Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Hyperbarmedisin, seksjon for

Seksjon for hyperbarmedisin har landsfunksjon for planlagt hyperbar oksygenbehandling (HBO), og vi tar i mot pasientar frå heile landet. Planlagt behandling får føre seg i seks einmannskammer. Seksjonen har også fleirregionalt ansvar for Helse Vest og Helse Midt-Noreg for akutt trykkammerbehandling. Akuttbehandlinga skjer i fleirmannstrykkammer på sjukehuset.

VED MEDISINSKE PROBLEM ETTER DYKKING, KONTAKT 113 og be om å få snakke med nærmaste vakthavande dykkarlege, også ved ikkje livstruande symptom eller bare bekymring etter dykk ønskjer vi å bli kontakta på same nummer (113). Du blokkerar ikkje «meir akutte» telefonar.

Vi behandlar pasientar frå Helse Vest og Helse Midt. Døgnkontinuerleg beredskap for trykkammerbehandling er elles å finne i Oslo og Tromsø.

Ved dykkarelaterte spørsmål som ikkje hastar, ring oss måndag-fredag mellom kl. 08.00-16.00 på telefon 55 97 38 75.

Spørsmål om ein er helsemessig skikka til å dykke, kan rettast til Undervannsbåt / Dykkerlegen si avdeling på Haakonsvern på telefon 55 50 21 59 / 60

Akutt hyperbar oksygenbehandling (ØH HBO)

Vi tilbyr akutt behandling i trykkammer også utanom dykkarulykker. Dette kan mellom anna vere aktuelt ved karbonmonoksidforgifting, nekrotiserande mjukvevsinfeksjon, store knusingsskadar og brannskadar og elektriske skadar.
 
Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen - ring 113
 

Planlagt hyperbar oksygenbehandling (HBO)

HBO blir gitt som ei seriebehandling fem dagar per veke, måndag til fredag. Kvar behandling tar om lag to timar. Lengda på behandlingsperioda varierer frå to til fire eller seks veker. Det er pasientens tilstand som avgjer kor lenge behandlinga varer.

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

55 97 38 75
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Dykkerelaterte spørsmål som ikkje hastar

55 97 38 75
  • Måndag 08:00 - 16:00
  • Tysdag 08:00 - 16:00
  • Onsdag 08:00 - 16:00
  • Torsdag 08:00 - 16:00
  • Fredag 08:00 - 16:00
  • Laurdag STENGT
  • Søndag STENGT

Ved dykkarulykke - kontakt oss via AMK-sentralen telefon

113

Hastekontakt med dykkarlege

113

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Vi held til i Konrad Birkhaugs hus, sør for Sentralblokka på haukelandsområdet. Trykkammeranlegget ligg i sørenda av bygget, og det står «Trykkammer» på skiltet over inngangsdøra. Det er også mogleg å gå via undergongar frå pasienthotellet til trykkammeret.

Livskvalitet og hyperbar behandling

5-15 prosent av pasientar som får strålebehandling for kreft i bekkenområdet får stråleskade med plagsame symptom som auka trong til å late vatnet/avføringstrong, lekkasje, diaré og smerter. Ein studie vil no finne ut korleis livskvaliteten er hos kreftoverlevarar med seinfølger etter stråling i bekkenområet, og korleis dette utviklar seg under og etter hyperbar behandling.
Les meir om studien
Pasient får oksygenbehandling i trykkammer. Foto

Nasjonal behandlingsteneste for elektiv hyperbar oksygenbehandling

Vi har landsfunksjon for planlagd (elektiv) hyperbar oksygenbehandling (HBO). Planlagd behandling går føre seg i seks einmannskammer på Haukeland universitetssjukehus, og vi tar imot pasientar frå heile landet.
Les meir om behandlingstenesta
Pasient til behandling i trykkammer og sykepleier. Foto

Øyeblikkeleg hjelp - hyperbar oksygenbehandling

Vakthavande dykkarlege har medisinsk ansvar for trykkammerbehandlinga og kontaktast via AMK Bergen - 113. Trykkammera ligg i kjelleren på Konrad Birkhaugs hus ved Haukeland Universitetssjukehus (HUS).
Les meir om øyeblikkeleg hjelp
Eksteriør trykkammer akuttbehandling