Akutt behandling i trykkammer - utanom dykkarulykker
Her finn du informasjon akutt hyperbar oksygenbehandling (HBO) av karbonmonoksid (CO)- forgifting, Nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, Store knusingsskadar, Brannskadar og elektriske skadar, Transplantater/lapper med sviktande sirkulasjon, Ekstremt blodtap, Intrakranielle abscessar, Arteriell gassemboli, Akutt idiopatisk nevrogent høyretap og akutt okklusjon av arteria retinalis sentralis.
![Eksteriør flermanns trykkammer. Foto](/4aa6f1/contentassets/cb3c491da543499d94a01f12d75911ac/total_eksterior_storesoster.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen - 113. Trykkammera ligg i kjelleren på Konrad Birkhaugs hus ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS).
Førebuing
Ved førespurnad om HBO-behandling av intensivpasient frå anna sjukehus, må dykkarlege konferere med vakthavande intensivlege for vurdering av kapasitet på Intensivavsnittet. Det må gjerast avtale om at pasienten vert motteken ved ei moderavdeling på HUS.
Viss det er tid, vil det vere ein fordel å få tatt eit lungerøntgenbilde, samt å vurdere pasientens evne til å utjamne trykket til mellomøyr.
Indikasjon må vurderast i samråd med behandlande lege og ein må og vurdere om det føreligg kontraindikasjonar. Pneumothorax må drenerast. Baklofenpumpe, ventrikuloperitoneal shunt etc. må ein klarere med produsent.