Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
Foto: Fiskevær

Yrkesmedisinsk avdeling

Yrkesmedisinsk avdeling byr på eit breitt tenestetilbod innan arbeidsmedisin, allergiutgreiing, dykkemedisin og maritim medisin, og har aktive forskingsmiljø innan alle våre fagområder.

Yrkesmedisinsk avdeling har fire fagseksjonar og tilbyr rådgjeving, kurs og pasientutgreiing innan arbeidsmedisin, allergiutgreiing, dykkemedisin og maritim medisin. 

Avdelinga har nasjonale behandlingstenester for arbeidsmedisinsk utgreiing av yrkesdykkarar, elektiv hyperbar oksygenbehandling (trykkammer) og spesifikk bronkial provokasjon ved yrkesrelatert astma. Vi driftar dessutan den telemedisinske legevakta for sjøfolk (Radio Medico), leier fagnemnda for helsesaker i Sjøfartsdirektoratet og tilbyr obligatoriske kurs for leger som skal søke godkjenning som sjømannslege, petroleumlege og dykkelege i Noreg. Vi har aktive forskingsmiljø innan alle våre fagområde. 

Avdelinga vert leia av konstituert avdelingsdirektør Alf Henrik Andreassen.

Kontakt

Telefon

Ekspedisjon

55 97 38 75
Telefontid måndag-fredag kl. 08.00-15.30

Radio Medico

51 68 36 01
Vakttelefon - medisinsk assistanse til sjøfolk

Hastekontakt med dykkarlege

113

Ved dykkarulykke - ring

113

Slik finn du fram

Oppmøtestad

Yrkesmedisinsk avdeling er lokalisert i Årstadhuset, bygget der Kvinneklinikken tidligere var lokalisert

Årstadhuset ligg sentralt plassert på sjukehusområdet på Haukeland, like ved Årstad kirke i Jonas Lies vei, og vis-a-vis Augebygget. 

Trappefri tilkomst til bygget

Nasjonale tenestetilbod

    Vårt maritimmedisinske kurstilbod

    Vi tilbyr kurs i maritim medisin og dykkemedisin for sjømannsleger, dykkeleger og petroleumsleger. Besøk vår kursside.
    Vårt maritimmedisinske kurstilbod
    Industrihavn med heisekranser og skipsverft. Foto