Om sjukehuset
Voss sjukehus er eit lokalsjukehus med akuttfunksjon for om lag 30.000 innbyggjarar i kommunane Kvam, Ulvik, Eidfjord, Voss og Vaksdal. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar i indre Sogn samt frå resten av landet.
![rundt vindu inn til operasjonsrom.foto](/4aa71f/contentassets/07fad8513f6447d9be5efdad6b6df76d/voss-sjukehus-05-1280x400.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Noverande Voss sjukehus vart bygd i 1963 og var fylkeskommunalt fram til 2002. Sidan Helseforetaksreformen i 2002 har Voss sjukehus vore ein del av Helse Bergen HF.
Sjukehuset vert leia av Direktør Birger N. Lærum og assisterande direktør Gunn Iren Hovda Engvold.
Voss er eit sjukehus i vekst. Det er både eit lokalsjukehus med akuttfunksjon, og ein viktig del av Haukeland universitetssjukehus sitt totaltilbod.
Har du ambisjonar og lyst til å være med i teamet som byggjer helsetenester for framtida? Då treng vi deg!
![fem personer i sykehusuniformer](/4a7895/contentassets/07fad8513f6447d9be5efdad6b6df76d/voss_sjukehus_fodeavdelinga_ansatte_2.jpg?format=webp&width=900&height=600&quality=80)
Sist oppdatert 11.11.2024