalde:

  • Korleis barnet/ungdommen sjølv forstår vanskane og kva som skal til for å skape endring
  • Korleis føresette eller andre vaksne forstår vanskane barnet/ungdommen har, og hjelpebehov
  • Korleis plagene artar seg i kvardagen, og kor lenge dei har vart, og om dei påverkar korleis barnet/ungdommen fungerer på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, venner, fritid)
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Trivsel, identitet og venneforhold
  • Sjølvbilde og identitet
  • Haldningar til mat, kropp og utsjånad
  • Vektreduserande åtferd som slanking, oppkast eller overdriven trening
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Familieforhold, inkludert sosioøkonomiske forhold, fysisk sjukdom, psykiske plager eller rus hos føresette
  • Psykososialt miljø i barnehagen/skulen, konfliktar eller mobbing frå medelevar eller lærar
  • Søvnvanar og endring i søvnmønster
  • Bruk av tobakk, alkohol og andre rusmiddel
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Bruk av sosiale medium og spel

Barnevernet må gjere ei vurdering av kor alvorlege vanskane er, og om barnet/ungdommen treng vidare kartlegging og oppfølging av vanskane. Ved tvil om alvorsgrad bør ein konsultere fastlege eller BUP.  

Ver særleg merksam på at spisevanskar også kan vere teikn på andre fysiske eller psykiske lidingar, belastningar i livet eller mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på situasjonen til barnet/ungdommen og korleis familien fungerer i vurderinga. Ein bør vere særleg merksam på samspelsvanskar i familien og teikn på vald, overgrep eller omsorgssvikt.

Etter undersøking og vurdering skal ein gjere ei oppsummering og lage ein plan for oppfølging saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved spisevanskar og spiseforstyrringar

Hjelpetiltak frå barneverntenesta skal vere utviklingsstøttande og ha som mål å bidra til positiv endring hos barnet og/eller familien. Barn som har behov for hjelp frå barneverntenesta, har ofte behov for både tiltak frå barnevernet og tiltak frå andre instansar. Tiltaka frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlingstiltaka frå andre instansar.

Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette, i samarbeid med ansvarleg helseteneste
  • Fritidskontakt
  • Familiesamtaler og familierettleiing med fokus på familieforhold
  • Familierådslag og nettverksmøter
  • Oppfølging frå miljøterapeut/miljøarbeidar
  • Samarbeidsmøte med dei forskjellige instansane som familien er i kontakt med

Tiltaka frå barnevernet og planen for oppfølging blir jamleg evaluert. I evalueringa kan ein bruke verktøy frå samhandlingsmodellen til kommunen. Korleis og kven som skal vere med på evalueringa, må vere avtalt med barnet/ungdommen og føresette. Barneverntenesta kan innkalle til samarbeidsmøte eller få informasjon frå andre instansar på annan måte. I evalueringa bør ein ta stilling til

  • tilbakemeldingar frå barnet/ungdommen og føresette
  • tilbakemeldingar frå andre instansar
  • status i kartlegginga av den psykiske helsa til barnet/ungdommen
  • vidare ansvar og oppgåvedeling

Ved bekymring for somatisk tilstand er det viktig at barnevernet melder frå til fastlege eller ansvarleg helseteneste. Dersom ein ikkje ser betring eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg får i gang eit samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Tilvising til andre tenester

Ved behov for kartlegging eller behandling av psykiske helseplager må barneverntenesta sikre at barnet/ungdommen får rett helsehjelp, jmf. Barnevern – kartlegging og utredning av psykisk, somatisk og seksuell helse, tannhelse og rus - Helsedirektoratet. Barnevernet bør innkalle barnet og familien til eit møte der dei drøftar bekymringa, og kva som kan vere rett helsehjelp. Ved mistanke om lettare psykiske helseplager, skal barnevernet sette barnet/ungdommen i kontakt med andre kommunale tenester for kartlegging og oppfølging.

Ved mistanke om meir alvorlege psykiske lidingar eller utviklingsforstyrringar skal barnevernet sørge for at barnet/ungdommen blir tilvist BUP. Hovudregelen er at dei psykiske vanskane til barnet/ungdommen skal bli kartlagt i kommunale helse og omsorgstenester før tilvising blir sendt til BUP. Barneverntenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men bør samarbeide med fastlegen eller andre helsetenester om kartlegginga. Tilvisinga bør innehalde informasjon om dei kommunale tilboda som har vore prøvd ut, og eventuell effekt av tiltaka. Som hovudregel skal begge føresette samtykke til tilvising dersom barnet/ungdommen er under 16 år. Tilvisar må avklare foreldreansvar og samtykke til tilvising.

Samarbeid med andre tenester

Barneverntenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert i situasjonen til barnet/ungdommen og familien, basert på samtykke.

Ved spisevanskar hos små barn vil helsestasjon, fastlege og PPT vere dei mest aktuelle samarbeidspartnarane. Dersom barnet har motoriske eller somatiske spisevanskar kan fysio-/ergoterapiteneste, habiliteringsteneste og barneavdeling vere aktuelle samarbeidsinstansar. Ved spiseforstyrringar hos eldre barn og ungdom bør barnevernet samarbeide med skulehelseteneste, fastlege og BUP.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. Barnevernet bør delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Ein kan bruke stafettlogg eller IP når det er relevant.

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har ein lovfesta rett til individuell plan (IP) og koordinator. Barneverntenesta kan koordinere det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar langvarige tiltak frå barneverntenesta, men oftast er det andre hjelpetenester som har koordinatoransvar. Les meir om dette på koordinerande eining.

Koordinerande eining skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tenester for barn og unge. Koordinerande eining har eit overordna ansvar for opplæring, rettleiing og tildeling av individuell plan og koordinator i kommunen. Eininga er ulikt organisert i kommunane, men har tett samarbeid med helse- og omsorgstenesta internt i kommunen, spesialisthelsetenesta og andre sektorar.​

Kartlegging ved koordinerande eining

Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan og/eller koordinator. Koordinerande eining mottar tilvising i form av ein konkret søknad eller tilvising frå spesialist – eller kommunehelsetenesta. Dei blir òg kontakta på telefon frå søkar/pårørande. Behov kan meldast direkte til involverte tenester når det er trengst at arbeidet startar opp så raskt og så nært brukar som mogleg, utan at det er naudsynt å gå gjennom koordinerande eining.

Når tenesta får ei tilvising, blir behova til personen kartlagt for habilitering og rehabilitering, individuell plan og/eller koordinator. Kartlegginga kan innehalde:

  • Barnet/ungdommen si forståing av utfordringa, behov og ønske om hjelp
  • Føresette si forståing av utfordringane og behova til barnet/ungdommen
  • Ressursane og styrkane til barnet/ungdommen
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar
  • Sikre samtykke frå føresette eller ungdom som har fylt 16 år

Søknaden blir vurdert mot kriteria for tenesta, og det blir sendt skriftleg tilbakemelding om tenesta er innvilga eller avslått.

Tiltak frå koordinerande eining

Koordinerande eining har god oversikt over tenestetilboda til kommunen, vil kunne gi informasjon og rettleiing, og vise veg vidare ved behov for habilitering og rehabilitering. Aktuelle tiltak frå koordinerande eining:

  • Legge til rette for brukarmedverking
  • Informere om individuell plan, ansvarsgruppe og dei vidare stega i prosessen.
  • Ha oversikt over tilbod innan habilitering og rehabilitering.
  • Ha overordna ansvar for individuell plan og delta på ansvarsgruppemøte ved behov.
  • Oppnemne koordinator i kommunen om ikkje dette allereie er oppnemnt av andre tenester.
  • Gi opplæring og rettleiing til koordinatorar
  • Kan i ein periode vere støttespelar i komplekse saker der det er behov for habilitering/rehabilitering og samordning.
  • Ivareta familieperspektivet og vere bindeledd i saker der fleire i familien har behov for langvarige og koordinerte tenester.
  • Bidra til samarbeid på tvers av fagområde, nivå og sektorar.

Individuell plan og koordinator er verktøy som har som formål å sikre brukar eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod. Oppgåvene til koordinator er:

  • Ha oversikt over deltakarar i arbeidet.
  • Avklare ansvar og forventningar.
  • Sikre god dialog og legge til rette for at brukar/pasient, eventuelt pårørande deltek i arbeidet.
  • Sikre felles forståing av måla i planprosessen.
  • Sikre samordning av tenestetilbodet og god framdrift.
  • For å sikre samordning av tenestene, kan det vere formålstenleg å organisere arbeidet i ei ansvarsgruppe/samarbeidsgruppe.
  • Følge opp, evaluere plandokument og arbeidsprosess.

Tenester og tiltak som blir sett i verk, må jamleg bli evaluert. Koordinerande eining blir ofte invitert når tenestetilbodet skal evaluerast. Det er koordinator som tar initiativ til evalueringa, men den som utfører tenesta, og eventuelt ansvarsgruppa, er med i evalueringa.

Samarbeid med andre instansar

Tilsette i både spesialisthelsetenesta og kommunane, medrekna fastlegane, har plikt til å oppdage behov for, informere om og ev. starte opp individuell plan og/eller koordinator. Ved behov, kan koordinerande eining hjelpe i arbeidet med å utnemne tenester som har ansvar for IP/koordinator.

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Kartlegging og behandling i BUP skjer i tråd med nasjonalt pasientforløp Psykiske lidelser – barn og unge - Helsedirektoratet som skal sikre framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved spisevanskar hos små barn

Utgreiing og behandling av spisevanskar hos små barn krev som oftast tverrfagleg samarbeid på tvers av tenester, og tiltaka bør bygge på eit biopsykososialt perspektiv. Les meir på: Tverrfaglig arbeid ved spise- og ernæringsvansker hos barn: - en veileder (oslo-universitetssykehus.no)

I tråd med nasjonalt pasientforløp skal BUP gjere ei grunnleggande basiskartlegging som kan bestå av:

  • Samtale og anamnese med føresette for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i spe- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Observasjon av barnet
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon og barnehage og andre relevante tenester.       

Ut frå funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spisevanskane. Alvorlege spisevanskar er kjenneteikna av at barnet har vanskar med å ete eller drikke det som er nødvendig for å dekke næringsbehovet sitt. Ved behov for umiddelbare tiltak kan utgreiing og behandling skje parallelt. Det er særleg viktig ved mistanke om undervekt eller alvorlege spisevanskar.

Utgreiinga ved spisevanskar hos små kan innehalde:

  • Kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om barnet et selektivt eller har spesielle ritual knytt til måltid.
  • Somatisk undersøking og supplerande medisinske undersøkingar. Avklare om barnet har andre medisinske tilstandar som forstyrrar matinntak, for eksempel hormonelle eller genetiske forstyrringar.
  • Observasjon av barnet.
  • Vurdering av andre typar reguleringsforstyrringar som følelsar, søvn, uro eller sansemotorikk.
  • Måltidsobservasjon med video.
  • Innhenting av vektkurver og annan relevant informasjon frå helsestasjon.
  • Informasjon frå somatisk barneavdeling og eventuelt nyføddavdeling.

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av barnet si fungering og utvikling, vanskane og den psykososiale situasjonen til barnet. Det bør vurderast kva som er årsak til dei vanskane barnet har, og kva som eventuelt er oppretthaldande faktorar. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. For barn alder 0–5 år blir rettleiar DC: 0-5 brukt i tillegg til ICD-10. Føresette får deretter tilbakemelding om dei vurderingane som er gjort, og informasjon om ulike behandlingsalternativ. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og andre instansar etter samtykke frå føresette.

Tiltak ved spisevanskar

Behandlar skal saman med føresette utarbeide ein behandlingsplan som skildrarar planlagde tiltak. Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involvere føresette. Behandlingstilbodet kan vere:

  • Rettleiing til føresette om tilknyting og samspel med barnet.
  • Rettleiing om ernæring og måltidssituasjon, eksempelvis ved bruk av «Spisetrappen – utvikling av spiseferdigheter».
  • Rettleiing til kommunale instansar etter avtale (barnehage, PPT, barnevern).
  • Samarbeid med andre instansar som barnehage, helsestasjon og fastlege.

Tiltaka ska bli evaluert løypande i samtaler med føresette og i samarbeidsmøte med andre instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet og føresette får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Den første evalueringa skal skje etter seks vekers behandling, og deretter med tolv vekers intervall.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet og familien.

Aktuelle samarbeidspartnarar ved spisevanskar vil særleg vere barnehage, fastlege, helsestasjon, fysio- og ergoterapitenesta, barneverntenesta, eventuelt lokalt «spiseteam» i kommunen, habiliteringstenesta eller somatisk barneavdeling.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet.

Barn som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette.

Informasjon/tilvising til andre tenester

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Før avslutning skal BUP avklare behov for vidare oppfølging i kommunen, for eksempel av helsestasjon, klinisk ernæringsfysiolog eller lokalt «spiseteam». Det er ønskeleg med eit overføringsmøte med den instans som skal følge barnet og familien vidare.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar og eventuelt helsestasjon med tydeleg beskriving av behova til barnet og familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. 

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlege psykiske lidingar. Barn og ungdom med symptom på spiseforstyrringar skal ha utgreiing og behandling i tråd med nasjonalt behandlingsforløp Spiseforstyrrelser hos barn og unge under 23 år - Helsedirektoratet som skal sikre innhald, framdrift, brukarmedverknad og samhandling.

Kartlegging ved mistanke om spiseforstyrring

Ved oppstart av ei sak i BUP skal ein alltid gjere ei basisutgreiing. Utgreiinga skal bli utforma i samråd med pasient og føresette, med vekt på symptoma til pasienten, korleis pasienten fungerer, og den psykososiale situasjonen, vanskane og ressursane til pasienten. Ved undervekt eller andre alvorlege somatiske forhold kan det vere naudsynt å kome raskt i gang med behandling. Då kan utgreiing og behandling skje parallelt. ​

Basisutgreiinga kan bestå av:

  • Samtaler med barn og/eller føresette for å kartlegge:
    • Oppleving av vanskane, forventningar, behov og ønske om hjelp
    • Ressursar, styrkar og interesser
    • Symptom, vanskar, funksjon
    • Psykisk status
    • Sjølvmordsfare
    • Behov for umiddelbare tiltak, eventuelt behov for kriseplan.
  • Anamnese for å kartlegge
    • Tilknyting
    • Utvikling i spe- og småbarnsalder
    • Emosjonell, motorisk, sosial og fagleg utvikling
    • Familie- og omsorgssituasjon (no og tidlegare)
    • Psykososialt miljø (no og tidlegare)
    • Ressursar hos barnet, i familien og nettverk.
    • Den psykiske og somatiske helse til barnet og føresette, rusmiddelbruk og levevanar
  • Standardiserte intervju eller skjema for å kartlegge psykiske plager
  • Traumekartlegging

Ut frå funn i basisutgreiinga skal ein vurdere om det også er grunnlag for utvida utgreiing av spiseforstyrringar. Utgreiinga bør skje i samarbeid med lege som gjer den somatiske vurderinga. Ved utgreiing må ein få fram alvoret i symptombildet og hastegrad i forhold til oppstart av behandlingstiltak. Ved vurdering av alvorsgrad av spiseforstyrringar er tommelfingerregel at ein vurderer omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap, og om vanskane fører til funksjonstap i kvardagen. Det er viktig å vere merksam på at spisevanskar òg kan vere teikn på fysisk sjukdom, belastningar i livet, depresjon, angst, utviklingsvanskar eller mangelfull omsorgssituasjon, vald og overgrep. Det er derfor viktig å ha eit heilskapleg perspektiv og vurdere vanskane i lys av familiesituasjon og psykososial kontekst. Om ein har grunn til å tru at barnet/ungdommen er utsett for omsorgssvikt, vald eller overgrep, skal ein sende bekymringsmelding til barneverntenesta.

Ved mistanke om spiseforstyrringar bør utgreiinga innehalde:

Ut frå kartlegginga gjer BUP ei heilskapleg vurdering av barnets/ungdommens symptom, psykososiale situasjon, styrker og ressursar. Vidare skal BUP gjere ei diagnostisk vurdering i tverrfagleg team med spesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om utgreiinga og eventuell diagnose. Ein gjennomgår konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen i samtale og ein drøfter behovet for vidare oppfølging og behandling. BUP kan sende utgreiingsrapport til fastlege / tilvisar og andre instansar etter samtykke frå dei føresette eller ungdom over 16 år.                                                                                                                           

Tiltak ved spiseforstyrringar

Poliklinisk behandling er tilrådd ved spiseforstyrringar, så framt den somatiske tilstanden til pasienten er stabil. Vurdering av behandlingsform bør bli gjort ut frå alder, sjukdomsinnsikt, motivasjon for behandling og familieforhold.

Behandlingstilnærming

  • Anbefalt behandling ved alle typar spiseforstyrringar hos barn og ungdom er familiebasert behandling for spiseforstyrringar (FBT). Behandlinga er spesielt utvikla for barn og ungdom som strever med mat og deira familiar, både anoreksi, bulimi og overeting. Les meir her: Behandling og oppfølging - Helsedirektoratet
  • Ved behov for individuell terapi, kan ein eksempelvis tilby kognitiv åtferdsterapi for spiseforstyrringar (CBT-E). I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å gi individuell behandling til ungdommen etter ein første fase med familiebasert terapi.
  • Behandling for spiseforstyrringar må alltid legge vekt på å redusere symptom på spiseforstyrringa: å ete normalt, få eit betre forhold til mat, kropp og vekt, og unngå kompenserande åtferd som slanking, trening eller oppkast.

Familie- og nettverkintervensjonar

  • Psykoedukativ tilnærming til både ungdom, familien og ev. skule.
  • Tett samarbeid med skule og skulehelsetenesta er viktig for å sikre tiltak og tilrettelegging i skulekvardagen.
  • Kartlegge og avhjelpe stressfaktorar i familien og det nære miljøet til ungdommen.
  • Ved betydelege familiebelastningar som påverkar ungdommen negativt, og verkar oppretthaldande på tilstanden, bør ein råde familien til å kontakte familievernkontor eller barneverntenesta for rettleiing.
  • Dersom ungdommen er under omsorg frå barnevernet, kan andre pårørande eller barneverntenesta involverast i behandlinga.

Somatiske og medikamentelle tiltak

  • Den somatiske helsa til pasienten bør vere ein integrert del av behandlinga i BUP, men ansvar for somatisk oppfølging kan overførast til fastlege dersom det er behov for det. I slike tilfelle må ansvar vere avklart med fastlege ved start av behandlinga.
  • Ved behov for vurdering av spesifikke somatiske tilstandar eller følgetilstandar må BUP samarbeide med barneavdeling om somatisk avklaring.
  • Medikamentelle tiltak kan vere aktuelt ved komorbide tilstandar som depresjon og angst, men berre saman med andre psykososiale intervensjonar.

Tiltaka ska bli evaluert løypande i samtaler med barnet/ungdommen og føresette. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at rette tenester følger opp. Det skal også bli gjort faste evalueringar i behandlingsforløpa for å vurdere effekt av tiltaka og behov for endring av behandlingsplanen. Ved spiseforstyrringar skal ein ha evalueringspunkt etter fire veker og deretter kvar sjette veke. Det kan bli brukt standardiserte verktøy for måling av symptom i samband med evalueringspunkta. 

Ved manglande betring eller forverring av symptom må ein vurdere om ein skal intensivere eller endre det polikliniske behandlingstilbodet. Aktuelle tiltak kan vere hyppigare avtaler, endring av behandlingsmetode eller innlegging ved sengepost. Innlegging ved sengepost kan vere aktuelt ved

  • stort vekttap på kort tid eller alvorleg undervekt (barn < 2,5 percentil),
  • ustabile somatiske parameter,
  • høg risiko for suicidalitet eller alvorleg sjølvskading,
  • høg frekvens av overspising eller oppkast,
  • samanbrot i omsorgssituasjonen der familien ikkje maktar å ivareta barnet eller ta ansvar for å sikre matinntak, eller
  • lang geografisk avstand.

Samarbeid med andre tenester

BUP skal bidra til at barn og unge får mest mogleg samanhengande og heilskapleg hjelp på tvers av ulike tenester. For å sikre god effekt av behandling og tiltak i BUP, er det viktig at dei ulike tenestene har felles forståing av utfordringane til barnet/ungdommen, og at tiltaka er integrert i kvardagen til barnet/ungdommen. BUP må derfor samarbeide tett med dei tenester som er involvert rundt barnet/ungdommen og familien.

Dei mest sentrale samarbeidspartnarane ved spiseforstyrringar er helsesjukepleiar, skulen og fastlege. Den somatiske helsa til pasienten bør vere ein integrert del av behandlinga i BUP, men ansvar for somatisk oppfølging kan overførast til fastlege dersom det er behov for det. I slike tilfelle må ansvar vere avklart med fastlege ved start av behandling. Helsesjukepleiar kan vere eit bindeledd mellom BUP og skulen, og det er tilrådd med hyppig kontakt med helsesjukepleiar for utveksling av informasjon. Skulen må få informasjon dersom behandlingstiltaka får konsekvensar for skulekvardagen eller fører til fråvær. Dersom spisevanskane går utover utbytte av opplæringa, må ein drøfte med skulen om det er behov for å involvere PPT.

Ved fleire involverte instansar er det viktig å lage ein felles plan for oppfølginga. BUP bør invitere til eller delta på samarbeidsmøte og ansvarsgruppemøte rundt barnet/ungdommen. Målet er å sikre heilskaplege tenester gjennom jamleg informasjonsutveksling og oppdatering. Fastlegen bør bli invitert til å delta på samarbeidsmøte, eventuelt digitalt på første del av møtet. Barn og ungdom som har behov for langvarige og koordinerte tenester, har rett på individuell plan (IP) og koordinator. Ved behov for individuell plan må BUP gi beskjed til koordinerande eining om at pasient treng dette. ​

Informasjon/tilvising til andre tenester

BUP må sikre at relevant informasjon blir formidla til aktuelle samarbeidsinstansar etter samtykke frå føresette eller ungdom. Tilvisar skal bli halde orientert om vurderingar og plan for behandling undervegs i behandlinga.

Før ein avsluttar saka i BUP, må ein avklare behov for vidare oppfølging i kommunen. Mange ungdommar har behov for oppfølgingssamtaler hos helsesjukepleiar i ein overgangsperiode. Det er ønskeleg med eit overføringsmøte med den instansen som skal følge ungdommen vidare. BUP må sikre at relevant informasjon er formidla til aktuelle samarbeidsinstansar i kommunen.

Ved avslutning i BUP skal epikrise bli sendt til fastlege/tilvisar med tydeleg beskriving av behova til barnet/ungdommen/familien. I epikrise bør ein beskrive forhold som kan vere uavklarte. Ein kan òg gi informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utvikling av andre psykiske lidingar eller behov for ei ny diagnostisk vurdering. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat bli lagt ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Barn og unge har rett til å medverke

FNs barnekonvensjon sikrar barn og unge grunnleggande rettar i møtet med tenesteapparatet.
Om samtalar med barn og unge
Ung jente sitter omringet av fire kvinner på et svaberg med havet i bakgrunnen. Foto

Tilbodet i din kommune

Les meir om det helsetilbodet til barn og unge. Vel din kommune.
Les meir om helsetilbodet
Kart over samarbeidskommunene i Helse Bergen sitt opptaksområde. Grafikk
Sist oppdatert 26.08.2023